Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Guten som kappåt med trollet

Guten som kappåt med trollet

Analyse av eventyret "Guten som kappåt med trollet".

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
03.10.2000
Tema
Om eventyr


Folkeeventyret, "Guten som kappåt med trollet", er ein del av folkediktinga. Folkedikting har eksistert i alle tider og i alle kulturar. Tradisjonelt står omgrepet for folkeleg dikting frå mellomalderen og framover, men i dag dekkjer ordet alle former for munnleg overleverte tekstar, både eldre og nyare. Folkediktinga har utvikla seg frå å vere ei global munnleg dikting via ein nasjonal skriftelg litteratur til å bli del av ein elektronisk kultur, som både er nasjonal og internasjonal. Ordet eventyr kjem av mellomalder latinsk adventura, som tyder "underfull hending", "forteljing som ein ikkje har trudd på".

 

Det var ein fattig bonde som hadde tre søner, Per, Pål og Espen Oskeladd. Han sende kvar av dei ut i skogen for å hogge tømmer. Per og Pål sprang heim då trollet kom, men då Oskeladden møtte det fekk han det til å hjelpe seg. Han lot nemleg trollet tru at Oskeladden var sterkare enn han. Oskeladden blei med heim til trollet, og dei vart einige om å kappete. Oskeladden tok sekken på magen, tømde grauten ned i den og skar hol på den. Trollet trudde det var magen Oskeladden skar i, og gjorde det same med sin eigen mage og døydde. Oskeladden stakk så av med alle pengane som var der i berget.

 

Grunnmotivet i dette eventyret er slik det plar vere i omtrent eventyr. Uansett kva bakgrunn ein har, kan ein nå fram i livet med gode, personlege eigenskapar, sjølv om ein berre er ein stakkars, fattiggut. Det er nemleg den snille, gode og snarrådige helten som vinn over dei stygge og fæle motstandarane.

 

Eventyra delar vi inn i skjemteeventyr, dyreeventyr og eigentlege eventyr. "Guten som kappåt med trollet", kjem her under eigentlege eventyr. Det som kjenneteiknar denne eventyrgruppa er at det skjer magiske ting. Men vi delar denne eventyrgruppa inn i 3 undergrupper, nemleg undereventyr, novelleeventyr og legende eventyr. Eg vil påstå at dette eventyret er eit novelle eventyr.

 

Som i alle andre eventyr, finn vi også her ein forteljarsynsvinkel. Synsvinkelen er fortalt gjennom tredjepersonen som er forteljaren.

 

Perspektivet i eventyret er sett "nedanfrå". Bonden var i små kår og han var gamal og skrøpeleg, difor var også helten, Oskeladden, ein fattiggut.

 

Vi finn ulike episke lover i eventyra. Til å begynne med finn vi innleiingslova. Her utviklar eventyret seg gradvis frå det rolege til det dramatiske. Her signaliserer teksten sjangeren "eventyr" med innleiingsformel, utan å tidfeste eller stadfeste. "Det var ein gong...." byrjar dei fleste eventyra med. Eventyra tek utgangspunkt i røyndommen men let seg ikkje binde av den.

 

Tretallslova er den mest kjende episke lova innanfor eventyr. I dette eventyret ser vi t.d. at bonden har tre søner, Oskeladden dreg ut i skogen tredje dagen og han må igjennom tre prøver. Her er den sceniske totallslova. Sjølv om fleire kan vere til stades, kan det berre vere to handlingar samtidig i same scena. Vi finn midtpunktlova, der handlinga smalar seg om ein eller to hovudfigurar. Bakvekstlova som seier at den siste i ei rekke oppgåver er den viktigaste, kan vi også finne her.

 

Dei tre prøvene Oskeladden må igjennom, stig i vanskelegheitsgrad. Den første er at han må hogge tømmer utan at trollet skal kunne skremme han vekk. Den andre prøva er at han må bere bøttene til trollet for å kunne hente vatn til grauten. Den tredje og siste prøva kjem då dei skal kappete. Det er ganske vanleg at eventyra er bygd opp slik. Alle eventyr følgjer eit handlingsskjema . I dette eventyret er det helten, Oskeladden, som skal utføre prosjektet. Han klarer å utføre det ved hjelp av gode eigenskapar hos seg sjølv. Han nedkjempar motstandaren, trollet, fordi det viser seg å vere underlegen moralsk og ikkje så snarrådig.

 

I motsetnigslova vert ulikskapar og kontrastar framheva. Det er altså stor skilnad på kva som er det gode og kva som er det vonde. Oskeladden er den gode i dette eventyret. Han er ein enkel, litt naiv gut. Han blir halden ned av dei andre, "forståsegpåarane". Han har skjulte evner som til slutt kjem til sin rett. Sidan brørne hans er stygge med han, vinn ikkje dei. Dei vert i staden skildra som ganske falske og ikkje så modige som dei sjølve vil ha det til. Sidan trollet er stygt og dumt, vinn heller ikkje det.

 

Oskeladden var nok ein heltefigur dei fleste kunne identifisere seg med. Han var nemleg mannen av folket, og difor gjekk han til topps, medan karrierejegerane (Per og Pål) mislykkast. Det at Oskeladden vann, vart ein garanti for at det han gjorde var rett.

 

På den tida Noreg var eit fattig land, såg nok mange på eventyra som ein draum om noko betre og eit meir rettferdig samfunn. Eventyra om Oskeladden målber trua på ein betre lagnad for den vanlege vesle mann og kvinne. Det var veldig viktig på den tida at dei hadde ein draum om noko betre og meir rettferdig, for at dei kunne halde ut.

 

Av dette eventyret kan ein lære seg å setje pris på det gode og det som er rett. Det er nemleg viktig å få fram sjølvtilliten i mennesket. Uansett kven du er, kan du komme deg fram i verda med gode personlege eigenskapar. Dei som skal høgje seg sjølve ved å "dukke" andre når ikkje særleg langt, slik Per og Pål gjorde. Bodskapen om at et finst normer og reglar i samfunnet er viktig å få fram i dag også. Mennesket er like mykje verdt uansett kva slags sosialt lag du kjem ifrå. Difor har eventyra ein viktig bodskap til oss i dag også.

 

Til alle tider har mennesket hatt behov for å fortelje og lytte til det som blir fortalt. Eventyret ordnar og formidlar kunnskap og erfaringar, samstundes som det tilfredssteller mennesket sin trong til å fantasere. Eventyr gjer det mogleg for mennesket å skape meining og samanheng i tilværet. Det utvidar den menneskelege erkjenninga.

 

Folkeeventyra er munnleg dikting. Dei er direkte og presentiske. Folkeeventyra er framleis livskraftig, særleg innanfor barnekulturen, der barn mellom anna diktar etter modell frå kjende eventyr. Etter at Asbjørnsen & Moe samla inn eventyr, har mykje av dette blitt bevart for ettertida. Ivo Caprino har spelt ein viktig rolle her, han har laga animasjonsfilmar som er basert på norske folkeeventyr. Han ville ikkje berre formidle eventyra, men også vise korleis dei blei samla inn. Då han spelte inn "Guten som kappåt med trollet" kan vi i byrjinga sjå ein forfylla og fattig mann som vert latterleggjort. Men som eventyrforteljar forvaltar han noko som er verd prisen i pengar. Vi får her sett korleis forteljegleda kan verke positivt inn på ei einskild, sart sjel.

 

Vaksne som les eventyr for barn skaper eit verdifullt band. Kven kan erstatte den kontakten som oppstår når den vaksne les eventyr for barna sine? Det er ein av dei viktige tinga når det gjeld eventyr, den munnlege overføringa og menneskelege kontakten mellom forteljaren og lyttaren. Dette er ein enorm verdi. Kan allverdas teknologi stille opp mot forteljeglede med godt bodskap?

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil