Søk i stiler
 

Nytt mot.


Om å miste familie.
Sjanger:FortellingLastet opp:11.07.2000
Språkform:BokmålForfatter:
Tema:Sorg og savn
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook


Det var ein grå dag i september månad. Skumringa låg rundt henne der ho gjekk langs det mørke havet. Hovudet hennar var bøygd, og ei lita tåre rann stille nedover kinnet hennar. Vesle Marie var berre 12 år. Ho hadde langt lyst hår som flagra i den stille vinden. Ho sette seg ned på ein stein ved vasskanten. Her kunne ho vera åleine. Sleppa alle spørsmåla og prøva å samla tankane, sjølv ho visste at det ikkje nytta. Kvifor måtte dette henda henne? Kvifor ingen av dei andre...nokon som verkeleg hadde fortent det. Ho opna stille dagboka. Ho hadde alltid likt å lesa i ho, men no........Marie kjende eit stikk i hjarta. Alt var så forandra. Den dumme ulykka hadde forandra heile livet.

 

Søndag 21/7- 99

 

Kjære Dagbok!

 

Kva skal eg gjera? No orkar eg ikkje meir. Fyrst mista eg Håkon i båtulykka for to år sidan, og så var eg ikkje kome over det før dette grusomme skjer. Ja, eg skal byrja frå byrjinga; Mamma var hjå ei venninne i går kveld. Ho hadde drukke litt , så ho ringde til Daniel, broren min, og spurde om han kunne hente henne. Han kom på den avtalte tida, tok henne med seg ut i bilen, og køyrde heimover. Halvvegs heime mista Daniel styringa på bilen og glei over i det motsatte køyrefeltet. Han fekk kontrollen like etter, men for seint........

 

Dei døyde begge! Dei gjekk berre ifrå meg! No er det berre meg og bestemor att. Først far, så Håkon og deretter Daniel og mamma. Mamma kan ikkje berre gå bort.....

 

Marie tørka bort tårene som no fossa nedover kinnet. Livet var øydelagt! Heldigvis hadde ho bestemor. Men ho var for svak til å gjera så mykje. Marie hadde begynt å fryse. Mørkt hadde det òg vorte. Mørket var svart og ekkelt. Det minna henne på den kvelden. Ulykka. Ho strekkte handa ned til bakken og tok opp ein stein. Han var hard og kald. Han minna henne liksom litt om livet hennar. Den perioden ho var inne i no. Steinen virka ikkje særleg interessant, heller kald og stygg. Men viss ho brukte fantasien kunne ho finna noko positivt i han òg. Ein kan bruka ein stein til å laga rytmar, teikne i sanden, spila forskjellige spel.....eller berre kaste han bort. Kaste han bort, berre gløyme alt som har hent. Trekkje seg inn i seg sjølv og vere innestengt resten av livet. Nei dette klarte ho ikkje. Ho måtte klare å leve vidare uansett kva som hende. Ho hadde klart det då faren gjekk frå henne, ho hadde klart det etter Håkon gjekk, og ho skulle klare det no òg. Ho måtte klare det, for bestemora si skuld.

 

Ho reiste seg forsiktig, vende ryggen til havet og rusla med nytt mot heimover.

Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

RetroGirl
02.08.2011 17:07

Bra!
0
anbefalinger
Fikk tårer i öynene... så fin den var. Lurer på åssen de kommer til å gå me ho etterpå...


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.012 sec - 1 pageviews