Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (709) Anmeldelse (bok, film...) (634) Artikkel (927) Biografi (262) Dikt (1036) Essay (552) Eventyr (115) Faktaoppgave (374) Fortelling (833) Kåseri (610) Leserinnlegg (119) Novelle (1310) Rapport (621) Referat (173) Resonnerende (204) Sammendrag av pensum (179) Særemne (155) Særoppgave (337) Temaoppgave (1246) Annet (527)

Språk

Bokmål (8054) Engelsk (1612) Fransk (26) Nynorsk (1123) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Jenta som drog til byen for å finne seg kar

Jenta som drog til byen for å finne seg kar

Eventyr om en jente som er på guttejakt.

Sjanger
Eventyr
Språkform
Nynorsk

Det var ein gong ei jente som budde på ein gard langt inne i skogen, saman med faren sin.Faren var gamal og sliten, og meinte at jenta snart mått ta over garden. Men jenta var så lita og spe at ho knapt kunne lyfte ei vassbøtte, så ho måtte ut i verda å finne seg ein mann. Med seg på reisa fekk jegnta med seg ein Mariah Carey CD, farens VISA kort og ein splitter ny BMW Z3. Med dette skulle jenta klare å finne seg ein dugleg kar, meinte faren.

 

Langt om lenge og lengre enn langt, kom jenta til den store byen. Det var varmt i vêret og jenta var sliten og trøytt. Dessutan hadde aircondition’en i bilen brutt saman, så ho måtte finne ein verkstad som kunne reparere han.

 

Mange vegkryss og rundkøyringar seinare fann jenta ein verkstad. Eigentleg såg det ut som ein liten nuguber bensinstasjon, men i følge NAF’s vegbok var det ein tre stjerners verkstad. Jenta likte ikkje tanken på å levere frå seg den vesle lekre bilrn sin på ein stad som denne. Men det var den einaste verkstaden på denne sida av byen, så ho tenkte ho i allefall kunne gå inn å sjå kven som jobba her.

 

Men bak disken stod slik eit fæsleg troll at han kunne ha skremt vettet av Dovregubben sjølv! Han var tildekt med olje og anna søl, og jenta turde ikkje ein gong tenke tanken på at han skulle nærme seg den nylakkerte Z3’en med dei lange klørne av nokre neglar som han hadde, så ho snudde i døra og rasa ut på motorvegen att.

 

Etter ei god natts søvn på eit av byens betre hotell, var ho på hjula att. Men etter ikkje mange metrane fann ho ut at dei elektriske vindauga og hadde svikta henne, så ho svingte inn på nærmaste bensinstasjon i håp om at dat kanskje var nokon der som hadde peiling på elektriske vindauger.

 

Men bak skranken stod det eit enda hesligare og styggare troll enn på verkstaden. I handa haldt han eit kubein av ein slik dimensjon, at dersom dette uhyret skulle brekke opp døra for å fikse vindauget, tenkte jenta med seg sjølv, kom han til å mose det nypolerte teak-interiøret. Nei, det tykte jenta var for mykje å ofre for litt frisk luft, så ho spann seg ut på vegen att.

 

Jenta hadd mnesten gitt opp å finne ein dugleg verkstad for bilen sin, då eit digert og fancy bilsenter poppa opp som reine luftslottet framfor nasen hennar. Ho tenkte med seg sjølv at her måtte det da finnast ein passande mekaniker for BMW’en hennar. Og ikkje før hadde ho tenkt tanken skreid den venaste og gildaste mekanikeren du kan tenkje deg, ut gjennom dørene.

 

Jenta vart så betatt av denne vakre skapningen, at ho ikkje kunne dy seg for å spørre kva som måtte til for at han ville gifte seg med henne. Guten som heitte Espen Oskeladd, vart sjølvsagt svært smigra over tilbodet, men fortalde snart at han vart haldt som fange på det store bilsenteret av ein onde trollmann. Trollmannen tvinga han til å jobbe der gratis. Og dersom Oskeladden ikkje gjorde som trollmannen sa, ville han gjere kål på dei to brørne hans, Per og Pål, som han allereie hadde forvandla om til heslige troll. Det einaste som kunne løyse opp forbannelsen var dersom nokon spelte musikk for trollmannen.

 

Jenta tvilte ikkje eit sekund. Ho satte seg inn i bilen og tok til å tute til trollmannen kom til syne i vindauget på bilsenteret. Deretter skrudde ho dei to 15 tommarane på full guffe. Og i den augenblinken Mariah Carey tok ein trestrøken A, brast glaset of trollmannen vart til stein!

 

Og dermed fekk jenta Espen Oskeladd, og Per og Pål som fjøsrøktarar med på kjøpet! Så cruise dei lykklege tilbake til den store skogen, og levde lykkeleg alle sine dagar til ende!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil