Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Alle menneskers skrekk

Alle menneskers skrekk

Det er ei kort novelle, der ein mann med flyskrekk fortel om den verste flyturen i sitt liv.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
12.11.2009
Tema


Eg kjente at det begynte å spreie seg panikk gjennom kroppen. Eg såg ut av vindauget, og såg bare kvitt og grått, men kunne skimte nokon mørke skyer under oss. Det var ganske ironisk, fordi det var akkurat som om livet mitt passerte framfor augo mine i revy, sjølv om eg alltid har overbevist meg sjølv om at det aldri skjer. Sveitten rant nedover ryggen, og eg kunne kjenne at eg sveitta heilt ned til tærne. Eg var kvalmen, og hovudet mitt verka. Det var ennå ei stund til me skulle landa, og eg visste ikkje kor lenge eg kom til å holda ut.

 

I løpet av det neste minuttet blei det sendt beskjeder frå piloten gjennom høgtalarane om at ingen måtte få panikk. Det var kanskje litt seint og seia det nå. Eg såg rundt meg, og såg at det ikkje bare var eg som var uroleg. Det var heilt forferdeleg, og det var akkurat som om eg var i ein annan verd. Eg skrudde på iPoden, men eg fekk fort beskjed frå ei flyvertinne at eg måtte skru den av igjen. Flyvertinna hadde tydelige problem med å holde balansen, men prøvde å skjule det så godt ho kunne. Ho kom seg fort tilbake på plass igjen, for og sei det sånn.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil