Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > På veg til skulen

På veg til skulen

En jente blir funnet livløs.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
16.12.2008
Tema
Drap


Jonas stirar på jenta som ligg framfor seg. Ei pen jente med blondt hår. No låg ho der, heilt livlaus og håret var blodig. Han skalv og kjende plutseleg kor kaldt det eigentleg var. ” Få guten vekk her frå ein kvann” rop ein gammal mann. Han er kanskje ikkje så gamal, men for Jonas, som berre er nett elleve år, er han eldgamal. Han blir dradd vekk og stua inn i ein bil. Bilen startar. ”Nei, vent” skrik Jonas.” Eg gløymde game boyen min!”. Bilen stoppar og Jonas spring ut. Den ligg på sida av den døde jenta. Han ser ned på ho og kjenner tårene pressar på. Ho har masse blod rundt seg. Han høyrde eine politimannen sei at det såg ut som om ho har sklidd på ein glatt stein og treft ein anna med hove. Ingen ting mistenkeleg med det. Raskt gjort med tanke på frosten. Jonas spring tilbake. No ser han at bilen han skal køyra med er ein politi bil. Han stivnar til. Kva har dei tenkt å gjer med han? Det var jo ingenting mistenkeleg med det heile! Bak han kjem ein av politimennene og skubbar han inn i bilen. Han kikkar bort på sjåføren og seier at han må ta guten med ned på stasjonen. Mannen nikkar stumt og startar bilen igjen. Jonas klamrar seg til game boyen og stirar sjåføren i bakhovudet.


 

” Kva har dykk tenkt å gjer med meg?” spør Jonas med tårevåte auge. Han sit no nede på stasjonen. Han har fått eit glas med vatn og dei har ring etter foreldra hans. Han forstår ikkje heilt kva som skjer. Ingen som seier noko om det til han. Dei berre ser alvorlege ut og stryk han på kinne og spør om det går bra. Han har game boyen sin så det går fint. Endeleg kjem mor hans springande inn døra. ” Kor er han?” spør ho og er tydeleg stressa. ”Alltid skal han rote seg borti ting”. Jonas reiser seg og går bort til ho. ”Det var ikkje min feil mamma. Ho berre låg der på vegen”. ” Du kunne vel tatt ein anna veg kjære deg!” seier mor hans og ser oppgitt på betjenten som står bak skranken. Jonas kjenner han blir sint. Han slår på game boyen og startar spele. Betjenten snakkar litt med mora før dei går. Han er som vanlig stille på turen heim. Han speler. Då får han tankane vekk frå jenta og blode. Dei livlause augo som hadde stira på han. Mor hans snakkar i telefonen. Nokon frå jobben trur han. Ho er sint høyrer han. Sikkert fordi ho måtte gå frå jobben så tidleg berre for å hente han.

 

Neste dag må Jonas ned på stasjonen for å forklare seg. Han var første på åstaden som dei kalla det. Kvifor ikkje døds staden eller noko kult liksom, tenkte han. Inne på stasjonen blei han leda inn på eit lite rom med stolar og eit skrive bord. Bak skrive borde sit ein mann. Han reiser seg og peikar på stolen idet de kjem inn. Han og mora. ” Berre sett dykk” seier han og peikar på stolane etter å ha tatt mor hans i handa. Ho smiler stivt til han og spør om han kan ta det litt kjapt. Ho har nemleg ein jobb sjølv som ho må tilbake til. Mannen nikkar, men ryker på augebryna. ”Jonas, kan ikkje du fortelje meg kva som skjedde i går då du gjekk til skulen?” han ser på Jonas med dei mørke, alvorlege auga sine. Jonas blir usikker og ser bort på mora, men ho sit og tekstar på mobilen. Han ser tilbake igjen på mannen og deretter ned i golvet. ” eg var på veg til skulen, så kom eg til krysse der ho låg, også såg eg ho” han kikka opp og bort på mannen. Han var sikkert sjefen for alle politia her. ” Så du såg ikkje kva som skjedde med ho?” spurde han. ” Nei, eg gjekk berre og spelte også fann eg ho.” Han kikka ned i golvet igjen. Han torde ikkje sjå meir på mannen, for han hadde trekt auge bryna så langt saman at dei gjekk i et no. Jonas tykte han var skummel. ”Kva gjorde du då du fann ho?” Mora reiste seg og kikka unnskyldande på mannen bak skriveborde ” Eg må berre ta nokre telefonar.” Så forsvann ho ut døra. Jonas trekte pusten djupt og sukka. ” Eg gjorde ingenting. Det trengte eg ikkje, for det kom ein mann og han ringde til politiet.” ” Vi har snakka med denne mannen og han sa at du kom dit etter han” no var han endå skumlar, for han kneip augo saman så dei blei til tynne strekar. ” ja, sånn var det” seier Jonas. ”Det gløymde eg, han var der frå før av. Han veit sikkert kva som har skjedd med ho.” ” Vi har snakka med han som sagt, og han visste ikkje noko meir enn deg.” Mora til Jonas kjem inn igjen og setter seg ned. ”kjære deg” seier ho og ser på mannen.” Jonas kan umuleg hjelpe dykk noko meir i saken, den stakkar jenta fall og meir er det vel ikkje å sei?” Ho ser så ned på Jonas. ” Stakkars vetle Jonasen er sliten etter alt mase ser du vel. Er vi ikkje ferdige snart?”  Ho virka nesten oppriktig, tenkte Jonas og kikka beundrande bort på mora. Ho var verkeleg god til å spele. Og mannen beit tydelegvis på for dei fekk gå.

 

I bilen tar han fram game boyen sin og setter seg til å spele. Mora pratar i veg og kor mykje tid ho har mista og alt ho kunne gjort. Etter ei stund utan snakking ser ho bort på han og rynker på panna. ”kva gjorde du forresten på den vegen uansett? Det er jo ikkje på vegen til skulen din.” ho senker på farten og det er tydeleg at ho tenkjer hardt. ” Eg meiner bestemt at den vegen ikkje går til skulen.” Jonas ser opp frå spele og bort på mora.” Eg gjekk berre ein liten omveg mamma, for å ikkje kome for tidleg”. Mora ser tilbake på vegen og tenkjer seg om nokre sekundar. ” ok, men eg vil ikkje at du tar den vegen om igjen. Vi vil ikkje ha noko av dette på nytt igjen”. Jonas speler vidare. Han er veldig god. Svingar kjeppen mot troll og udyr. Drep dei så snart dei nærmar seg. Han er verkeleg kjempe dyktig. Blodet sprutar i alle retningar, jenta dett mot bakken og blir liggande liv laus. Så spring han inn i skogen og kastar kjeppen frå seg. Ingen får nokon gong vite det, så god er han.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil