Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Appelsinpiken" og "Kabalmysteriet" av Jostein Gaarder

"Appelsinpiken" og "Kabalmysteriet" av Jostein Gaarder

Bokrapport om bøkene "Kabalmysteriet" og "Appelsinpiken", pluss litt om forfatteren av bøkene, Jostein Gaarder.

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
22.02.2009


Til denne bokrapporten har eg vurdert to bøker, begge er skreve av Jostein Gaarder. Fyst vil eg fortelja litt om forfattaren, før eg tar fatt på dei to bøkene.

 

<bilde>
Jostein Gaarder

Jostein Gaarder vart fødd i Oslo 8. august 1952. Han er ein norsk forfattar og filosof. Han har skrive romanar og noveller, men og ei rekkje bøker for born og ungdom. Best kjent er han nok for filosofi-romanen "Sofies verden", som vart ein bestseljar verda over.

Mor hans, Inger Marie Gaarder, var rektor og barnebokforfattar og far hans, Knut Gaarder var rektor. Den filosofiske interessa vaktes tidlig hos den unge Gaarder og det var mange gonger i oppveksten han stilte spørsmål som ingen kunne svare han på. Jostein vart oppdregen i ein kristen heim, og diskusjonar om kvifor ein trur og kva ein eigentleg trur på, var kvardagskost rundt middagsbordet(hos familien Gaarder). Etter kvart som Jostein ble eldre, diskuterte familien ofte ting som filosofi, religion, politikk og kultur. Da han vart tenåring byrja Jostein å interessere seg meir og meir for spørsmål om livet. Sær interessant syntes han det var dette med at menneskje vert fødde og døyr heile tida, det at vi lever i ein evig sirkel, utan heilt å vite kvifor. Det irriterte han mykje at han ikkje kunne finne noko godt svar på desse spørsmåla. Noko av det som gjorde at Jostein Gaarder utvikla seg til den gode filosofen han er i dag, er at han på same måte som Sokrates, meinte at viktigare enn å finne gode svar, er det å stille gode spørsmål.


 

<bilde>
APPELSINPINKEN

Forfattar: Jostein Gaarder

Aschehoug 2003

Sjanger: Ungdomsroman/kjærleiksroman

175 sider

- Om boken

Boken handlar om 15-åringen Georg, som bor saman med mora, stefaren Jørgen og halvsystera Miriam. Georg interesserar seg særleg for astronomi, universet og Hubble-teleskopet. Georgs far, Jan-Olav døydde då Georg berre var 4år gamal. Georg kan ikkje hugse han så godt, men minna vert vekte til live igjen då Georg ein dag får eit langt brev frå faren, skreve kort tid før han døyde. Boka vekslar mellom brevet frå faren og Georg sine tankar kring det, og Georgs eigen historie. Desse historiene viser seg dessutan å ha ein samanheng.

 

Brevet dreiar seg i hovudsak om ”Appelsinpiken”, ei jente Jan-Olav som ung student møtte på trikken. Han kalla ho ”Appelsinpiken” fordi kvar gong han ser henne, bær ho på ei papirpose full av appelsinar. Jon-Olav blir med eitt betatt av henne, og resten av brevet handlar mest om korleis Jan-Olav si håplause jakt på den mystiske appelsinpiken, førte til hans livs store kjærleik.

 

Boka byrjar med at slutten. Det vil seie at resten av historia er skreve i retrospektiv. I byrjinga fortel Georg i autoral synsvinkel, altså i eg-form, om faren og om dei nye tankane han har laga seg rundt brevet han allereie har moteke. Deretter fortel Georg om korleis han fekk brevet frå faren. Medan brevet vert lest, er det faren, Jon-Olav som fortel i eg-form. I brevet stiller Jon-Olav Georg fleire store spørsmål. For å svare på desse bestemmer Georg seg for å skrive ein bok der han kan flette faren sitt brev saman med sine eigne svar og tankar. Mot slutten får vi og svar på boken sitt viktige mysterium, kven Appelsinpiken eigentleg er.

 

- Mine eigene tankar

Appelsinpiken er en tankevekkande roman om det å leve og elske og døy. Dersom ein har lese andre bøker av Jostein Gaarder tidlegare, er det ikkje vanskeleg å sjå kven som har skrive boken. Skrivestilen er den same som i dei andre verka hans. Måten han får kvardagslege ting til å virke nesten magiske, og korleis han på den måten får oss til å sjå kva for ein forunderleg verd vi lever i. Bodskapen Jostein Gaarder vil formidle er umogeleg å unngå, nemleg det at ein bør leva livet medan ein kan, då ein aldri veit når det kan svinna bort.

 

Forfattaren fanga meg med ein gong, og eg las boka i eitt strekk, ettersom den var umogleg å leggja ifrå seg. Appelsinpiken er skreve som ein ungdomsroman. Den tek opp viktige tema og stiller djupe spørsmål, trur eg at vaksne kan ha vel så mykje gleda av boka. Yngre vil kanskje berre sjå boka for historia sin del, og ikkje klare å ta opp den sterke bodskapen. Men boka si historie er bra nok i seg sjølv og eg vil anbefale boka for alle frå 13 år og oppover. Eg likte boka svært godt, så den får karakter 5 frå meg.

<bilde>

 

KABALMYSTERIET

Forfattar: Jostein Gaarder

Aschehoug 1990

Sjanger: Ungdomsroman
388 sider

 

- Om boka

Med ein filosofisk far på slep, reiser Hans Thomas til filosofane sin heimstad på leiting etter mora som han ikkje har sett sida han var fire. På vegen til Athen får Hans Thomas eit forstørringsglas av ein merkeleg dverg, og landsbygda Dorf treff han ein gamal bakar som han får fire bollar av. Inni den eine bollen ligg ei lita bollebok. Boka inneheld ei fantastisk historie som berre kan lesast med hjelp av forstørringsglaset han har fått av dvergen, og berre i all løyndom. I boka får vi møte Frode og Hans som etter å ha overlevd kvart sitt båtforlis, endar opp på ein mystisk øy full av dvergar.  Dvergane viser seg å være Frode sin kortstokk som i fantasien hans har gått av hengslane. Dvergane anar ikkje noko om dette, unnateke Jokeren. Når Jokeren fortel dvergane kven dei eigentlig er, byrjar øya å krympe og berre Hans og Jokeren kjem seg frå øya. Denne merkelege historia visar seg så å ha mykje med Hans Thomas å gjere.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil