Media; det angår oss alle, enten ved hjelp av TV, radio, aviser eller magasiner. Kor enn du går, vil du møte media og reklame som på eit og anna vis vil pøse på med deira informasjon. Spørsmålet er; når veit vi nok?
”SV tapte politikarkrigen i helga.”, ”Finn Schøll fant lykka med ny ungkar!”
Kor ofte har du ikkje sett liknande overskrifter lysande mot deg med feite typar? Dette er noen få talls dømer på korleis media styrer liva våre, særleg her i Noreg. Medias påverking er sterk og ikkje til å unngå. Uansett korleis du snur og vender på det, så vil du sjå at massemedia styrer liva våre.
Medias viktigaste formål er jo først og fremst å informere. Og det greier dei jo til gangs. Ta til dømes Valla og Yssen-saka. Har du bestemt deg for å følgje den saka, kan du like så godt sleppe alt du har i hendene, for du vil bli forfylgt av den kor enn den dukkar opp i media.
Eller saka om den tidligare FrP-politikaren Carl I. Hagen som gav ut ei bok om sitt liv. Dette er berre ei side av saka, og handlar om dei store og innflytelsesrike menneska som har råd til å betale folk for å halde pressen frå livet.