Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Tyskland 1919-1939

Tyskland 1919-1939

Beskrivar om fylgjane 1. verdskrig hadde for Tyskland, og kva som til slutt gjorde at dei på nytt reiste seg.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
04.03.2010


Tysland hadde etter tapet av fyrste verdskrig vore eit bittert land. Dei trengte ein redning! Kvar skulle denne redningsmannen koma frå, og kva var hans plan? Og kva fekk det å seie for resten av verda? Vel, franskmannen Ferdinand Foch fekk veldig rett. Det var ingen fred, men ei våpenkvile på 20 år-

 

Tyskland fekk i juli 1919 mottatt ein avtale om fred, Versaillestraktaten. Etter å ha kjempa bitter krig på begge sider av landet hadde dei nemleg litt tidlegare måtte gje opp fyrste verdskrig. Sigerherrane hadde laga ein “fredsavtale” som i hovudsak gjekk ut på å straffa Tyskland. Dei måtte gje frå seg Alsace og Lorraine til Frankrike, og store område til både Polen og Danmark. I tillegg vart Austerrike-Ungarn splitta opp i fleire mindre riker. Noko av det verste var “Den Polske Korridoren”, som var eit område som Tyskland måtte gje til Polen som splitta opp to deler av Tyskland i aust.

 

Dei hadde ikkje noko anna valg enn å skriva under. Dei hadde rett og slett ikkje ressursar til å fortsetja krigen.


 

I tillegg fekk dei sotre lån til andre land. For å klara å betala desse låna begynte dei difor å trykkja opp meir penger. Dette førte til at verdien sank. I 1923 var lønningar nesten ikkje noko verd. Berre frå Oktober 1923 til 15. November 1923 gjekk ein dollar i tyske mark frå 25.260.208.000 til 4.200.000.000.000. Ein visste difor ikkje om ein lønning ville gje ein nok mat til berre ein dag eller ei veke. Folk vart difor meir og meir misnøgde, spesielt fordi fleire og fleire vart arbeidslause. Misnøya gjekk sjølvsagt direkte til den demokratisk valde regjeringa, sidan dei ikkje klarte å ordna opp.

 

I 1921 vart Adolf Hitler leiar for det Nasjonalsosialistiske parti, og kalla Nazipartiet. Han hadde under fyrste verdskrig fått tittelen Korporal for sin innsats, so han var eit nesten naturleg valg. Nazipartiet meinte at dei sterkaste må kjempa for å ovarleva, og dersom dei ikkje gjer det vill dei gå under. Dei delte og verda opp i raser, kvar den nordeuropeiske, eller den ariske rasen, var den fremste av jordas befolkning. Derfor var det og viktig med raseghygiene, det vil seie at det var forbudt for tyskarar å gifta seg med til dømes ein muslim.Jødane var dei som var nedst på rangstiga, og dei la heile skulda for tapet av fyrste verdskrig på dei. Dei avskydde dei rett og slett. Dette vert kalla antisemmittisme. Mykje av grunnlaget til rasehygiena kom frå Charles Darwin sin teori om evolusjon. Riktignok ein misforstått versjon.

 

I 1923 møtte Hitler og Nazipartiet sin eigen private hær, Sturm-Abteilung, som vart kalla brunskjortene grunna uniformen deira, i München. Dei marsjerte gjennom gatane og skulle prøva å ta makta i Bayern. Kuppet vart ein fiasko, og kuppmakarane vart stoppa av politiet, og Hitler vart sendt i fengsel. På grunn av rettsaka fekk han riktignok spreitt tankane sine, og fekk fleire tilhengjarar. Han vart dømd til fire års fengsel, men sona berre 6 månader. Under fengselsopphaldet skreiv han boka “Mein Kamp”. Ingen brydde seg noko særleg om ho i begynninga, men etterkvart vart den den nest mestselgande boka, berre slått av Bibelen.

 

Når han kom ut av fengselet i 1924 hadde han ein ny taktikk i hovudet. Han skulle ta makta på lovleg vis. Dette gjorde han ved å terrorisera andre parti, og gjorde difor ein svært vellukka valkamp, og Nazipartiet vart dermed det største partiet på Riksdagen i 1932. Hitler vart difor utnemnd til Rikskanslar, det tyske ordet for statsminister, den 30. Januar 1933. Hitler trudde han kunne få endå fleire stemmer, og arrangerte difor eit nytt val. Då Rikdagsbygningen vart påtend fekk han ein gylden sjanse. Han påsto nemleg at det var kommunistar som sto bak brannen. Difor vart Kommunistpartiet forbode og dei politiske leiarane fengsla. Ved valet fekk dermed Nazipartiet 44% av stemmane.

 

Riksdagsmedlemmane vart truga til å stemma på ei lov som gav Hitler uavgrensa makt i fire år. Det fyrste Hitler gjorde var å forby alle ander parti.

