Märtha - ei utgreiing

Eit svært kort kåseri om Märthas englaprat.
Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2007.07.26
Tema
New age

No er det offentlig! Märtha har annonsert at ho skal starte opp ein skule for folk som vil verte synske eller sjå englar. Kritikken har vore både kvass og usakleg, god og støttande. Men kva var det som fekk Märtha til plutseleg å ville vifte litt med sin eigen tryllestav????

 

Sjølv seier ho at ho alltid har kunna snakke med både eitt og hitt, men den teorien har eg allereie lagt på is. Eg meinar Ari har noko med dette å gjere! Vi veit jo alle korleis han er. Ein dag, rett etter han hadde vore på kjøkkenet og smurt håret sitt inn med olivenolje, kom han inn til Märtha og sa: "Du Märtha?? Jeg har en dritbra idè! Serviset mitt har jo ikke solgt så bra i det siste, så hva om du gjorde et lite PR-stunt??? Dersom du for eksempel sa at du var synsk, bare for å velge noe, så ville hele Norge blitt snudd på hodet. Du er jo limet som holder alt sammen...." (Slike kompliment må han kontinuerlig gi til Märtha, for utan dei ville ho heller strigla hesten sin enn å gi Ari kos). "

Når du så, etter hvert måtte ha innkalt til pressekonferanse kunne vi servert dem middag på mitt servise! Da hadde alle fått øynene opp for det, og jeg ville blitt svært rik!!!!!" (Då sette Märtha augene i Ari). "Jeg mener glad, selvsagt". Slik trur eg det gjekk til! Men ein kan jo aldri vere heilt sikker, dette er jo (som sagt) berre spekulasjonar. Märtha har dessutan både kongen og eventyra sine å støtte seg til - dersom det skulle vise seg at skulen hennar ikkje går så bra som ho (og Ari???) vonar den vil.

 

Forfatteren skriver: Svært mykje ironi i denne teksten - eg støttar Märtha ;)

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst