Da er vell ingenting som fristar meir enn ein lang varm dusj etter ei hard trenningsøkt, eller ein kald kveld. Såpe oss inn med den nye godluktande dusjsåpa du kjøpte på parfymeriet. Ta sjampo og balsam i håret så det både luktar å ser fint å nyvaska ut. Du tenker kanskje at etter ein dusj, så vil du jo ikkje til med noko som vil gjer deg skitten eller kose masse med husdyret ditt, fordi du føler deg rein og bakteriefri, Men sanninga er at det hadde ikkje spelt noko rolle, du hadde våre lika ”skitten” uansett.
Du står inne på badet, nydusja føler deg rein å fin, men det har du ingen grunn til, for den såpefylte dusjen du tok gjorde meir skade enn du trur. Den ekstra dyre såpa du kjøpte på parfymeriet, er bare å bruka ekstra pengar for å bli meir urein. Det blir ikkje betre når du skal smøre på med bodylotion med glitter, hudkremar til fleire hundre kroner og til slutt spraye deg med en dyr parfyme. Du føler deg kanskje sunn, frisk å rein, men meir feil kunne du ikkje tatt. Det verste er at du faktisk kjøper ekstra dyre ting for å lukte betre og kanskje du faktisk trur den er betre.