Året er 1814, og Danmark må gje frå seg Noreg. Noreg får eiga grunnlov, men denne er skreve på dansk. Då reises spørsmålet: Kva skal språket hete? I grunnlova av 17. mai, hette det at alle embetsmenn skulle ”tale Landets sprog”, men allereie same år, 4. november blir det vedtatt at ”Alle Love udfærdiges i det norske Sprog” (§ 81). Etter frigjøringa frå Danmark, måtte Noreg bli kulturelt sjølvstendig, og ein viktig del av eit lands kultur og identitet er eiga språk. Med dette som utgangspunkt, utvikla det seg ein omfattande debatt om kva det norske skriftspråket skulle vere, der Ivar Aasen og Knud Knudsen var ivrige språkdebattantar. Korleis skulle det norske skriftspråket vere? Har to skriftspråk vore til ulempe eller fordel for Noreg?
I Noreg var det klasseskilje på denne tida, der embetsmenn og borgarskapet som haldt til i byane, snakka danskinspirert talemål, såkalla ”danna dagligtale”, mens fleirtalet i bygder og fjordar snakka norske dialektar. Dei dialektane det var mest reelt å samanlikne med gammalnorsk, var naturlegvis dei som var minst påverka av det danske embetsspråket. Det var særleg dialektane på Nord-Vestlandet og i nokre av dei norske dalane som var lite fordanska. Det er derfor ikkje tilfeldig at ein av dei største språkdebattantane, om ikkje den største av dei alle, Ivar Aasen, gjorde storverket med å konstruere eit moderne norsk språk med utganspunkt i samtidsdialektar.
Ivar Asen laga ein grammatisk beskriving av si eiga sunnmørskdialekt allereie som ung, og det gjorde han så grundig at Vitenskapsselskapet i Trondheim ga han i oppdrag å reise rundt i landet og samle alt dialektmateriale han kunne finne. I mange år gjekk han frå gard til gard, frå bygd til bygd og skreiv ned alle slags dialektord og ordformar han høyrte.
Det nye med språkvitskapen til Aasen var at han tok i bruk ein deskriptiv undersøknad av det norske språk. Med deskriptiv undersøknad, meiner vi at han ville beskrive det norske folkespråket slik det var; ikkje slik nokon meinte at det skulle vere. Ved å reise Noreg rundt, tok han utgangspunkt i norske dialektar, samanlikna dei, og skrev dei ned. Med dette fant han ein fellesnemnar for dei norske dialektane, og konstruerte det vi i dag kallar for nynorsk. Målet var å konstruere eit landsmål.
Ivar Aasen var sjølv bondegut, og ingen lærd mann. Han reiste nærmast bokstaveleg talt landet rundt, men han la mest vekt på kommunar som hadde meir eller mindre urørte dialektar, altså dei dialektane som var blitt minst påverka av det dansknorske språket. På den tida var det nemleg mange kommunar der dialektane var blitt ”bederva”, det vil si øydelagt av dansk påverknad, i følgje Ivar Aasen.
Ein av desse kommunane var Tvedestrand, og det er her overlærer Knud Knudsen blei født og voksa opp. Han fekk også interesse for språkdebatten, og bakgrunnen for Knudsens språkinteresse var at han i sitt daglege arbeid som lærar så kor slitsamt det var for elevane å streve med det danske språket, når dei skulle lære å lese og skrive. Han meinte at løysningen på desse problema ikkje kunne vere å konstruere eit nytt språk, men å revidere det som var i bruk, slik at det samsvarte med måten elevane sjølv snakka på. Han ville altså fornorske det dansk-norske språket til eit riksmål basert på byfolkets og middelklassens dagligtale. Knudsen ville og at skriftspråket gradvis skulle fornorskast i samsvar med det han kalde ”danna dagligtale”.
I 1856 ga Knudsen ut grammatikken Haandbog i Dansk-Norsk sproglære. Der presenterte han reglane for norsk setningsbygging, forklarde folkespråket i samtida både grammatisk og historisk, og trakk inn dagligtalen som rettesnor for dei grammatiske reglane, der han samanlikna alle formane med folkemålet. Nokre år seinare, i 1881 ga han ut nok ei bok: ”Unorsk og Norsk” – ein slags tospråklig ordbok, der dei danske orda blei forklart med norske ord, som Knudsen hadde laga sjølv. Dette var altså eit forslag frå Knudsens side, og ingen fastslått fremmendordbok.
Med tanke på den ulike bakgrunnen deira, er det ikkje rart at Aasen og Knudsen hadde forskjelleg syn på korleis man skulle løyse Noregs behov for eiget språk, og dermed blei det også forskjellege resultata av desse to mennenes språkstrev. Mens Aasen var uavhengig forskar som stort sett gjorde det han sjølv ønska, var Knudsen overlærar, og hadde mange store pedagogiske oppgåver.
Etter at Ivar Aasen kartla og dokumentera det norske folkemålet og laga ei ordbok og grammatikk for Noreg, var hovudoppgåva å få folk til å bli kjend med og ha lyst til å bruke dette språket. Det var sjølvsagt eit språkpolitisk spørsmål, og i 1878 blei det vedtatt at nynorsk skulle vere undervisningsspråk i folkeskulen ved sida av riksmålet. Seinare kom Jamstillingsvedtaket i 1896, som lovfesta kravet om sidemålsstil på gymnaset. Mange meinte at det einaste fornuftege å gjere, var å endre dei to skriftspråka, slik at dei kunne smelte saman i eitt norsk skriftspråk.