Søk i stiler
 

Eventyret om dei tre kjendisane som skulle til ”Blid og Brun” for å bli brune


Et moderne eventyr om Paris Hitlon, Nicole Richie og Lindsay Lohan som skal til "brun og blid." - En slags parodi på "bukkene bruse".

Skrevet i 10. klasse.

Sjanger:EventyrLastet opp:07.01.2007
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Kjendiser
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook


Det var ein gong for lenge sida, at dei tre kjendisane Paris Hilton, Nicole Ritchie og Lindsay Lohan skulle til ”Blid og Brun” for å sole seg brune. Dei bestemte seg for å gje limousinsjåføren fri, slik at dei var nøydt til å gå heile vegen. Jentene var ikkje vant til å gå så lange turar, slik at dei såg på dette som ei verkeleg utfordring.

Da dei hadde gått langt om lenge og lengre enn langt kom jentene fram til ein benk.  Da ville Paris ta ein kvilepause.  ”Vent! Kan vi ikkje kvile litt? Eg er så trøtt, eg orkar ikkje gå lenger!” ropte ho til dei to som gjekk langt framfør henne. ” Haha, du som ikkje orker denne vesle turen kommar til å bli lat og feit ein dag!” ropte dei nesten i kor og lo. Da skal eg sei at det blei fart på Paris, jentene hadde aldri sett ho gå så fort før.

 

Da dei hadde gått et lite stykke til, kom dei omsider fram til ”Brun og Blid.” Men rett som det var  møtte dei på ein stor flokk med fotografar frå både blader og aviser som var interessert i å ta bilde av dei. Blitsen gjekk i eit kjør og jentene poserte slik dei alltid gjorde når nokon hadde eit kamera.

 

Etter ei stund blei jentene lei av all poseringa, og bestemte seg for og prøve å snike seg inn, utan å vekke oppsikt. Paris ville prøve først. Stille sneik hun seg bortover. ”Klikk-klakk-klikk-klakk,” sa det i de høge hælane hennar. Plutseleg fikk alle auge på ho og blitsen gikk amok blant fotografane. Paris gikk i bakken med et smell idet ho fikk sagt sine siste ord ”That’s Hot!” Bodyguarden hennar kom springande bort, for å sjå kva som var gale med henne, men tilslutt reiste han seg opp.

”Det ser ut som at all blitsen har drepe dei siste hjernecellene hennar, noe som har forårsaka at ho er blitt invalid!” sa han og var så trist i målet.

 

Så var det Nicole Ritchie sin tur, ho lista seg så stilt på tå ”klikk-klakk-klikk-klakk,” sa det i skoa hennar, ho var så tynn og mager at ein kunne nesten ikkje høyre henne idet ho plutseleg falt i bakken med eit lite smell. Bodyguarden hennar gjorde like eins som den første og sprang bort for å sjå kva som var gale. ”Ho har visst ikkje spist noko på snart tre månader, så ho døyde av svolt,” sa han mens han ringte etter ein limousin som kunne hente henne. Han var så trist i målet han, som den første.

 

Etter ei lita stund så bestemte Lindsay Lohan seg også for å prøve lykka. Ho smilte og skreiv autografar i lang tid, og kom seg et og et skritt nærmare døra. Da ho var ein meter unna døra så snudde ho seg, poserte ein siste gong, og smatt inn døra til ”Brun og Blid.”

 

Da fniste ho litt for seg sjølv og sprang til den nærmaste solsenga ho fant. Og er ho ikkje kommen tilbake enno, så er ho der sikkert fremleis,

 

for snipp,

              snapp,

                             snute

-        Så er eventyret ute.


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

Lise
22.05.2008 10:04

Bra!
0
anbefalinger
haha, jævli bra  Razz :-P


borgee
07.05.2009 19:00

Bra!
0
anbefalinger
hahah den var fresh!! Bra skrevet! : )
Det var litt dumt at de to andre døde, for det gjorde de ikke i bukkene bruse, men men ; )


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.016 sec - 1 pageviews