Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Bang, bang!

Bang, bang!

Handlar om Linnea som mister familien sin på ein tragisk måte.

Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
10.11.2008


Kniven skar seg ned i handbaken, og blodet pipla fram. Smerten kom til å forsvinne snart. Det var ikkje lenge igjen no. Snart skulle alt vere over. Ikkje noko meir medfølande blikk eller stirring. Aldri meir smerte eller sorg… No såg dei på ho igjen. Det var trist auge som stirra på ho, aldri glade. Sørgande blikk som prøvde å unngå å sjå på ho, men som ikkje fekk det til. Ho kunne føle blikka deira i nakken heile tida. Snart skulle ho dit ho høyrde heime, saman med familien sin igjen.

 

“Korleis går det med deg? “. Dama på andre sida av pulten stirra intenst mot ho. Linnea såg ikkje ut til å høyre noko av det ho sa, og såg berre tomt utover vindauge. ” Eg kan ikkje hjelpe deg viss du ikkje seier noko”. Ho venta litt før ho forsett forsiktig.” Du hugsa dei sant? Foreldra dine? Og den vesle bror din?”. Augo snudde seg mot dama eit augeblink, og dei var tomme og matte. Så snudde ho seg igjen og forsette å sjå ut vindauge. Sjølvsagt hugsa ho, det var som ein film inne i hovudet hennar som gjekk rundt og rundt. Fire personar som sit og et middag. Ein mann som kjem inn og tar fram ein pistol. *Bang bang*. Mannen ved enden av bordet sig ned frå stolen og ned på golvet. Mannen med pistolen knyt borna fast til kvar sin stol, og dreg kvinna med seg inn på naborommet. Hyla frå kvinna fyller romma med skrekk, før dei neste skota kjem. *bang bang*. Den vesle guten byrjar å grine, og jenta ved sidan av prøver å trøyste. Prøvde å hysje han ned. Plutseleg står han i døra igjen og stirrar på dei. Jenta veit kva som skal til å skje. Ho prøver å nå henda til den vesle guten , men han blir dratt opp av mannen med pistolen. Mannen held guten i håret, og hylet frå jenta vert overdøvd av endå eit *bang bang*. Den vesle gutekroppen ligg slapt på bakken. Mannen drar ho med seg inn på soverommet. Ho seier ikkje imot. Det greie ho ikkje. Mens han held på med ho ligg ho berre der. Tankane hennar er heilt andre plassar. Han vert sint når ho ikkje strittar  imot og slår til ho. Slaga kjem om og om igjen, og det hender at han sparkar ho hardt i magen og andletet. ”Linnea? Snakk med meg! Du kan ikkje holde alt dette inni deg!”.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil