Eg står aleine i skulegarden. Det er kaldt og snøen faller tett og dekker baken med et tykt kvit lag. Eg har vori aleine lenge no. Det er ikkje det at ingen likar meg, det er vel heler at eg er ikkje så lett å kome innpå.
Bare noen få meter unna står Marit, saman med ein flokk nye vennar. Ho har jammen blitt populær. Vakker har ho også blitt. Reguleringa er blitt bytte ut med kvite rett tenner og det pistrete brune håret er bytte ut med ein vakker brun manke av krøller. Ho må ha kjent blikket mitt i nakken, for ho snudde seg brått rundt og auga våre møtast eit lite sekund. Eg fekk brått klump i halsen og snudde meg bort frå henne.
Tenk at me for bare nokon månader sia hadde vori bestevennar. Me hadde vori tettare enn tettast. Det er utroleg å tenkje på at ein liten konkurranse kunne rive ned et vennskap som har vart gjennom så
mange år.
Me møtast for første gong i barnehagen og har vori vennar sia. Me begynte på same barneskule og ungdomsskule, og man kan trykt seie at me ikkje var de mest populære. Sjølv om ingen av oss var så godt likt, virket det alltid som om Marit blei berre likt enn meg. Ho betydde alt for meg og var alltid der for meg, sjølv om ho fekk svi for det.