Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Eg, ein patriot?

Eg, ein patriot?

Nynorsk innlevering, kåseri..

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
22.02.2010


Eg veit ikkje kvifor, men eg har aldri vore noko serlig patriotisk. Eg feirar ikke 17.mai med flagg og kransekake (sjølv om kransekake er himla godt), eg forstår ikkje meininga med påske (bortsett frå påskegodtet sjølvsagt) og det viktigste av alt ; eg går ikkje med bunad. Kvar gong eg ser ein bunad, hoppar det opp ein Freia-melkesjokolade-reklame i hovudet mitt; eit bilete av ei budeie på ei eng omringa av kvite og brune kyr som beitar. Ho held sjølvsagt eit melkespann i begge henda, og ho ser alt for glad ut til at eg skal tru det er virkeleg.

 

Min teori : bunadar er noko staten fant opp for at alle skal vere like, og at alle skal vere patriotiske og elske vårt fedreland. Vel, Stoltenberg; eg går ikkje på det.

 

Når det kjem til 17.mai er eg ikkje overlykkeleg. Eg hoppar ikkje rundt med flagg eller seier «gratulerer med dagen» til folk eg ikkje kjennar. Eg seier det ikkje til dei eg kjennar heller, for å seie det sånn. Eg hugsar heller aldri korleis det norske flagget ser ut, om det er rødt inni, blått utpå og kvitt mellom, eller om det er kvitt inni, rødt utpå og blått mellom. Vel, eg teknar jo ikkje det norske flagget så mykje heller. Eg brukar 17.mai som ei unnskyldning til å spise kake, kle meg fint, og danse i gågata, men eg må vere helt ærlig å si at eg ikkje eingong veit kvifor vi feirar 17.mai. «Kven har bursdag?», spør eg, og eg døyr litt inni meg når dei ropar «Noreg!» tilbake. Mitt spurnad til deg er derfor : Kvifor går ikkje folk i tog på min bursdag?


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil