Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Fuglane" av Tarjei Vesaas

"Fuglane" av Tarjei Vesaas

Analyse av "Fuglane" av Tarjei Vesaas.

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
10.06.2009
Tema
Fuglane


Romanen «Fuglane» er skrive av den norske forfattaren Tarjei Vesaas. Tarjei Vesaas er ein kjend forfattar. Han har skrive mange romanar som fått fleire prisar. «Fuglane» er gitt ut i 1957 og gjorde ein stor suksess. Då eg las tittelen på boka tenkte eg på endringar og at nye tider ville komme. Eg tenkte at tittelen passa bra til personen Mattis. Mattis var ein person som hadde gode tider nokon gonger, men for det meste hadde han det dårleg. Eg tenkjar på rugda som ein fugl som har gode tider med mye mat, men det meste av tida brukar den på å finne maten. Eg trur Mattis brukar det meste av tida si til å finne ut kven han er.

 

Eg trur at denne romanen er ein liten del av Tarjei Vesaas sitt eige liv. Då folk spurde han om kven Tusten var, svarte han at det var han sjølv. Eg trur at Mattis sitt liv og han sin måte å oppfatte samfunnet rundt seg på, er i stor grad lik som Vesaas sin. Vesaas var ein stille, men klok mann.

 

Eg tenkjer på Mattis som ein naiv mann, litt barnsleg og mentalt tilbakeståande. Mattis sitt hovud er fullt av tankar om korleis det perfekte liv skal vere og at han ein gong skal klare å leve i bygda han bur i, utan at folk skal baktala han. Eg trur eigentleg at Mattis er ein poet. Han kjem stadig opp med nye ord og setningar som berre han forstår. Hege, systera til Mattis, forstår han heller ikkje. I bygda han lever i blir han omtalt som Tusten. Folk tenkjer på han som eit lite barn som ikkje er flink til å arbeide. Mattis blir sett på som udugeleg. Eg trur at Mattis føler seg veldig åleine og då rugda kjem inn i livet hans har han ei erstatning for dei vennene han aldri fekk. Kvar dag er ein kamp for å passe inn i samfunnet han lever i. Mattis er livredd for lyn. Kvar gong det kjem torever spring han inn på toalettet og gøymer seg.


 

Mattis er veldig glad i systera si og ho tek vare på han kvar dag. Men då han høyrer at ho græt om nettene finn han fort ut at han er ein byrde for henne. Hege er 40 år og er Mattis sin storesyster. Det er Hege som forsørgjar familien og ho er veldig viktig for Mattis. Ho føler seg einsam og tenkjer at ho ikkje er til noko nytte, men Mattis prøver å trøyste henne, sjølv om det ikkje går. Hege er ei travel dame og strikkar heile dagen. Ho er skarp i følgje Mattis. Ho svarar som eit lyn og seier mye klokt. Mattis har stor respekt for Hege.

 

Jørgen er den siste viktige personen i forteljinga, meiner eg. Han er idealmannen og han er ein klok mann . Jørgen blir seinare fienden til Mattis, men Jørgen ser ikkje på Mattis som sin fiende. Jørgen prøver å vere snill mot Mattis og til og med gi han ein jobb. Jørgen og Hege blir glade i kvarandre og når Jørgen også har inntekt blir det lettare for dei. Mattis spør Hege om kven ho bryr seg mest om, og Hege svarar at det er Jørgen.

 

Fuglane handlar for det meste og livet til Mattis og Hege og korleis kvardagen deira er.

 

Mattis og Hege lever eit liv gøymt for resten av samfunnet og bygda dei bur i. Dei bur åleine med sjøen og skogen som nærmaste nabo. Dei to ospetrea som står utanfor den store, mektige, grøne skogen, trur eg er eit symbol på at Mattis og Hege lever for seg sjølv. Ospetrea lever også for seg sjølv, utanfor resten av skogen. Dei to ospetrea har fått namnet Mattis og Hege.

 

Mattis er 37 år og bur fortsett saman med systera si. Hege føler at ho ikkje har fått gjort noko med livet sitt som har ei meining. Dette forholdet mellom bror og syster tenkjar eg på som forholdet mellom mor og son. Hege passar på Mattis og gjer han mat, men Hege synest fortsett at ho ikkje har ei meining her i verda. Mattis er heilt avhengig av Hege og vil ikkje miste henne.

 

Ein varm sommardag får Mattis ein plan om korleis han skal ta vare på Hege og ikkje la henne flytte frå han. Mattis får seg jobb på ein gard som ugrasplukkar. Denne jobben klarer ikkje Mattis så veldig bra og som vanleg blir han sett på som udugeleg fordi han ikkje kan arbeide. Mattis fortel Hege om jobben han gjorde, men Hege er meir oppteken av strikkinga. Strikkinga til Hege er den einaste inntekta dei har som held dei i live.

 

Etter fleire dagar fylt med dårlege minne ser Mattis eit rugdetrekk. Det flyg rett over huset hans. Dette rugdetrekket fylte livet til Mattis med meining. No trudde han at livet skulle snu, at han skulle få eit betre liv. Mattis er glad i rugda og det blir Mattis sin einaste venn. Ein dag møter han ein jeger som har skote rugda. Mattis blir heilt frå seg og klarar ikkje å seie eit einaste ord. Eg trur at rugda på ein måte er Mattis sitt liv. Eg blir mint på at livet til Mattis kjem til å ende som livet til rugda.

 

Då Hege til slutt talar med Mattis om arbeide han gjorde, foreslår ho at han burde starte arbeid som ferjemann. Det var vel noko til og med han Mattis kunne få til. Etter fleire lange dagar ute på innsjøen i håp om å få ein passasjer, kom plutseleg vendinga. Ute på ein holme møtte han to jenter. Dei hette Inger og Anna og Mattis blei redd ved tanken på at han skulle tale med jenter. Han hadde mange kloke og skarpe ord, men dei ville ikkje komme ut at munnen hans. Til slutt klarar Mattis å seie noko. Han fortel jentene at han heiter Per. Eg trur han gjorde det i tilfelle jentene ville kjenne han igjen som Tusten. Han ror jentene til lands ein plass kor alle i bygda kan sjå han, no er han stolt. Men på vegen heim kjem det torever som øydelegg det eine ospetreet. Mattis blir livredd og trur at han skal miste Hege. Mattis trur nemleg at alt som skjer er teikn på noko.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil