Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Gunnlaug Ormstunge

Gunnlaug Ormstunge

Analyse av boka Gunnlaug Ormstunge

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
03.10.2000


Soga om Gunnlaug Ormstunge er vorte skrive ned på 1200-talet. Det er ei romantisk soge som ber preg av påverknad frå dei omsette riddarsogene. Hendingane i soga reknar ein med er lagde til tida rundt år 1000, mellom den heidenske og den kristne trua. Det som særmerkjer Gunnlaugs-soga er ikkje berre det at ho er ei skalde soge, men at kjærleiken mellom mann og kvinne er det sentrale motivet i henne. Ein møter i denne soga tre av hovudmotiva i islendingesogene, heltemot, kjærleik og skaldeskap, meir enn nokon annan stad i sogelitteraturen.

 

I sagaen om "Gunnlaug Ormstunge", møter vi fyrst Torstein, far til Helga. Han har ein draum som "austmannen" tyder. Han seier at Torstein skal få ei dotter som to menn vil slost og døy for.

 

Då Torstein reiser til tings, seier han at dersom kona Jofrid får ei dotter skal barnet setjast ut i skogen. Det vert ikkje gjort, barnet, Helga vert sett bort til ein slektning, og det får ikkje Torstein vite før Helga er vorte 6 år.

 

Hovudpersonen Gunnlaug møter vi som tolvåring, og han vert god ven med Helga. Etterkvart vil Gunnlaug ha Helga til kone, og han inngår ei avtale med far hennar, Torstein, om at Helga skal vere bortlova til han i 3 år. Dersom Gunnlaug ikkje kjem tilbake innan fristen, eller har ei dårleg framferd, vert avtala oppheva.

 

Gunnlaug reiser ut i verda, først til Nidaros der han fornærmar Eirik Jarl og blir nærmast utvist og reiser vidare til England. Han reiser både til Irland, Orknøyane og Skara i vest og til Svitjord (Sverige). Gunnlaug er ein svært dyktig skald, og han seier fram mange kvad på reisene sine i tillegg til at han kjem i krangel og vert utfordra i holmgang. Åra går og då han kjem heim, skal Helga gifte seg med Ravn. Gunnlaug kjem heim same dagen som bryllaupet vert halde. Helga er svært fortvila, for det er Gunnlaug ho elskar. Det vert holmgang mellom Ravn og Gunnlaug, men det endar slik at begge påstår dei har vunne.

 

Etter dette vert holmgang forbode på Island, då reiser dei til Noreg med kvar sine frendar og held holmgang der. Frendane deira døyr, og Gunnlaug og Ravn byrjar å sloss på nytt. Det endar med at Ravn døyr, men Gunnlaug døyr 3 dagar etter av hovudsåra han fekk.

 

Helga giftar seg med Torkjell Hallkjellsson. Dei får barn, men Helga er svært ulykkeleg. Sagaen endar med at Helga blir sjuk og døyr på den raude kappa ho fekk av Gunnlaug.

 

Eg vil karakterisere følgjande personar i soga fordi dei er hovudpersonane i soga og det er desse soga handlar om.

 

Gunnlaug var ein mann av få ord, slik som mennene i ættesagaene ofte er skildra. Sjølv om han ikkje sa så mykje, var han ein god skald. Gunnlaug er også svært eventyrlysten, noko som vi merkar når han bed far sin, som 12 åring om å utruste seg til ferd. Av utsjånad er det sagt om Gunnlaug at han var tidleg vaksen, var stor, hadde lysebrunt hår, svarte augo, hadde ein litt stygg nase og eit tiltalande andlet. Elles var han midjesmal, sterk og veldig god med sverdet.

 

Gunnlaug representerer den lyse heltetypen, med ein meir eller mindre, riddarleg framferd og sin lyse utsjånad. På den tida var dei lyse heltetypane vant med sigrar i både kamp og i kjærleiken. Det at Gunnlaug var stor og hadde lysebrunt hår karakteriserer at han var typisk nordisk. Kvar enn han var, fekk han skryt over kor flink han var med kvada sine.

 

Gunnlaug var ærleg og trufast. Han kom tilbake til sin store kjærleik. Det var nok for å vise at svigerfar kunne stole på han. Diverre kom han for seint til å få si kjære Helga.

 

Ravn, høyrer der i mot til den mørke heltetypen. Kjenneteiknet til dei er at dei ofte er mørkare både av sinn og utsjånad, og mindre riddarleg av seg. Dei mørke sogeheltane vart skildra som slu og mindre lukkelege, som om dei skulle hatt ein stadig skugge over lagnaden sin. Det at han var mørk av utsjånad tyder at han har ein meir sydlandsk, og ikkje har den typisk, nordiske, utsjånaden. Ofte knyter ein mørkt til noko farleg, eller noko truande. Det kan vel stemme, for Ravn var jo ein truande fiende til Gunnlaug.

 

Ravn var slu og hemnlysten. Han er svært svikefull, det merkar vi spesielt då han kuttar Gunnlaug i hovudet med sverdet når han hentar vatn til han. Lik Gunnlaug er Ravn også veldig god med sverdet.

 

Helga vert gjennom heile sagaen skildra som ei fager og vakker møy. Ho hadde eit fortryllande, tjukt hår. I draumen til far sin, Torstein, vert ho skildra som ein svane. Ein svane er teikn på noko vent og vakkert, på same måten som i eventyra, og det er også slik Helga var. Ho var elska av alle, det vart ei stort tap då ho døydde.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil