Ein snekke flyter sakte forbi, og måkene skrik. Elisabeth kjem seg fort ut av senga, utan å vekke veslesøster. Ho tar på seg den blomstrete sommarkjolen sin forsiktig, knapp etter knapp. Ho finn eit smykke av skjell like ved, tar det lange, blonde håret hennar til side og festar det rundt halsen. Like utanfor ser ho ein gla og kjekk gut med steinar i handa, iferd med å kaste dei med stor fart ved vindauget hennar. Elisabeth fortar seg for å opne vindauget, og vinkar til Johannes. Ho visar med hendene at ho kjem ned med ein gong, listar seg forsiktig ned trappa, for ikkje å vekke resten som er i huset. Klokka er snart halv sju, så dei kan vakne når som helst. Når Elisabeth kjem ut, helder dei hendene ut slik at dei møtas, og held hendene til kvarandre medan dei spring.
Dei må begge stoppe når dei har kome til den store eika, like ved brygga. Johannes stupar ned i alle blomstane og forsvinn. Elisabeth vannar først solsikka hennar og deretter set ho seg på den nymalte, kvite benken i skygga av treet. Sola varmar slik i kinna og den nydelige lukta av sommar og fridom. Ho kjenner seg berre så herleg og ler medan ho ruller nedover frå krakken. Johannes kjem hoppande bak ho med nokre blomstar og festar dei i håret hennar. Ho snur seg sakte rundt og sjåar rett inn i nokre knallblå augar, like blåe som havet som dei elskar begge to. Han sendar eit blikk og ho nikkar. Dei sprettar opp å fortsett å springe vidare til brygga. Elisabeth tenkar heile tida på kor heldig ho er, og berre den utrolege følelsen av det å spring barføtt gjer ho berre i betre humor.