Søk i stiler
 

Frostrøyk over tjernet


En skildringshistorie fra en vinterdag i naturen.
Sjanger:NovelleLastet opp:18.11.2007
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Friluftsliv
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook


Den blå streken har snigla seg ned til 20 minus gradar og det blåser svakt. Til og med vêret er imot meg no. Eg rømte til hytta for å sleppe livet der alle er misnøgde med meg og klagar på den minste ting, men det er visst umogleg. Ikkje ein gong Tussa, som står og pip framfor døra, er nøgd med meg. Ho har ikkje vore ute på ei stund, så eg kler på meg godt og går ut i kulda. Tussa sett på sprang bort til eit tre, med greiner som strekk seg langt ut frå stamma, snusar og gjer det som trengst. Eg legg armane mine i kross og går i retning mot det vesle tjernet. Det knasar i lyngen når eg går og pusten min lagar store tåkeskyer. Ein varsam vind kjem og trekkjer kaldt nedover halsen min, og eg angrar på at eg ikkje tok på meg eit skjerf. Eg stoppar for å gnide hendene mine mellom knea, samtidig som ei tjukk tåke kjem sigande frå nord.

 

Etter nokre hundre meter, kjem eg fram til tjernet som tåka ikkje har dekt ennå. Tussa kjem springande forbi, så raskt at eg skvett, med tunga på slep. Ho pustar tungt og lagar den einaste lyden på heile staden.

 

Eg set meg på ein stein og ser rundt på den forlatte staden. Ein frostrøyk har lagt seg over vassflata, liksom eit bål brenn skjult under vatnet ein plass. Han skjuler nesten sivet og vassliljene som flyt på den halvt frosne vassoverflata. Det minner meg om jobben min der alle dei gode gjerningane blir skjult av eit tjukt slør, som er sigarettrøyken til sjefen.

 

På andre sida av vatnet er det ei nesten ròten, gammal hytte, som saman med tre og fjell, spegler seg svakt i vatnet. Eg føler meg som den rotne hytta. Trea og fjella er alle dei som er større og har meir makt enn meg. Dei ser ned på meg med tunge blikk utan å dekkje avskyen og motviljen. Tussa kjem og set seg ved sida av meg med ein pinne i munnen. Eg tek pinnen og kastar han ut i vatnet, som trass i vinden er heilt stille. Idet pinnen treff vassoverflata, dukkar det opp ein ring, så to ringar. Ringane held fram å formeire seg, og naturen minner meg ennå ein gong om noko. Denne gongen er det problema som starta som små uviktige problem, men som utvikla seg til verkelege problem med store ringverknader.

 

Tussa flyg etter pinnen, men stoppar når ho kjenner kor kaldt vatnet er og ser opp på meg med eit blikk som ber om hjelp. Eg er ikkje i humør til å bade akkurat no, så eg blir sitjande. Vinden blåser håret mitt bort frå ansiktet og eg kjenner plutseleg noe vått, kaldt lande på hovudet mitt. Eg ser opp i vêret.

 

Det er snø! Dei første snøfnugga kjem no dalande ned og legg seg på den frosne bakken. Den snøen som burde ha kommi for lenge sidan, kjem no som små, tette fnugg som ein så vidt kan skimte forskjellige mønster på. Små stjerner som langsamt fell ned frå ein mørk og kald himmel. Snøen prøver å lande på tjernet, men mislykkes i forsøket og blir i staden soge opp og sameina med vatnet. Eg forstår at eg ikkje er den einaste som mislykkes i mine forsøk. Sola er på veg ned, og eg nyt dei siste restane av solstråler og ein vakker solnedgang i mange fantastiske farger. Sidan dei nydelege fargane er dei einaste fargane i livet mitt bestemmer eg meg. Eg vil gjere nokon til lags, men bare førebels. Inst inne veit eg at Tussa ikkje ville valgt pinne framfor meg.

 

Eg kyssar Tussa på panna og går mot dei utviska ringane.


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

Rikke
07.04.2008 20:20

Bra!
3
anbefalinger
Elsker skildringen din!
Stjal litt til en stil jeg skrev(a)..


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.011 sec - 1 pageviews