Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Skuletida, mine lykkelegaste barndomsminna

Skuletida, mine lykkelegaste barndomsminna

Et lite kåseri om skoletiden på nynorsk :)

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
04.11.2008

Barneskolen. Eg var så spent at eg klarte nesten ikkje å sove natta før den legendariske første skuledagen. Det var lykkelege tider, det. Ja, eg husker at vi song, leka og lagde julepynt som eigentlig ikkje burde vært hengt opp i det heile tatt. Maling i hytt og pine med fingermerka i, og synleg lim i alle kantar. Det er vel ein grunn til at mamma slutta å henge opp den fine julepynten, da eg hadde laga da eg blei gammal nok til og ikkje bry meg meir. Og jammen har ho innrømma det også! ”Vel, jo.. Det var jo ikkje så innmari fint, men vi måtte jo henge det opp for din skuld”, sa ho med eit smil. Og eg forstår jo det, for all del!

 

Barneskulen var herlege og ukompliserte dagar kor guttelus var det farlegaste på jord, og skrubbsår på knæra var noko av det vondaste du kunne føle. Og likte man nokon av det motsette kjønn, ja da var det bare å slå dei i hovudet med matboksen. For det var sånn man gjorde da for å få oppmerksamheten. Vel, minna frå barneskulen er glade dagar.

 

Ein vakker dag begynte vi sakte men sikkert å lese våre første ord, og det blei den ordentlige starten på ein lang og tilsynelatande uendelig skulegong. Dei gjorde heldigvis overgangen relativt myk, og blanda sosialt samvær og jobbing. Og øktene var upåklagelige korte, det var jo begrensa kor lenge en sukkerhøy unge med mark i rumpa kunne sitte stille.

 

Vi voks, og det gjorde talla på klassetrinnet også. Tida var inne for kva vi kalde Storskulen. Den var for dei som var… ja, nettopp store i våre veldig livserfarne augne. Det vil si 4-7. Klasse. Det var her dei berømte intrigane begynte å sive inn som tåke, og jentene bytta bestevennar like mange gangar i uka som dei var på skulen. Eg husker det som det var i går; eg hadde krangla med den daverande bestevenninna mi, så vi var ikkje bestevennar lenger. Jammen hadde ho ikkje avtalt med ein annen at dei skulle være bestevennar når vi ikkje var det lenger. Krunglete, men det var jo slik det var. Eg minnes med eit smil korleis eg stod og hylgrein på badet, og skrik at eg ville flytte langt, langt vekk.

 

Åh, disse lykkelege barndomsminna.. Skuledagane ble forøvrig ikkje så ille likevel eg hadde jo noen alternative bestevennar på lur, eg og.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil