Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > To dråper blod

To dråper blod

Magnus blir mobba, og bestemmer seg for å ta hevn.

Skrevet i 10. klasse.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
11.01.2010


Det er ein vanleg skuledag. Elevane på Kommen ungdomsskule står i skulegarden og ventar på at det snart skal ringe inn til fyrste time. Dei står i flokkar og snakkar og ler. Men ein gut har det ikkje så arti. Det er Petter, skulens mobbeoffer. Nokon gutar har allereie grepe fatt i han og starta dytte han i mellom seg. Ingen legg merke til denne mobbinga lengre. Alle er blitt vand med det og lærarane bryr seg ikkje. Den einaste som ikkje mobbar han er ei jente med namnet Siri. Ho er snill mot Magnus, men venane hennar er nokon av dei som mobbar han verst.

 

Der ringar det inn. Alle går roleg inn i gangane og vidare inn i klasseromma. Petter er den einaste igjen ute i skulegarden. Der er det heilt stille. Han sit på bakken og blør naseblod. Det gjør han alltid når han blir aggressiv. Det berre byrjar å renne med ein gong nokon tirrar han. Dette er ein av tinga dei mobbar han for. Når sant skal seies har alle mobba han så lenge at dei veit ikkje lengre kva dei mobbar han for. Han er så lei av denne mobbinga og desse vemmelege folka. Medan han sit der og ventar på at blodet skal slute å renne blir han hemnhauga. Han vil ha hemn.


 

Ti år er gått.

 

Lise er på jobb aleine. Ho jobbar i ein restaurant og i dag er det måndag kveld, og det er ho som skal stenge restauranten.

 

Det er seint på kvelden og ho er der aleine. Ho er nesten ferdig da ho høyrer ein lyd inne frå kjøkenet. Ho går for å sjå, men kan ikkje sjå nokon der inne. Ho går lengre inn i det store rommet som er fult av kasserollar og lokk og andre kjøkenreiskapar. Lyset er skrudd av, men fullmånen lyser opp så ho kan sjå kor ho går. Da høyrer Lise ein lyd bak hennar ein stad. Ein kasserolle dett i golvet og lager utroleg mykje bråk. Ho høyrer fotsteg og blir ståande heilt stille for å ikkje bli oppdaga. Ho veit at om det er nokon der inne er det ikkje nokon som ho kjennar for da ville han ikkje sneke seg rundt på den måten.

 

Ho høyrar nokon bak seg og snur fort rundt. Men der er det ingen. Ein kasserolle dett ned frå ein benk og trillar bortover golvet. Lise er no midt inne i det store kjøkenet. Ho veit ikkje om ho skal gå ut eller om ho skal prøve å finne ut kven som er der inne. Ho treng ikkje tenke lenge på det. Ho snur seg rundt, men der står det nokon. Ein høg mann med maske oveer andletet. Han holder ein kjøkenkniv i handa og tar eit godt tak om strupen til Lise.

 

Hun gisper i det hun ser han begynner å blø naseblod.

 

Det er det siste ho rekk å gjere før strupen blir kuttet over og liket lagt i fryserommet kor kokken finn ho neste morgon.

 

Politiet blir satt på saken, men mordaren har ikkje etterlati seg nokon spor. Marianne og Siri står og gret. Dei var Lises beste venar og har vore hennar beste venar sida vidaregåande. Magnus, Siris kjæraste kjem også bort til jentene og trøstar dei. Dagane går utan at sorga blir noko mindre.

 

Søndag etter drapet, drar Marianne heim frå byen aleine. Ho er trøtt og vil ta seg ein god, varm dusj også krype til køys. Medan ho står i dusjen høyrar ho det går i ytterdøra. Marianne skrur av vatnet tar et handkle om seg og går ut av dusjen. Ho går inn i stua, men kan ikkje sjå nokon der. Ikkje i soveværelaset heller. Da høyrar ho noko frå kjøkenet. Det høyres ut som det er nokon der.

 

”Kva om det er mordaren som drap Lise. Kva skall eg gjera?” tenkjer Marianne.

 

Ho ser seg febrilsk rundt etter noko ho kan forsvare seg med viss det er han. Det beste ho kan finne er ein lommelykt. Væpna med denne lommelykta går ho sakte mot kjøkenet. På golvet set ho i frå seg små våte fotavtrykk og det drypp vatn frå håret hennar.

 

Da høyrar ho plutseleg ein skapdør på kjøkenet bli opna. Ho smyg seg nærmare og nærmare. Ho er like utanfor kjøkeninngangen no og kan høyre det er nokon der inne som romsterer rundt i skapa hennar. Ho har skrudd av lyset før ho gjekk i dusjen, så alt ho såg i mørket var ein høy skapnad. Like før ho skal til å slå vedkommande i hovud med lommelykta, snur han seg rundt og ho ser det er Magnus.

 

”Eg skulle berre låne litt sukker av deg. Eg trudde du hadde lagt deg, så eg ville ikkje vekke deg,” sa han.

 

Marianne står framleis med lommelykta i handa og skjelver. Ho var så nervøs og kan ikkje tru at Magnus kan vere så roleg. Ho la merke til at han såg på lommelykta.

 

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil