Astronauten er på veg til Mars i verdsrommet
Ingen galaksar er tomme
Stjernene suser forbi raketten
Han ser ut vindauget mens han drikker opp kaffiskvetten
Den nydelege utsikten han har over jorda nå
Skal alltid i minnet hans stå
Meteorar flyg rundt
Det verkar så friskt og sunt
Rommet er eit stort kunstverk
Det er ikkje noko herk
Mjølkevegen er så fin
Han skulle ønske det var han sin
Han vil ikkje reise tilbake
Det er berre ein hake
Han har ikkje mat til å bu i rommet
Kjøleskapa ville berre bli tomme
Han ser stjerneskot i alle retningar
Og bablar mange rare setningar
Han er heilt forbausa
Han tar aldri nokon pausar
Han må sjå ut på stjernene
Det er ikkje det same som å sjå på endene
Følelsen han får av rommets verk
Er veldig sterk
***
På Mars har ein astronaut landa
Han ser ned på jorda og ser ein panda
Astronauten sitt på Mars med sin hund
Og ser på at jorda er stor og rund
Han går seg ein tur
Der etter tar han seg ein lur
Då han vaknar
Av at senga knakar
Ser han ein uvanleg skapning
Det liknar ein raring
Astronauten ser ned på jordkloden
Han skulle ønske han kunne gøyme seg i boden
Som var inne i huset hans på jorda
Han ville heller vere der med Tora