 

Under det Nazistiske regimet vart mange ting forandra på. Jødane og sigøynarar vart forfulgte. Ein stor grunn til at jødane vart forfulgte var fordi dei ikkje hadde akseptert Jesus som Gud sin son, men allikevel hevda at dei var Gud sitt utvalde folk.

 

Dei innførte og sensur, som gjer at dei ovarvåkar alle massemedia, og arresterar dei som seier noko negativt om Nazismen. Propaganda var og mykje brukt. ALT som vart publisert var gjennomsyra av nazistiske bodskap. Eit nytt hemmeleg politi, Gestapo, vart oppretta. Dei kunne arrestera menneske dersom dei fatta mistanek om at dei var motstandarar av nazismen eller Hitler.

 

I 1935 vart Nürnberglovane innførte. Dette forbaud ekteskap mellom jødar og ariarar og fjerna i tillegg mange av rettane til jødane. Folket følte no at dei fritt kunne trakassera dei, og dei vartv rekna som annanrangs borgarar.

 

For å skapa nye nazistar blant dei unge, oppretta dei ein ungdomsorganisasjon med namn Hitlerjugend. Gutar mellom 13 og 8 år vart tvungen til å vera med i organisasjonen, kvar dei fekk fysisk trening og gjekk med uniformar. Jenter måtte vera med i ein liknande organisasjon, Jungmädel. Poenget med desse organisasjonane var å oppretta disiplin og å gjera dei lojale ovanfor ALT Hitler gjorde og meinte. Dei var spesielt opptatte av å få dei til å hata jøder, og ga dei difor skulda for blant anna tapet av den fyrste verdskrigen.

 

Etterkvart begynte Hitler å bryta Versaillestraktaten. Der sto den blant anna at Tyskaland ikkje hadde lov til å ha meir enn 100.000 soldatar. Frå 1933 til 1935 auka talet på soldatar i hæren frå 100.000 til 300.000, men det var framleis ein liten hær for eit so stort land. Det verste skjedde riktignok 16. Mars 1935, når Hitler innførte allmenn verneplikt. I tillegg skaffa han Tyskland moderne bombefly og tanks. Samstundes forsikra han politikarane i Sortbritannia og Frankrike om at han berre hadde fredelege føremål. Difor vart ikkje Tyskland straffa.

 

Nazistane ville samla alle tyskarar under eit rike, og rekna tyskarar for dei som hadde tysk som morsmål. Hitler ville difor gjere heimlandet sitt, Austerrike, til ein del av det tyske riket. I 1938 truga han dei austerriske politikarane med militærmakt dersom dei ikkje ville la ein nazist bli leiar av regjeringa den 11. Mars. Tyske troppar marsjerte dagen etter inn i Austerrike utan å møta motstand. Austerrike var no ein del av Tyskland.

 

Hitler konsentrerte seg so om Sudet-området i Tsjekkoslovakia. Men regjeringa i Tsjekkoslovakia ville ikkje gi frå seg det området, og dei hadde ein krigsgaranti frå Frankrike og Storbritannia. I 1938 samla Hitler tyske troppar langs grensa til Tsjekkoslovakia og mange frykta no at det ville bryta ut ein storkrig.

 

Etter eit møte med statsministaren i Storbritannia, Neville Chamberlain, hadde han skreve under eit papir om at Tyskland skulle få Sudetområdet dersom dei lova at dei ikkje skulle gjera krav på fleire landområder. Korkje regjeringa i Tsjekkoslovakia eller folket vart spurde. Mange britar jubla ovar at no var det endeleg fred, men når Hitler i våren 1939 erobra Tsjekkoslovakia skjønte dei fleste at Hitler sitt mål ikkje berre var å samla alle tyskarar i eit rike, men å erobra heile verda. Folk forsto no at ein ny storkrig ikkje var til å unngå.

 

23. August 1939 fekk folk seg eit nytt sjokk, då det vart kjend at Sovjetunionen og Tyskland hadde vore samde om ein ikkjeangrepsavtale. Ingen trudde at noko sånt kunne skje, sidan Kommunismen og Nazismen var stikk motsatt og såg på kvarandre som bitre fiendar. Grunnen var at Stalin var mistenksam på vestmaktene, sidan mange i Europa var like redde for kommunismen som nazismen. I tillegg hadde Hitler lova at Sovjetunionen skulle få kontroll ovar store område i Aust-Europa. Hitler hadde tenkt til å gå til krig mot Sovjet etterkvart, men ville unngå å kjempa mot to fronter.

 

Frankrike og Storbritannia forsto etterkvart og at Hitler sitt neste mål ville vera Polen. Dei ville endeleg stoppa han, og ga difor Polen ein garanti. Hitler lot seg ikkje stoppa av dette, og gjekk 1. September 1939 til åttak mot Polen, og to dagar seinare erklærte Frankrike og Storbritannia krig mot Tyskland, og Den Andre Verdskrigen var eit faktum.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil