Søk i stiler
 

Å vere topptrenar i Noreg


Kommentar til Ivar Nordmarks utbrudd i Dagbladet.
Sjanger:ArtikkelLastet opp:17.11.2006
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Fotball
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Eg skal ta for meg artikkelen ”Frykter trenere kan begå selvmord” av Ivar Morten Nordmark. Der han meinar at fotballtrenarane i Noreg ikkje maktar presset som klubbane legger på dei. ”Hvis ikke fotballfamilien tar vare på hverandre, kan det komme til å skje en katastrofe i norsk fotball. Noen kommer til å ta sitt eget liv”, seier han til Sportmagasinet.

 

Eg er ikkje einig i denne uttalinga. For eg meinar at viss ein velgjer å bli fotballtrenar, så må ein rekna med å ha eit visst press på seg. Det er jo ikkje nokon som påleggjar dei å vere fotballtrenar, dei velgjer det jo heilt sjølv. Og viss ein har ein dårleg psyke, vil eg råde dei til å ikkje bli fotballtrenarar. Eg vil seie som Ola By Rise sa: ”Det er ikke de svakeste ledd som får jobben i norske toppklubber.” Ola By Rise opplevde sjølv å bli sparka da han blei seriemeister med Rosenborg i 2004.

 

Men det er ikkje bare Ola By Rise som har fått sparken dei siste åra i norsk toppfotball. Det er mange som har lidd same lagnad som han. Vi kan til dømes fortsette med Rosenborg. Dei har sidan 2002 hatt seks forskjellige trenarar. Og i årets Tippeliga, har 8 av 14 trenarar slutta som på grunn av ulike orsakar. Men dei fleste har blitt sparka. Ein kan spørje seg sjølv kva som føregår i leiinga til dei norske klubbane. Om dei i heile tatt tenkjer langsiktig, å la trenarane lov til byggje eit lag. Men ein skulle ikkje tru dei tenkte seg om før dei sparka trenarane sine. For meg verker det som dei tar paniske avgjerder som dei trur skal redda dei frå å rykkje ned.

 

Eg meinar at klubbane må vere litt tolmodige. Å la dei skape eit slagkraftig lag over tid, som kan kjempe i toppen norsk fotball. For når dei tilsetjar ein trenar, må dei jo ha trua på at han kan lage eit godt lag. Men når gode trenarar blir sparka kan dei jo spørje seg: ”Kva galen har eg gjort?” Det er ikkje sikkert det er trenarane som har gjort noko feil, men leiinga i klubben.

 

Men tilbake til det å være trenar i Noreg. Det er tøft, og det skal være tøft å lede eit fotballag på norsk toppnivå. Og eg kan sitere Arne Erlandsen: ”Det blir tøffere og tøffere, men når man er fotballtrener på toppnivå vet man at man er gud den ene helga og styggedommen den neste. Jeg er veldig klar på at dette er et valg vi har selv, vi vet hva det fører med seg og det er enkelt å la være.” Men som Erlandsen sjølv seier, er det jo eit val kvar enkelt trenar må ta. Erlandsen samanliknar vidare det å vere topptrenar med å vere ein toppleiar i næringslivet. Og det finnes jo fleire ”toppar” i næringslivet som har teke sitt ege liv.

 

Erik Soler derimot, som er tidlegare spillar, investor og nå styreformann i Start, meiner at norsk fotball er veldig hyggeleg i forhold til det store utland. Og eg må vel seie meg einig med psykolog Erik Soler der. Fotballtrenarlivet i til dømes England er mykje verre. Det engelske folket er svært kravstore, og presterar ikkje klubbane, krevjar dei trenaren avsett.

 

Media er også ein viktig faktor som trenarane må takle. Når klubbane ikkje presterar, blir dei ”slakta” i media. Og viss ein ikkje taklar medieoppmerksemda, har ein ingenting som topptrenar å gjere. Eg må seie meg einig med psykolog Erik Soler nok ein gang: ”Det kan ikke være overraskende at det er medieoppmerksomhet, og det kan heller ikke være overraskende at man må slutte. Hvis man ikke tåler det, så er ikke dette en arena man bør bevege seg inn på.”

 

Vi kan altså seie at det er litt tøft å vere topptrenar i fotball-Noreg. Men eg er sikker på at presset og krava til topptrenarane ikkje vil minke med det første. Eg trur heller at i åra som kjem, vil det bli tøffare og tøffare å lede eit lag for kvar sesong. Så tilslutt du godaste Ivar Morten Nordmark, vil eg seie deg nokre ting. Eg trur Tromsø gjorde det rette i å avsette deg som trenar for klubben. Ikkje på grunn av dei svake resultata, eller din leiartype. Men av den grunn at du rett og slett ikkje har psyke nok til å vere topptrenar i Noreg. For skal ein vere topptrenar i Noreg, må ein ha bein å nesa, ballar av stål eller noko i den duren.


Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.032 sec - 1 pageviews