Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
- Olav H. Hauge -
Diktet ”Det er den draumen” er skrive av Olav H. Hauge og er henta frå diktsamlinga ”Dropar i austvind” som blei gjeve ut i 1966. Mange av Hauge sine dikt er prega av jordnære og konkrete motiv og bilete noko som fører til at ein får eit nærmare forhold med forteljaren og fleire menneskjer kjenner seg att og samanliknar seg med forteljaren i dikta.
Diktet handlar heilt konkret om ein draum som me ber på. Alle ber på ein draum. Ein draum som ein ynskjer skal bli sann. Ein draum som sprenger grensene, av di me trur på den. Diktet viser til håpet vi har til draumen vår.
Titelen ”Det er den draumen” står heilt konkret til handlinga i diktet. Den formidlar at diktet vil handle om ein draum. Det som er spesielt er at forfattaren vel å seie ”Det er den draumen”. Det at han låser seg fast til ein bestemt draum, gjer at ein byrjar å tenkje på kva draum han meiner. Kva spesiell draum er det?
Handlinga i diktet er konsentrert om augneblinken. Det er ikkje noko forteljing i den, for handlinga er ei skildring av ein draum. Personane i diktet er ”me”. Det at Hauge ikkje har skrive i førstepersonsforteljar, eg-stemme, men i staden brukt ”me”, gjer at ein byrjar å tenkje på om vi har ein felles draum og gjer at enda fleire personar kan føle seg inkludert. No har det ingen ting å seie om du er mann eller dame, gamal eller ung, for alle er med. Dette verkemiddelet synest eg er flott, av di alle har ein draum, ein draum som blir skildra på same måten som Hauge skildrar den.
Diktet er utan enderim og berre ei strofe med elleve verselinjer. Verselinjene er korte og består av fire –sju ord. Der finnast inga fullstendig setning, heile diktet er eigentleg ei periode, men den blir ikkje avslutta med punktum. Diktet er bygd opp slik at den fyrste verselinja er byrjinga på ei setning, og ein fullfører denne ved å setje på ei at-setning. Det at Hauge har brukt at-setningar gjer at ein stoppar opp og tenkjer over kva ein har lese. Han har heller ikkje brukt punktum, noko som gjev ei heilt spesiell effekt. Setninga blir ikkje avslutta og låst. Punktum gjer at ein stoppar opp, men kan og føre til at ein ikkje tenkjer vidare. Ein reknar med at setninga berre har ei tyding. Når diktet ikkje har punktum, er det eit heilt spesielt verkemiddel. Det gjer at lesaren stoppar og tenkjer, assosierer, og finn si eiga tyding i det han har lese. Forma på diktet kan òg ha ei tyding. Ser ein på dei to fyrste og dei to siste verselinjene kan dei vere to nes, og i mellom denne ligg vågen, som blir snakka om på slutten.
Det finnast ikkje noko fullrim eller enderim i dette diktet, men ein kan seie at ein har bokstavrim. Ordet ”At” går mykje igjen, og det same gjer ”skal opna seg”. Dette er nok ikkje tilfeldig. Ved å bruke ”at”, legg han til ei ny forklaring på draumen, og ved å bruka ”skal opna seg”, verkar det veldig bestemt. ”Skal” er jo eit ord som tyder at noko vil og må skje, hadde han bytta ut ordet, med for eksempel bør, ville ikkje det verka så overtydande. Det gjev oss eit lite håp.
Gjentakingane er ”at” og ”skal opna seg”. Når han brukar desse oppatt, blir det ei forsterking på at dette her kan hende. Håpet er der, og vi må ikkje gi opp. Nokon store kontrastar finnast ikkje, men likevel tenkjer eg at Hauge har vore flink til å få med ulike tydinga av draumen. Han har brukt ord som tidi, hjarta, dører, berget, kjeldor og vedunderleg til å beskrive korleis draumen vår skal bli sann. Dette skapar ei kontrast og gjer at fleire kan kjenne seg att.
Eit viktig verkemiddel som Hauge brukar er nynorsken sin. Eg tvilar på at det er mange frå Austlandet som klarar å forstå tidi og kjeldor. Språket er sjølvsagt ulikt på 1960-talet og no, men likevel er det viktig. Kanskje tenkte ikkje Hauge over dette, men han kan og ha gjort det bevisst. Denne nynorsken fører til at folk tenkjer over kva dei les, og at folk reflekterer over kva orda tyder.
I diktet har Hauge brukt veldig mange språklege bilete. Dei språklege bileta gjev teksta liv, og skapar ettertanke. Det fyrste er ”at tidi skal opna seg”. Fyrste gong eg las det forstod eg veldig lite, men etterkvart byrja eg å tenkje på at kanskje Hauge vil ha fram at vi skal få nye moglegheiter. Tida bringer med seg sorg og gleder. Dersom tida opnar seg for oss, vil vi få nye moglegheiter og nye utfordringar, og kanskje vil draumen vår òg opna seg.
Det at han skriv om hjarta og berget skal opna seg, er òg språklege bilete. Eit hjarta kan ikkje opne seg bokstaveleg-talt, men ein snakkar ofte om at eit hjarta er lukka. Visst eit hjarte er lukka for deg, er du utestengd frå livet til eit menneskje og det kan vere tungt for mange. Så når Hauge snakkar om at eit hjarta skal opna seg, tenkjer eg at ein får ein plass i hjartet til eit anna menneskje. Hauge skriv om at eit berg skal opne seg, tenkjer eg med ein gong på eventyr. Men når draumen vår er at eit berg skal opne seg, kan det bety at noko stort og mektig skal opne seg for noko lite som oss. Eit berg kan jo ikkje opne seg i det heile, og då skal kanskje denne metaforen meine at draumen vår kanskje er umogleg.
”At kjeldor skal springa” er eit uttrykk som får meg til å tenkje på Bibelen. I Gamle Testamentet kan ein lese om Moses som fekk det til å kome vatn ut av berget. Og vatn er ei form for kjelde. Ei kjelde er for meg ein plass der eg kan hente styrke. ”At kjeldor skal springe”, kan tyde så mangt, men det kan bety at kjeldene skal springe, og vi skal ha mange plassar og hente styrke.
Avsluttinga i diktet er ”at me ei morgonstund skal glida inn / på ein våg me ikkje visst um”. Denne avsluttinga likar er særs godt. Den verkar så trygg. Hauge må ha valt orda sine med omhug. Å glida inn, verkar trygt og koseleg, og morgonstund blir straks assosiert med noko fint, vakkert og romantisk. Siste verslinja, ”på ein våg me ikkje har visst um”, gjer det litt spanande. Ein våg høyrest så fint ut, og når me aldri har visst om han, blir det spanande, men og litt skummelt. For kva denne vågen vil bringe, veit vi ikkje, men draumane endar her. Kanskje er dette ein metafor på døden. Det at vi glir inn på ein våg, som ein ikkje kjenner til, kan vere det at vi skal døy. Når nokon glir inn ein våg, går dei som oftast i land. Kanskje skal vi gå i land etter ei lang reise på livets-sjø. Ingen kjenner til døden, og døden kan skildrast på utallige måtar, kanskje er dette ein av dei.
Etter å ha tenkt ein del over innhaldet i diktet, byrja eg å tenkje på innhaldet som ei utvikling i draumane våre. Hos born er det ofte slik at dei håpar på noko vedunderleg og fantastisk skal hende og at det må skje. Blir ein litt eldre er det ofte slik at ein drøymer at tida skal gå fortare og ein skal bli eldre, at tida skal opne seg for oss. Når ein er kome opp i tenåra er det hjartet hos den ein liker som skal opne seg, og vidare i utdanninga skal dørene og moglegheitene opne seg for oss. Medan ein er unge, er livet ofte så lett. Få utfordringar, og det er herleg å leve. Men når ein blir eldre er det ikkje lenger ei dør som skal opnast, men eit berg. Eit berg fult av utfordringar og problem. Så blir ein gamle og treng styrke, då drøymer vi at kjeldene skal opne seg for oss og vi skal få styrke. No når ein ikkje skal leve så mykje lenger, kjem kanskje draumen som aldri blei sann attende, og ein håpar framleis at den skal skje. Den siste draumen er at ein skal, i morgonstunda, få glide inn i ei ukjent vik. Dette kan bety døden, og mange ynskjer å døy etter eit langt og godt liv med mange draumar.