Søk i stiler
 

"Karen" av Alexander Kielland


Dette er ei analyse av novella "Karen" skreve av Alexander Kielland.

Karakter: 6/5 (10. klasse)

Sjanger:Analyse/tolkningLastet opp:18.01.2008
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Karen
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook

Eg har tenkt å skrive eit lite referat av novella ”Karen” som Alexander Kielland har skrive. Og så skal eg analysere ho, og sjå korleis kjærleik er eit tema i novella. Eg skal og skrive litt om korleis novella er ein del av realismen.

 

Novella ”Karen” var skrive av Alexander Kielland i 1882. Karen er ei ung jente som er vertinne ved Krarup kro. Ho er alvorleg og taus, men er utruleg effektiv og har alltid kontroll.

 

Karen er forelska i postføraren, som ho har eit forhold til. Postføraren kjem til kroa, og Karen har full kontroll på alle gjestane og bestillingane, men så blir det fullstendig forvirring, ingen får det dei har bedd om. Karen og postføraren forsvinn samtidig. Litt etter kjem dei tilbake, og postføraren drar igjen.

 

Karen overhøyrer to handelsmenn prate om postføraren, og finn ut han er gift og har to born. Ho forduftar frå kroa, og overhøyrer at dei ropar etter henne. Ho ser inga anna løysing enn å ta livet sitt sjølv, og det gjer ho ved å drukne seg i myra. Karen er gravid.

 

Novella blir fortalt og beskrive av ein tredjeperson, som eg ser for meg sitt innerst i ein krok på kroa. Han skildrar det som skjer og stemninga ut i frå handlingane, personane sine utrykk og utsjånad. Vi ser klart for oss den ytre handlinga. Lesaren blir på ein måte observatør til det som skjer, og får ingen konkrete innblikk i personane sine tankar og kjensler. Det som gjer at vi skjønner kva som går for seg, er alle dei ytre beskrivingane, og det blir fortalt mykje sjølv om det er brukt få ord.

 

Handlinga går føre seg på same stad, berre i løpet av eit par timar. Begynninga begynner enkelt og greitt med "Det var en gang i Krarup kro en pike, som het Karen". Novella er delt opp i fleire, tydeleg åtskilte deler. Den første delen beskriv Karen, og korleis stemninga er i kroa ein kald haustkveld. Den andre delen er framkomsten til postføraren, og til slutt får vi høyre kva som skjer etter besøket hans. Det er også ei anna forteljing parallelt med den om Karen og postføraren, den er om haren og reven, som har mange likskapar med Karen og postføraren.

 

Hovudpersonen i novella er Karen. Ho er ei spinkel og lita jente, og ho er vakker. Karen har alltid full kontroll, men ho er stille og alvorleg. Ho blir skildra med ytre beskrivingar, og vi får vite korleis ho er, gjennom gjestane si oppfatning av ho. Ho har eit forhold til postføraren, og vi kan oppfatte at ho er forelska. Vi får høyre om hennar stille reaksjon på at postføraren er på veg. ”De store øynene og de forundrede øyenbryn var liksom spente i forventning”. Slik får vi innblikk i kjenslene hennar, og vi får vite at det er noko underleg over henne. ”Som om hun så langt etter noe – eller lyttet – eller ventet – eller drømte”. Dette gjer at vi forstår at ho ser fram til at postføraren kjem, og at ho gledar seg.

 

Vi får også vite at ho er gravid, ikkje direkte, men med at det blir beskrive korleis den blå kvardagskjolen hennar er blitt for trong. For å oppfatte dette, må lesaren lese novella grundig, og kanskje fleire gonger.

 

Etter at ho og postføraren kjem tilbake, blir det beskrive korleis Karen ser ut. ”Hun hadde fått farve i kinnene og et lite halvskjult glimt av et smil”. Dette er nok eit teikn på at ho er lykkeleg, ho har eit håp om framtida, og om at ho og postføraren ein dag ikkje lenger treng å skjule forholdet. Karen er blind av kjærleik.

 

Vi blir fortalt kva som skjer med Karen til slutt, kun med eit "plask" og at det mangla to forundra grå auge i Krarup kro.

 

Postføraren er også ein slags hovudperson. ”En høy, smukk mann med mørke øyne, sort krøllet skjegg og et lite, kruset hovud”. Han har det alltid travelt med å komme seg til Krarup kro. Han er gift og har to born, og det har han heldt godt skjult for Karen. Når han dukkar fram igjen etter at han og Karen har møttest, er han varm og nære på sveitt. Og han fortel Anders postkar at han er varm, med eit smil om munnen. Dette oppfattar eg som skryt, og det at Anders postkar smiler tilbake, viser til at han veit kva som går føre seg. Men postkaren er nok ein som ikkje kjem til å fortelje noko vidare. Postføraren er sjølvtilfreds, for han har klart å forføre Karen. Han er slu og smart. Postføraren har nok ganske høg sosial rang, og i alle fall mykje høgare enn Karen.

 

Revens jakt på haren er ei eiga historie, men kan tolkas som eit symbol på forholdet mellom Karen og postføraren. Det går føre seg ved torvmyra, der reven ventar på haren som hoppar rundt. Reven er slu og smart, men ventar for lenge med å angripe haren. Det at postføraren indirekte klarer å ta livet av Karen, med løgnene sine, gjer at haren slepp unna reven. Når Karen hoppar ut i myra, blir haren skremt av plasket og kjem seg unna, uvitande om reven sine skumle planer.

 

Vinden er også ei anna parallellhandling. Den gir spenning i novella. Vinden opparbeidar seg når postføraren er på veg, noko kjem til å skje. Og når spenninga er på topp er vinden på sitt verste. Vinden er sameint med handlinga i novella.

 

Temaet i novella er kjærleiksforhold mellom mann og kvinne. Kvinna opplev svik, fordi mannen berre er ute etter å tilfredstille sine eigne behov. Han utnyttar seg av kvinnas uvitskap, og uskyldigheita hennar. Han utnyttar også kvinnas romantiske kjensler og lengsler. Kvinna drøymer om noko meir, er naiv og blind av forelsking.

 

Når ho oppdagar at han har svike ho og heldt ho for narr, tør ho ikkje leve i skamma. Ho vel å ta sitt eige liv, i staden for å leve utan den ho elskar og få eit barn utanom ekteskap. Så kort sagt, handlar ”Karen” om kjærleikssvik og utnytting.

 

Denne novella er skrive i realismen. Da var mange forfattarar og diktarar opptekne av samfunnsproblem, ekteskap og seksualmoral. Dei ville bringe dei mindre fine sidene av livet, fram i søkelyset, og skildre verkelegheita slik som ho var. Dei kritiserte samfunnet for at det ikkje gav kvinner sjansen til å bli sjølvstendige. Det var mykje dobbeltmoral om kva ein mann og ei kvinne kunne tillate seg på det seksuelle området. Det at Anders postkar smiler tilbake til postføraren når han kommenterer varmen, viser at det var akseptert at menn var ”lausaktige”, men Karen hadde nok ikkje blitt vist noko forståing. Ho såg inga anna løysing enn å ta sitt eige liv. Forholda har forandra seg sidan den gong novella blei skrive i 1882. Graviditet utanfor ekteskap er ikkje lenger ei stor katastrofe, og heller ikkje uvanleg, det får ikkje like store konsekvensar som før. Kvinna har rettar, kan klare seg bra økonomisk og liknande. I dag går det også an å velje ei ”enklare” løysning, som abort.

 

Alexander Kielland var ein av realistane på denne tida, som denne novella er eit bevis på. Novella både byrjar og avsluttar med ”det var en gang…”, og dette er kanskje eit hint om at dette er ei historie som gjentar seg.


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

penisforlenger
04.04.2014 08:59

Bra!
126
anbefalinger
woooow... du må ha liten tiss

xoxo din hustru

j
19.03.2014 10:46

Bra!
23
anbefalinger
bra tekst

Geek
15.04.2008 09:46

Bra!
19
anbefalinger
Dette er virkelig en grei gjennomgang Very Happy :-D Fått med det meste av det som er viktig.. Stå på!!

Marit
03.03.2008 19:28

Bra!
11
anbefalinger
Takk for det  Very Happy :-D

Sidd
14.06.2011 21:38

Bra!
9
anbefalinger
Meget bra, særlig ettersom jeg skal opp i Norsk muntlig med dette som pensum i morrrraaaaa!  Razz :-P Takk! Very Happy :-D


DiaryWriter
24.02.2008 16:34

Bra!
8
anbefalinger
Har akkurat lest den i niende kl. Bra skrevet  Very Happy :-D

YOLOSWAG
05.06.2014 14:30

Bra!
6
anbefalinger
ANDERS POSTKAR E CHUCK BASS JO! #YOLOSWAG #DRARDAMER #YOUKNOWULOVEMEXOXOGOSSIPGIRL


08.05.2016 23:59

Bra!
2
anbefalinger
God analyse. Novella har eventyrpreg. Den ble nok brukt som advarsel mot å la seg blende av et flott utseende. Temaet er kjærlighetssviket og sviket mot ekte kjærlighet som postføreren gjør seg skyldig i.

F
29.09.2016 12:57

Bra!
2
anbefalinger
DICK OUT FOR

hallo
23.01.2017 10:14

Bra!
1
anbefalinger
hallo

Viktor
14.06.2017 11:54

Bra!
1
anbefalinger
Takk for dette her asså! Skal ha muntlig norsk i morgen, dette var absolutt særdeles stor hjelp! Takk takk!


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.019 sec - 1 pageviews