Blodet hadde bobla. Eg hadde vore riktig så overraska. Sveitten hadde runne. Sakte. Silande. Nedover. Nedover ryggen. Slik hadde det føltes å få sms’en den dagen. Eg tok ein titt på meldinga nok ein gong:
”Hei, Markus!
Møt meg på plassen framfor skulen
klokka eitt laurdag føremiddag.
Kyss og klem!
Din Mina”
Mina var ei vanvettig pen jente. Penast av dei alle! Nei, ikkje berre skulens finaste! Den finaste jenta i heile verda. Var det verkeleg sant? Det at ho no kunne bli min? Eg hadde klypt meg i armen. Jo, det var verkeleg sant! Ho skulle bli min! Ja, berre min! Det hadde ikkje gått opp for meg riktig enno.
Vi hadde kjent kvarandre sia barneskulen, men hadde liksom aldri funne tonen saman. Men no såg det ut til å lysne! Eg hadde blitt sitjande å tenkje. Sitje og fundere på korleis det ville vere å kysse henne. Smake på dei mjuke leppene hennar. Klemme henne saman. Tett inntil mi eiga kropp. Kjenne den søte lukta av halsen hennar. Og til sist ville eg gitt henne eit saftig kyss på det venstre kinnet. Korfor nett det venstre? Jo, fordi venstre er hjartets side. For meg betydde eit kyss på venstre kinn evig kjærleik. Det var eit teikn på eit bunde forhold mellom ei jente og ein gut. Hjartet er eit symbol for kjærleik.