Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Tru og vantru i vår tid

Tru og vantru i vår tid

I denne oppgåva tar eg berre for meg tru og vantru rundt kristendommen; ikkje i andre religionar. Til slutt en personlig kommentar og åpen avslutning.

Karakter: 6 (se kommentar fra læreren nederst i teksten)

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
04.11.2008
Tema
Kristendom


Heilt i frå tidenes byrjing har menneska ytra ulike meiningar om tru, Gud, skapinga og helvete. Meiningane er mange og varierande. Nye religionar oppstår og religionane blir splitta. Tru og vantru går hand i hand. Kristendommen har prega blant anna Europa i fleire  hundre år. No er det annleis. Religionane blir meir og meir vatna ut. Før hadde menneske ein Gud å gå til, no er Gud bytta ut med menneskelege ”eventyr”. Humanetikk, den nye ”religionen” for menneska i dag, har vunne stor innpass i vår tid. Humanetikken kan samanliknast med å vera i kristendommen utan Gud. Moral, etikk og livsregler er nokså like som i kristendommen.

 

Me kan ikkje bevise at Gud eksisterer, me må tru eller ikkje tru det. Det kjenneteiknar  «eksistensielle spørsmål», som i hovudgrunn byggjer på tru og personleg vissa.

”Trua er pantet på det me vonar, vissa om ting me ikkje ser.” står det i Hebr. 11.1. Mange seiar at dei trur, men dei lever ikkje etter trua. I 1 Jakob 2, 17 og 20: ”Veit du ikkje, du tankelause menneske, at tru utan gjerning er ganglaus? Har trua ikkje gjerning, er ho beint fram død.” Den som altså har ei levande tru, har ei indre glede og fred som ingen kan ta frå ein.


 

Tru hjelper i nød og forfølging. Me kan lesa fleire forteljingar frå personar som har opplevd livet i konsentrasjonsleirar eller andre fryktelege stader, og som har blitt haldt oppe av trua. Tru kan halde oppe i djupaste fornedring. Når alt kjem til alt er det vel betre å tru og risikere å ta feil, enn ikkje å tru, for så å ta feil? «No ser me som i ein spegel, i ei gåte; men då skal me sjå andlet til andlet. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.» Dette kan me lesa i 1. Kor 13.12.

 

”Våger du å kaste deg ut i tro, vil du alltid bli kritisert,” har Alma Halse sagt. Dette har ho rett i. Kvar dag blir nemleg 200 millionar kristne forfylgt og trakassert for si tru; forfylgt og trua  på livet berre fordi dei trur på Jesus. Mange menneske som trur at det eksisterer ein Gud og vel å leva etter dette, opplever ein vegg av fordommar frå dei moderne menneska. Kva er årsaka? Tidlegare var folk meir opptekne av å tru, mykje på grunn av nød, sjukdommar og fattigdom. No er det annleis. Me lærer om alle religionane. Folk kan lett bli forvirra og tenkjer at det er så mange ulike religionar og derfor vanskeleg å velje. Dette kan ende med at dei vel å ikkje tru på noko. I alle fall er det fleire vantru menneske i vår tid enn det var i tidlegare.

 

Religionar kan ofte bli misbrukte av blant anna maktsjuke menneske. Dette har hendt fleire stader i verda. Menneska blir styrt av prest og kyrkja. Eitt eksempel på dette er katolikkanes avlatsbrev der leiarane i kyrkja fekk katolikkane til å kjøpe seg ut av skjærselden. Kyrkja avgjorde kva som var rett og galt, og folk fekk ikkje bestemme over sitt eige liv eller tenkje sjølv. Gjorde ein imot prestens vilje, kunne dette få fatale konsekvensar.

 

Tru og vantru er også noko filosofar er opptekne av. Filosofen Descartes (1595-1650) uttalte på 1600-talet at det må eksistera ein Gud fordi han hadde ei førestilling om eit fullkome vesen, og då noko fullkome ikkje kan koma frå noko ufullkome, som mennesket, betyr det at ein Gud må eksistera. Filosofen Anseln av Canterbury og Descartes har prøvd å bevise at Gud eksisterer. Ingen av disse store, akta filosofane har vore i stand til det. På den andre sida; ingen har heller fått til det motsette; - å bevise at det ikkje eksisterer ein Gud.

 

Moderne menneske har også førestillingar inni hovudet om ting som dei vil tru på, mellom anna filosofiske tankar som blir den nye religionen deira. Dette gjer dei, då dei ikkje vil tru at det eksisterer ein Gud. Denne ”religionen”, som dei sjølv lagar, trur dei er betre enn den trua som har eksistert i fleire tusen år. I Bibelen kan me lese i Johannes openbaring 21, 8 at dei redde og vantru, avgudsdyrkarane m.m. skal vere i sjøen som brenn med eld og svovel. (=helvete)

 

Kva er årsaka til denne trenden og vantrua i vår tid? Hovudårsaka er nok rikdom og velstand. Menneska får større og større krav. Dette fører til at moralen blir dårlegare; - synda får meir og meir makt. Paulus skriv i fyrste Galatarbrevet 5.19-21: ”Det er klårt kva som kjem frå vår vonde natur: hor, avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, avund, sinne, sjølvhevding, usemje, partistrid, misunning, drikk, svir og meir av det slaget. Ivar Aasen har uttalt følgjande: ”Når vantru kan innbille folk at dei døyr som dyr, varer det ikkje lenge før dei lever som dyr.” Slik meinte Ivar Asen det går med dei vantru.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil