Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Soga om Egil Tormodson

Soga om Egil Tormodson

En selvdiktet saga på nynorsk, skrevet på sagastilen. Karakter 5+ 2.klasse

Sjanger
Annet
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
08.11.2000


Det var i dei dagar, da Olav Haraldson herja landet. Tormod heitte ein mann. Han budde i Vesterdalen, og ætta hans var av rang. Kona hans heitte Ingebjørg, og dei fikk to søner, Egil og Geirmund. Han sendte eldstemann til fostring hos morbroren sin på Island.

 

Bård heitte ein mann. Det hadde seg slik at Tormod hadde stått i med dottera hans, Ingjerd. Bård fikk høyre dette, og baud ut Tormod på holmgang. Natta før let Tormod ille i søvne. Ingebjørg spurde han kva det var. Tormod kvad da ei vise:

Stilt opp til strid
Stod fienden klar. 
Sommarens siste kveld
Styrta vart eg der.
Brått skulle det ende,
Da Bård meg bane gav.
Ikkje gråt Ingebjørg
Eg i Egil på Island er.

 

Tormod budde seg til holmgang. Bård og Tormod slost, og Bård blei Tormods banemann. Egil blei nå henta heim frå Island for å ta over garden til far sin. Han var tolv år gamal, men ein stor kar.

 

Om sommaren skjedde no det at eit skip kom ut til Vesterfjorden. Egil var no blitt vaksen kar, og var gift med Aud. Den sommaren var kåra harde. Jorda gav ikkje lenger det ho skulle. Det hadde seg slik at bygda samla eit felag, der dei beste menn skulle med. Egil møtte opp på tinget, og blei sjølvsagt med, som den dugande karen han var. Også broren, Geirmund, fekk vere med. Det var sagt om Geirmund at han stod i med Ingunn, dotter til Erik.

 

Det var no ei veke til ferda, og skipet stod klart. Egil gjekk til Aud, kona si, og sa: ”Ver gild, Aud, og ta godt vare på garden.” Aud sa: ”Lov meg da at du kjem vel heim att.”

 

No er det fortelja om Aud at ho fekk besøk av ein mann som varsla ille om Egil. Han sa: ”Ikkje alle på felagen vil halde saman dei siste nettene.”

 

Egil og Geirmund hadde no vore til sjøs ei veke, og dei augna no Irland. Det var lite med mat att i skipet, og dei var no svært svoltne. Dei rulla skipet på land nær ved ei lita bygd. No vart det drukke øl, og åtaket på bygda blei førebudd.

 

No kom natta, og folk gjekk til sengs. Då dei hadde sove ei stund, fòr ei mørk skapnad fram og drap Geirmund. Egil vakna av alt levenet, og såg Geirmund. Han hadde eit djupt sår etter eit spyd nær ved hjartestaden. Ringen som Tormod hadde gitt han var vekke. Egil sa: ”Så gjekk det slik som Aud trudde. Ein av dykk har gjort meg vondt, og skal lide for det.” Då dei ikkje kunne finne nokon drapsmann, blei liket lagt i skipet. Det var ei dyster stemning blant mennene på felaget.

 

Morgonen etter gjekk Egil og mennene hans til åtak på bygda. Tolv mann sprang frem og drap presten ved klosteret, og røva til seg det dei kunne. Motkreftane vart etter kvart sterkare, og mange av Egils menn vart drepne. Egil og dei som var att trakk seg no tilbake med det dei hadde, og drog ut med skipet. Ein mann heitte Odd og var son til Erik. Han var no med Egil på skipet, og sa: ”Mange menn vart drepne i dag. Eg veit at Geirmunds bane går hardt inn på deg. Du skal vite at eg kjem til å bere meg åt som før.” Egil fekk då auge på ringen på handa hans. Egil sa: ”Du sveik meg, og no skal du døy!” Egil fòr frem, og kløyvde han på midten. Egil drog no med sine sju menn vidare, men det var stor misnøye på skipet. Det var no to dagar sidan dei hadde ete, og noko stor rikdom hadde dei heller ikkje. Ein mann, som heitte Magnus, var ille nøgd med ferda si. Han og Egil tinga om gullet, og det heilt enda med at Egil drap Magnus. Egil fòr no nord i Irland med skipet, der dei gjekk i land. Iren Torgrim tok vel imot dei, og gav dei rikeleg med mat og mjød. Mannskapet var slitne, og dei blei hjå Torgrim ein månad.

 

Heime i Vesterdalen gikk mykje føre seg. Egils drap på Magnus hadde nådd dei, og Magnus sønn, Snorre, reiste sak mot Egil. Verbrørne hans drog til tings for å by forlik for han, så han ikkje vart fredlaus. Dei kom ikkje nokon veg, og Egil vart lyst fredlaus. Snorre drog no ut med elleve mann for å hemne far sin. Dei fòr ut Vesterfjorden mot Irland, der Egil heldt til.

 

Egil hadde vore hjå Torgrim i tre veker, og drog no ut på sjøen att. Dei var seks mann på skipet, ein hadde døydd av såra han fekk av irene. Dei segla nord-vestover mot Shetland og vidare mot Vesterfjorden. No hadde det seg slik at Snorre og hans menn hadde valt ein annan sjøveg enn Egil, og dei segla forbi kvarandre. Snorre kom til Irland, og råka på Torgrim. Han fekk høyre om Egil, og fòr så beinveges mot Noreg. Egil var samstundes heime i Vesterdalen, og fikk fyrst no høyre at han var lyst fredlaus. Han møtte verbrørne sine og dei sa: ”Ver var om deg, Egil, det kan du trenga.” ”Det lyt no vere slik, at eg må forlate dykk. Eg drøymde førre natt at Helkvinna kom og henta meg. Gi denne ringen til Aud.” Så reid Egil opp i fjella med trælen sin, der dei blei tre netter.

 

Snorre hadde no kome inn Vesterfjorden, og fekk høyre om Egils flukt. Snorre drog etter Egil med åtte mann og var snart kome til staden der Egil hadde vore. Det var spor i dogga opp mot eit lite skogholt, der dei møttest. ”Du drap far min. Difor må du døy!” sa Snorre. ”Eg aktar å verje meg, og fryktar deg ikkje. Sverd lærte far meg å tole.” Egil fòr så på Snorre, og råka han i låret, så det vart eit stort sår. Trælen drap to mann og kjempa hardt. Då sprang to menn fram å skulle ta Trælen, og dei syntest å ha meir enn nok å gjera med å greie det. Egil sprang då fram og gav dei banehogg. Trælen vart hardt såra, og døydde snart. Egil var no åleine mot fire menn. Egil kvad då ei vise:

Helkvinna hentar meg
Eg gjer ho handa
Snorre meg såra
Spydet meg råka godt.
Så gjekk det som lagnaden sa, 
Eg døydde i dag
Drypande av blod
Draumen i oppfylling gjekk

 

Snorre la til Egil med spydet og det råka han i akselen. Egil verja seg enno godt, og drap ein mann til. Snorre kasta då øksa hardt mot Egil, og han falt døyd om. Snorre hadde to mann att, og dei hadde alle store sår. Egil vart teke heim til Aud, og lagt i haug.

 

Aud fødde seinare sonen til Egil, som også vart kalla Egil. Han galdt for å vere ein klok og sterk mann, og fekk mange barn med kona Gunn. Her endar eg soga om Egil Tormodson.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil