Idet eg opnar kontordøra til Jan Thomas, blir eg blenda av det sjarmerande colgate-smilet hans. Dei nøttebrune stripene i det styla håret hans hjelp godt på det sexy imaget. Eg tenkjer intenst inni meg at det er synd, og då meiner eg SYND, at han er homoseksuell, grunna utsjånaden hans.
Du kjenner han kanskje best som up-artist, stylist og coach for jentene i Top Model, Men han held og mykje på med reklame.
- Eg held på med reklame i forbindelse med Max Factor produktet mitt, smiler han stolt. Han hevdar at han trivs svært godt med det.
Eg spør undrande korleis han synes ein reklame bør vera.
- Først og fremst er blikkfanget svært viktig. Eg personlig er ikkje opptatt av komplimentær-fargar. Svart-kvitt er det me brukar mest. Og dessutan er det plussorda i reklamane som er viktigast, påstår han.
Han bit seg i leppa og ser ut vindauga. Det er midt i rushtida i Oslo. Trafikken støyar utanfor, han blir stum, nesten hypnotisert av dei passerande bilane. I reklamane hans er det for det meste kvinnelege modellar.
- Ja, for det er jo faktisk reklame for sminke, argumenterer den moteriktige make-up artisten , med eit flir om munnen.
Den sommarvarme sola lagar leikande skyggar på dei blomstrete gardinene hans. Ein svak bris kastar seg gjennom det opne vindauga. Jan Thomas pustar letta ut.
- Ja, det er jammen varmt her, innrømmer han.
Me ler begge to. Men kjem oss rask tilbake til reklamen igjen.
Er det no slik at du har funne draumejobben? Spør eg godtruande.
- Ja. Ja ja ja. Veldig ja. Eg trivst svært godt med det. Det er dette eg ynskjer å gjera resten av livet mitt. Det er så utrulig kjekt å ha så mykje folk rundt seg, bli tatt bileter av og å koma i blader, seier han og gir meg eit sjarmerande smil.
- Rampelyset er gøy, ler han.