Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Leonardo da Vinci

Leonardo da Vinci

Kort presentasjon av den italienske kunstnaren Leonardo da Vinci. Semesteroppgåve kunst og handverk, 9. klasse.

Sjanger
Faktaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
18.11.2007

Leonardo da Vinci er ein verdskjent mann frå Firenze i Italia. Han vart født 15. April 1452 og han døde 2. Mai 1519. Han vart med andre ord 67 år gammal. Leonardo da Vinci dreiv med mykje forskjellige ting, blant anna var han malar, vitskapsmann, ingeniør, bilethoggar, anatomiar, arkitekt, matematikar, oppfinnar, musikar, forfattar. Han vart ofte kalla eit universalgeni, det fordi han var utruleg smart og han kunne omtrent alt mogleg.

 

Han var født og oppvaksen i Vinci i Italia, og namnet da Vinci tyder ”frå Vinci”. Han var ein uekte son av notaren Messer Piero og ei bondekvinne.

 

I hans egen tid var han mest kjent for sine maleri. Det er han framleis, men dei geniale oppfinningane og konstruksjonane da Vinci teikna, vart ikkje oppdaga før fleire hundreår seinare. Altså han låg langt forut si tid.

 

<bilde>
Leonardo levde i renessansen, ei tid med kulturell utvikling. Då familien til Leonardo oppdaga at han hadde talent sendte dei han til Firenze i cirka 1466, altså kun 14 år gammal. Der vart han satt i lære i 6 år oss meisteren Andrea del Verrochio. Han var malar og bilethoggar, og han har hatt stor innflytelse på utviklinga til da Vinci. På verkstadet til Andrea fekk Leonardo arbeide saman med berømte kunstnarar som Botticelli, Perugino og Lorenzo di Credi. Der lærte han blant anna teikning og å lage skulpturar.

 

Frå 1472 og dei neste 10 åra, arbeidde da Vinci som malar i Firenze. Seinare reiste han til Milano. Der vart han verande ei stund, heilt til 1499. Der arbeida han for hertugen av Milano. Han fekk sitt eige verkstad med lærlingar. Der mala han maleriet ”Nattverden”. Det er eit av hans mest kjente maleri, som viser nattverden slik den er beskriven i  bibelen. Det er blitt laga ein del teoriar rundt biletet blant anna som omgår Maria Magdalena.

 

Etter å ha vert i Milano ei god stund, vart fall byen utan kamp mot franskmennene. Da Vinci og hertugen måtte då forlate byen. Da Vinci drog til Venezia og vidare til Firenze. Der fekk han jobb som sjefinspektør i militæret. Men som alltid var maling hans største interesse. Og medan han budde der mala han Mona Lisa. Det vart mala i 1503 og er hans mest kjende verk noko sinne. I dag er maleriet utstilt i det kjende museet Louvre, i Paris.

 

Leonardo fortsette å reise rundt, heilt til han døde 2. mai 1519 i Frankrike.

 

Det er mykje som er verdt å nemne om Leonardo da Vinci. Han var som sagt tidlegare eit universalgeni. Han var rett og slett utruleg smart, langt forut si tid. Mange av dei oppfinningane Leonardo gjorde, vart ikkje oppdaga og tatt i bruk før hundreår seinare. Han fant opp blant anna helikopteret, redningsvest, kraner, kontaktlinser m.m. Dette er Leonardo godt kjend for, men han vil nok alltid vere mest kjend for sin kunst, med maleriet Mona Lisa i front.

 

<bilde>

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil