Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Det uønska barnet

Det uønska barnet

Bokmelding av boka "Anna + Didrik = Baby".

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
09.03.2008


Eller som tittelen heiter, ”Anna + Didrik = Baby”. Denne boka er ein nyare utgåve av ”Annas barn”, skrevet av forfattaren Unni Lindell. Ho vart kåra til Noregs beste ungdomsbokforfattar i 1991, som følgje av denne romanen. Lindell vart fødd i 1957, og frå ho var 10 år gammal visste ho at den store draumen var å bli forfattar. I 1986, 29 år gammal, debuterte ho som forfattar med ungdomsromanen ”Den grøne dagen”. Ho har skrevet bøker i mange ulike sjangrar, men er truleg mest kjend for kriminalromanane sine. Gjennom ei rekkje bøker leier førstebetjent Cato Isaksen oss gjennom uløyste gåter og mysterier. Ho skriv på ein måte som fangar lesarens interesse, ein kan lett leve seg inn i handlinga. Ho bruker mange gode skildringar, men bøkene er samstundes lettleste. Ho tek gjerne opp tema som ein kan kjenne seg igjen i, ting som er aktuelle i kvardagen.

 

Anna hadde ikkje aning om kva som skulle hende seinare den sommaren, då ho og familien reiste til sommarhytta. Ein dag ho ligg nede ved stranda, møtar ho ein gut. Didrik er heilt perfekt, alle jenters draum. Ho vert forelska med ein gong, og klarar ikkje å få han ut av tankane. Nokre dagar seinare kjem Amanda, besteveninna, på besøk. Anna berre må vise fram Didrik, og tek ho med til arbeidsplassen hans, men seinare same dag angrar ho. Dei ligg på rommet då Amanda plutseleg fortel Anna at ho har hatt sex. Men ekstypen. Og at ho er interessert i Didrik! Ho spør Anna om ho også er det, men Anna blir redd og seier nei. Resten av tida Amanda er der, må Anna sjå på at Amanda flørtar iherdig med guten som eigentleg skulle vore hennar. Då Amanda endeleg reiser, føler Anna seg pressa til å gjøre ting ho eigentleg ikkje vil. Didrik og Anna kjem nærmare og nærmare, og ein dag tek han ho med seg opp i hytta si. Det er bare dei to, og Anna veit godt kva han vil. Då han byrjar å ta på ho, føler ho seg ukomfortabel, men seier ikkje noko til Didrik. Ho let han få det som han vil. Anna ligg med ein gut for første gong i ein alder av fjorten år. Det einaste ho tenkjer på er; Amanda ville gjort det!


 

Hausten kjem og skulen byrjar, men noko er annleis. Anna føler seg dårleg, kastar opp og er slapp heile tida. Kan ho verkeleg vera gravid? Anna klarer ikkje kvitte seg med denne fryktelige tanken, men våge likevel ikkje å sei noko til mora. Ein graviditetstest stadfestar det ho har frykta så lenge. Resultatet er positivt. Det veks eit born i magen hennar!

 

Då ho endeleg fortel foreldra sine om røyndommen ho har bore på så altfor lenge, vert dei heilt sjokkerte. Dei har merka at ho har oppført seg underleg, men hadde aldri trudde det var noko så alvorleg. Mora fortel Anna at ho og faren skal ta seg av det, men Anna skjønar ikkje heilt kva ho meinar. Ikkje før den komande måndagen.

 

Foreldra tek ho med seg til legen, utan nokon som helst forvarsel. Der finn dei ut at ho er 15 veker på veg. Fristen for å ta abort er 12 veker. Foreldra får sjokk, faren vert nesten rasande. Men før dei får sagt noko, forklarar legen at dei kanskje kan gjere et unntak, sida ho er så ung. Anna veit ikkje heilt om det er positivt eller negativt. Mens foreldra og legen avtalar forskjellige ting, sit Anna der utan å følgje så mykje med på kva som blir sagt. Alt kommer til å ordne seg likevel. Ho skal få eit normalt liv.

 

Men då ho ligg på sjukehuset blir ho usikker. Skal ho drepe barnet som har vorte til inni ho? Ho har sett på magen vokse, til og med kjend barnet sparka eit par gongar.

 

Då mora går ei lita tur på do, er det nest som om kroppen tenkjer sjølve. Som om ho handlar ut frå instinkt. Ho kjem seg ut av sjukehussenga, går ut på gangen, og forbi døra inn til toalettet. Anna går. Ned trappa, ut inngangen. Bort frå sjukehuset.

 

Boka fengslar ein på ein slik måte at ho er vanskeleg å leggje frå seg. Eg trur det er fordi det er så lett for meg å setje meg inn i situasjonen. Det å verte gravid i ein så ung alder er ikkje like uvanleg lenger. Mange jenter på min alder, inkludert meg sjølve, tenkjer mykje på kva vi ville gjort dersom vi vart gravide, og korleis venner og familie ville teke det. Lindell er flink til å forstå korleis jenter no tildags tenkjer. Sjølv om det høyres ut som ei typisk jentebok, trur eg faktisk at gutane ville hatt godt av å lesa ho også. Det ville hjelpt dei med å forstå litt av korleis vi jenter tenkjer.

 

Eg anbefalar denne boka på det høgaste!

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil