Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Kva funksjon har døden hos de ulike forfattarane?

Kva funksjon har døden hos de ulike forfattarane?

Heldagsprøve i norsk sidemål om utvalgte norske forfatteres litterære forhold til døden.

Karakter: 5/4 (3. klasse, vgs)

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
14.01.2008


Oppgave 5

Kva funksjon har døden hos de ulike forfattarane?

 

Ja, kva funksjon har eigentleg døden? Døden er vel ikkje berre ein fysiologisk reaksjon som følgje av sjukdom, elde, eller ulykke? Kva tenkjer forfattarane at den har for funksjon? Kva tenkjer du den har for funksjon?

 

Eg trur døden har fleire funksjoner for oss menneske, det kjem og til uttrykk i dikta som vi skulle ta utgangspunkt i. Mange menneske gje til dømes uttrykk for at dei trur vi vil få det enklare når vi bikke over til andre sida, særleg i tunge stunder når ein oppleve at livet går ein i mot, eller om ein føler at i livet i sin heilskap er tungt og trått. I slike situasjonar vil døden kunne ha ein trøystande funksjon.

 

Som i diktet av Ingebjørg Kasin Sandsdalen; ”Tak ikkje Gud ifrå meg”. Her skriver ho om kva slags funksjon døden har for hennar del. I motsetning til Rolf Jakobsen, har ho allereie ein bestemt ide om kva som hende når livet er over. Denne ideen er med på å halde ho oppe. Den gjer livet hennar enklare å tåle. Ideen om å få kunne ”stige inn gjennom perleporten” gi ho ein ekstra årsak til å halde ut livet. Gud blir for ho ei ekstra drivkraft. Ho skriv blant anna;


 

”… Sløkkjast livet

 som blodvarmt bankar

 går jorda under for meg…”

 

Så om nokon skulle ta ifrå hennar trua på Gud og Himmelen, ville med andre ord verda hennar bli rivi i sund. Slik at i hennar tilfelle fungerer døden som ein trøst, som ein lovnad om at det vil bli betre. Ein er ganske så heldig om ein er så sterk i trua. Ein må ha ein kjensle av tryggleik som er få forunnt. Ofte har eg tatt meg i å tenkje at eg skulle ynskje eg var kristen. Men i og med at eg berre ynskjer å bli kristen, så vil det seia at eg ikkje er kristen? Ein kan jo ikkje berre bestemme seg for å bli kristen? Ein må vel kjenne det? Eg trur at om ein er kristen, så er det er noko ein veit, ikkje noko ein bestemmer seg for.

 

Elles så trur eg de fleste av oss treng ei slik ekstra årsak til å halde ut til tider. Eg har i alle fall sjølv opplevd at eg nokre gonger har trengt ei ekstra årsak til å halde ut, liksom trengt litt meir bensin for å kunne ta i bruk det siste giret. Akkurat som nå, rett føre jul, ein har så mye ein skal gjera og hale i land at ein nesten ikkje trur at det er mogleg å få alt ferdig. Det er neimen ikkje langt unna at ein berre gir opp. Men, det at ein veit at det snart er ferie, at ein veit at ein berre kan slappe av og ta det heilt med ro, gir ein ekstra styrke til å gjennomføre.

 

I Rolf Jakobsens dikt; ”Plutselig. I desember”, har ikkje hovudpersonen gjort seg opp ei bestemt meining om kva som vil hende etter ein er gått vekk. Han har inga idear om korkje Gud eller perleporten. Hovudpersonen stiller seg heller spørjande til kva som hende etter døden. Ein kjenne håpet til hovudpersonen og det sterke ynskje hans om at det må vera noko meir enn berre søvn;

 

Kjæreste venn, hvor er vår glede nu,

de gode hendene, det unge smilet,

hårets lyskrans over pannen din, ditt mot

og dette overskudd av liv og håp?

under sneen. Under den brune kransen.”

 

Så hos R. Jakobsen, er det ikkje døden i seg sjølve som har ein trøystande funksjon, det er ideen om døden. Hans ide om døden gir han heller ein moglegheit til å skape seg eit håp. Eit håp om å atter ein gong kunne få sjå ein annan. At ein ikkje utan vidare blir rivi ifrå ein annan. At døden ikkje er omsynslaus.

 

Denne ideen kjenner eg meg meir heime i. Eg mista bestevenninna mi for snart tre år sida, og det å miste nokon gjer så vondt, det er så meiningslaust, at tanken på at det ikkje finnest noko meir, eller at ein ikkje skal møtast att, blir for vanskeleg. Så for at eg skulle klare og slå meg til ro, og for å klare og komma meg vidare, var eg nesten nøydt til å tru på at det var noko meir. Det rare var, at denne kjensla meir eller mindre kom heilt tå seg sjølv. I likskap med Jakobsens hovudkarakter så var det ikkje døden i seg sjølv som gav trøyst, men mi eige ide om døden. Min ide om at ho hadde det bra der ho var no, og at når det vart min tur så ville vi møtast att.

 

Ta ”Kal”, ifrå diktet ”Eventyr” av Alf Prøysen, han var ein av dei som ikkje var så sikker på om han kom til å få det så bra når skulle bli med døden. ”Kal” var sikker på at han ”itte kunne vente no paradisseng”, for det var mye han hadde uoppgjort! Blant anna var han skuldig Klara tre liter mjølk! I det siste verset forteljar han ”dauen” dette;

 

je trudde dauen var fali og stygg,

men du lei meg, du, du er rolig og trygg.

Nå er je så trøtt, je får legga meg ned

i armkroken din der je trur je finn fred?”

”Ja, her ska du såvå,” sa dauen.”

 

Prøysen framstille døden som ein ganske roleg, avslappa type. Han gjer ikkje regning for kor mange liter mjølk du skylde, det er ikkje det som betyr noko. Prøysen ufarleggjer døden, viser ein lite sjølvhøgtidleg side av han. I Prøysens verd var ikkje døden noko ein skulle bruke som trussel for å skremme folk til god åtferd. Om ein måtte bli skremt til å te seg på ein høveleg vis, var ein ikkje mye tess okke som. Det trur eg Prøysen har så rett, så rett i! Denne ideen om døden, som Prøysen framsyner her, er vel den eg ser på som den mest rettkomne.

 

Eg har litt vanskeleg for å tru på dommedag, at det skal vere ein der oppe som skal kunne dømme alt eg har gjort meg skuldig og ikkje skuldig i, eller kva du har gjort deg skuld i, for den saks skuld. Eg håper jo på at det finnes ein eller anna form for rettferd, at ikkje ein berre skal kunne ture fram og gjera som ein vil, utan at det får konsekvensar. Men, kven skal kunne avseie dommane? På kva slags grunnlag og på kvens premissar? Det finner eg vanskeleg å avgjera.

 

At alle har ein ide om døden er nok ganske så sikkert. At alle desse ideane har ein funksjon er og heilt sikkert. Men, at mi funksjon samstemmer med di, er nok ikkje heilt sikkert. Så, kva funksjon har din ide om døden?


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil