Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Tolkning av 'Kjærleiken er eit filmtriks', og 'Rak'

Tolkning av 'Kjærleiken er eit filmtriks', og 'Rak'

Tolkning av "Kjærleiken er eit filmtriks" og "Rak".

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Bokmål
Lastet opp
17.06.2000


Kjærleiken er tryggleik, varme og nærleik. Kjenslene er i spinn, og ein er utruleg lykkeleg. Kjærleiken fattast ulikt for kvar enkelt. Nokre går rundt i deira eiga verd utan å ensa kva som skjer rundt dei. Andre klarar ikkje å ete på fleire dagar, mens nokre igjen ikkje får noko synlege forandringar. Fyrste kjærleiken kan vere både fin og trist. Ein veit ikkje kva ein hoppar uti. Får ein gjengjeldt den kjærleiken ein gjer? Dersom ikkje, som dessverre skjer enkelte gongar, blir ein forferdeleg såra og lei seg. Nokre lukkar seg sjølv inne og isolerer seg frå omverda, og tenkjer at ein aldri kjem til å bli forelska i nokon annan. Det kan kjennast som om livet ikkje er verdt å leve. Dette er ein spesiell sorg, nemleg kjærleikssorg.

 

”Kjærleiken er eit filmtriks”, er ein roman, skrive av Rune Belsvik, om temaet kjærleik. Eg skal tolke eit utdrag frå denne romanen. Teksten inneheld små og knappe setningar, med forholdsvis enkelt ordforråd. Naturen er eit viktig verkemiddel gjennom heile teksten og Rune Belsvik har tatt i bruk metaforar for å få fram det han vil seie. ”Kjærleiken er eit filmtriks” handlar om ein gut, Arne Bu, som fortel om si fyrste kjærleik, Grete Eik. Arne var fyrst ein ung og uerfaren gut, når det gjaldt jenter. Han var mest knytt til familien, og det var berre foreldra som hadde rørt ved han, inntil Grete dukka opp. Dei kunne snakke om alt saman. Det var fyrst etter han gikk frå Grete, som hadde bygd opp sjølvtilliten hans ved all kjærleiken ho hadde gitt, at han skjønte kor glad han eigentleg var i ho. Han vart forelska. Arne kjem og vil ha ho tilbake, men ho er kald og lukkar han ute. Grete er såra og føler seg svika. Arne blir knust, og fortel om ei sår og vond kjærleikssorg som ikkje tek slutt.

 

Naturen og naturskildring er eit viktig virkemiddel i teksten. Dei er der for å gi lesaren eit bilde og for å skildre dei ulike årstidene. Allereie i fyrste setning får vi vite at det er ein kald vinterkveld, ”Ein vinterkveld…..Frose gras”. I slutten av teksten blir naturen brukt som metafor der han fortel om kjærleikssorga over Grete Eik: ”Ein vinter som aldri smelta i meg. Han heldt seg kjølig langt ut på våren..” Ordet ”Smelte” er brukt som metafor for ”stilna”. Og det som ikkje stilna (”han”), er vinteren. Her fortel han at kjærleikssorga varte til heilt uti våren. Alt er kaldt, og skal gi oss et bilde på det som er trist. Også i dei siste setningane er naturen brukt som metafor. Her seier han at kjærleikssorga ikkje ville smelte, at ho ikkje rann bort. Her fortel han dystert om kjærleikssorga hans som aldri tok slutt.

 

Rune Belsvik brukar vintaren som noko kaldt, dystert og trist, for å symbolisere og gi oss eit godt bilde på stemninga. Med tittelen, ”Kjærleiken er eit filmtriks” trur eg Arne prøver å fortelje at han blei lurt. Han skjønte for seint at det han og Grete hadde var ekte, at det var kjærleik. Hovudpersonen i teksten heite Arne Bue. Han fortel om si fyrste kjærleik, Grete Eik. Før Arne møtte Grete, var det familien som var nærmast for han. Han var ein ung og uerfaren gut, og hadde ikkje vore noko serleg borti jenter før. Grete gjorde han skremt og forvirra da ho kom til han. Dei som hadde vore nærmast han i mange år, vert plutseleg skyven i andre rekke. Opplevinga i det falleferdige huset spikrar seg fast i han. Dei ligg og pratar om kjenslene sine. Det er noko nytt for han, kanskje dei ikkje pratar så mykje om kva for kjensler dei har, i familien hans? Eg trur det var viktig for han å prate om kjenslene sine med Grete. Å tala med ei jente på sin eigen alder, for det seias jo at gutar ikkje snakkar så mykje om sånt med kvarandre.

 

Grete gir Arne sjølvtillit ved kjærleiken ho gir han. Dette førar til at Arne trur han kan bli elska av alle, og går frå Grete for å komme seg ut i verda, ut i verda å bli elska av alle! Han får plutseleg ei aha-oppleving og skjønner at det som hadde vært mellom han og Grete var ekte kjærleik. Arne vil ha Grete tilbake, men så trekker ho seg unna. Ho er såra og skuffa fordi ho blei svike, ho gav han kjærleik, og han berre drog. Dette gjer at Arne blir djupt såra, og får ein forferdeleg kjærleikssorg. Arne byrjar å undre på kva som er meininga med livet, no som han ikkje får det han ynskjer aller mest. ”Kva er vitsen”, ”korfor står eg her?” Han fortel om ”vinteren” som aldri ”smelta” i han. Her fortel han om kjærleikssorga som aldri tek slutt. Vinteren som er kulde, blir forbundet med noko tungt. Dei fleste gleder seg til sommaren, men her seier Arne at vinteren ikkje tar slutt, men er som ei evig mørketid. Han lever i sin egen verden, der alt bare er trist, og sommaren og fine dagar ikkje finnes. Belsvik brukar metaforar for kjærleikssorga: ”Ein kald måne. Kalde nevar”. Kalde nevar kan også tyde at han ikkje lengre har nokon å halde i handa. At han føler seg einsam, og forlaten. Han minnest den mjuke munnen hennar, den stille pusten, og lukta av henne i vinterkvelden. Her mimrar han om fyrste gang dei møttest. Det er ei oppsummering, som gjentek den fyrste delen i forteljinga. Dette er gjort bevisst, for å legge vekt på kva for ei stor oppleving det var for han.. Heilt til slutt, gjentek han at kjærleikssorga ikkje tok slutt. Gjentakinga er viktig, og legg vekt på viktige ting og detaljar som Belsvik vil vi skal leggje vekt på.

 

Rak er ein roman skreve av Inga E. Næss. Den ble gitt ut i 1995. Den handlar om kjærleiken og om kjærleikssorga. Eg skal tolke eit utdrag frå denne romanen. Rak handlar om Edvard, som bor i Jæra, eit lite fiskevær, truleg litt sør for Lofoten. Det er sommar, og tre jenter har leid Stranda-huset der. Edvard hjelper stadig jentene, og blir litt forelska i den eine jenta. Han følar etterkvart dei er blive hans vennar, og trur dei tenkjer det same om han.

 

Så ein kveld høyrer han jentene prate. Dei seier at ho som han er så kjær i, må ofre seg, fordi han har hjelpe dei så mykje. For dei har alle ensa at han er kjær i den eine. Jentene gjør narr av honom. Dette gjer at han held seg heime den siste veka dei er der. Likevel seier han ja til å gi dei skyss over til Storøya, siste dagen dei er der. Når han kjem heim blir han sitjande handlingslamma. Han følar seg svike og såra. At på til har han kjærleikssorg over den eine jenta.

 

Det er sommar (”brune jentekroppar, nakne legger”), og tre jenter er kommen opp til Jæra på ferie i nokre veker. Dei bur i Stranda-huset, eit forlate gammalt hus. Det finnes ikkje telefon i huset. Edvard tar imot telefonar og varslar dei. Det at dei ikkje har telefon sjølv, tyder på at dette er for ei tid tilbake. Edvard legg merke til ei av jentene, og synes ho er vakker. Det kjem fram da han studerer hennar. Han tykkjer ho er brun og fin, og har lyst å bli kjent med ho. Naturen er eit veldig viktig verkemiddel i teksten. Naturskildringa fortel oss at handlinga er nordpå, i eit fiskevær. Orda ”Tørrfiskhjellane”, og ”rorbuene” er noko vi forbind med eit fiskevær nordpå. Ærfuglen er også nemnt. Det er ein fugl som er kjent i Nord-Noreg. At måsen har lagt dunungar oppe på fjellet er også eit kjenneteikn. Måsen får ungar i mai/juni. Fordi jentene som er der på ferie allereie er brune, går eg ut ifrå at vi er midt i juni månad.

 

På turen dei tek til Floholmen kjem det enda tydelegare fram at Edvard tykkjer om ho eine jenta. ”Han vender seg mot henne, og vil henne godt.” ” I dag ligg ikkje Floholmen langt nok ut”. Her seie han at han skulle ønske turen varte lengre, vil ikkje at den fine stunda skal ta slutt.

 

Edvard er stolt av familien og livet der han bur, og fortel …om kva bestefaren han s dreiv med, eggsanking, og dunsanking. Naturen er veldig sentralt for han. Han snakkar seg heilt bort, og gløymer tida. Båten holder på å hamne i fjæresteinane. Han trivest saman med jentene, og følar dei bryr seg, for dei tek mange foto og verkar interessert i kva han fortel. Jentene er sørfrå. Naturen er ukjent for dei, og dei synes det er spennande. Det at dei ikkje har telefon, gjer at ein kan tenkje seg at dette er for nokre tiår tilbake. Jentene er norske, for når Edvard høyrer dei tale om han, er teksten skreve i direkte tale, og dei talar norsk. Det gjer at ein blir enno meir sikker på at dette er for lenge sia, medan ungdommen synes det var spennande og nytt å dra på ferie rundt om i Noreg. Viss nokre jenter frå Sør-Noreg hadde reist til Nord-Noreg på ferie no, ville dei truleg ha nytta mobiltelefon og videokamera. No veit ein også så mykje om naturen rundt om i Noreg, at ein ville kanskje ikkje ha vore like ivrig og interessert. Utlandet fristar meir. Rak, er tittelen på romanen. I teksten let ikkje Edvard seg merke med at han er såra og skuffa, etter han fikk vete kva dei eigentleg tykte om han. Han hjelper dei siste dagen sjølv om han synes det er tungt. Edvard er sterk og står rak i ryggen. Eg meiner tittelen fortel korleis Edvard er.

 

Edvard leter etter jentene etter han var og redda båten frå å hamne i fjæresteinane. Han går opp til jentene igjen, og hører at dei morar seg. Han føler at dei er blive vennar, og gler seg til å komme bort og vera med på moroa. Her får historia plutseleg ei brå vending. Jentene hadde tala om han. Dei seier at Liv må ofra seg, som takk for turen. Jentene har merka kor han har sett etter ho. Dei ler og seier at han har vel ikkje vore ilag med eit kvinnfolk før. Edvard blir utruleg lei seg, og følar seg lurt. Han trekk seg tilbake, og held seg unna dei siste veka dei er der. Han føler seg sviken og brukt, etter kor snill han hadde vore og gjort alt for at dei skulle ha det bra mens dei var der. Han hadde teke dei med på turar og fortalt om livet i Jæra. Han hadde verkeleg gitt alt for at dei skulle ha det bra. Siste dagen kjem jentene og spør om han kan gi dei skyss til Storøya. Edvard er snill og gir dei skyss. Når han kjem heim blir han sitjande handlingslamma. Han lukkar seg ute frå omverda. ”Utanfor vindauget reiser sommaren forbi Edvard og alle tankane hans.” Han ensar ikkje omverda, og slit med minna om jentene mens sommaren fer forbi. Han har kjærleikssorg, og følar seg svike og brukt. Han er såra, og slit heile sommaren med minna om jentene som kom oppover den sommaren. Spesielt ho eine. Liv.

 

Både teksten Kjærleiken er eit filmtriks, og Rak har sama tema. Nemleg kjærleiken. Hovudpersonane i begge tekstane er både ung og uerfaren når det kjem til det med jenter. I kjærleiken er eit filmtriks kjem Grete til Arne Bu, og han får oppleve gode kjensler, spenning og glede. Likevel gjorde han det slutt, og skjønte ikkje at han var forelska, før det var for seint. I Rak derimot er det Edvard som er forelska i ei jente (Liv), men kjærleiken blir ikkje gjengjeldt i det heile tatt. Begge ende opp med djup kjærleikssorg, og dei følar seg svike.

 

Handlinga i begge tekstane foregår på små plassar. I kjærleiken er eit filmtriks finn Arne og Grete eit fråflytta hus. I byar står ikkje hus opent, sjølv om huset er fråflytta. Det blir understreka at Grete var ei framand jente. I byar finnes det tykt av framande, og det ville knapt ha blitt nemnd. Også at Edvard seinare ville ut i verda, kan tyde på at han vil dit kor Grete kom frå, kanskje ein by? I Rak er det slik at jentene ikkje har telefon der dei bur. Det er det berre Edvard som har. Sjølv om dette er lenge sia, ville det vore normalt å ha telefon viss ein bur i byen. Rutebåten er også eit teikn på at dette dreier seg om ein mindre plass. Edvard tek seg veldig av jentene, som tyder på at dei ikkje er vant med å få så mange turistar. Rundt i byar er det ikkje så ofte befolkningen bryr seg om alle turistane som kjem. Naturskildringar er veldig sentralt i begge tekstane. Dei er der for å gi oss eit bilde på omgjevnadene, skildre årstidene og for å fortelje om korleis stemning det er, som i slutten på begge tekstane. ”Ein vinter som aldri smelta i meg,” er det vinteren som er eit bilete på kulde, og ”Utafor vindauget reiser sommaren forbi,” blir sommaren eit bilete på varme, som sklir bort.

 

Grete, i Kjærleiken er eit filmtriks var veldig tøff, som turte å gå bort å kysse Arne, sjølv om dei så vidt viste om kvarandre. Ho risikerte å bli dumpa der og da. Vidare gjer ho av seg sjølv. Ho gjer sin kjærleik til han. Etter Arne har gjort det slutt, kjem det fram at ho er lei seg, og følar seg svike. Ho har kjærleikssorg, og oppfører seg i det heile tatt veldig normalt, til situasjonen å vere. Ho er kostbar, som viser at ho ikkje vil risikere å bli såra ein gong til. Arne er fyrst ein uerfaren, liten gut, som ikkje veit heilt kva han vil. Han har det utruleg bra saman med Grete. Eg trur det var viktig for han å ha nokon annan å prate med, utanom familien. Grete vise at ho e glad i han, og plutseleg ein dag har han forandra seg. Han har fått sjølvtillit og gjer det slutt med Grete, for å gå ut i verda og bli elska, av alle dei fine jentene. Her kommer det tydeleg fram at guten er lite moden. Han viser lite kjensler overfor Grete, og er ein ”dritsekk”. Han sanse til slutt kva han har gjort, og skjønner at det er Grete han elskar. Han har lært av sine feil, og er blitt meir vaksen. Arne er også ein sårbar gut. Det kjem fint fram i slutten, der han er utruleg lei seg medan Grete ikkje vil ha han tilbake. Dei tre jentene som var der på ferie, var Edvard vennleg mot, og hjelpte. Han gav dei skyss, og viste dei rundt. Han ønska eit vennskap, og var spesielt interessert i ei av jentene, ho Liv. Han drøymar om ho, og ønskjer at ho skulle føle det same som han. Han gjer veldig mye av seg sjølv, og er grei og snill, for å gi eit godt inntrykk. Han verke vaksen.

 

Når jentene svikte han, blir han veldig nedfor, og får kjærleikssorg, allereie før han fikk tid å elske ho. Han er svike, og tar det tungt. Han er ein følsam gut. At han er snill, kjem fram enno ein gong, da han siste kvelden jentene er der, gjer dei skyss over til Storøya, sjølv om han er djupt såra og lei seg. Jentene som ferierer i Jæra, verkar fyrst greie og hyggelege. Dei er nysgjerrig om alt der oppe, og tek masse foto. Dei verkar glad og interessert i kva Edvard fortel og gjer for dei, men på eit visst punkt kjem det fram at dei slettes ikkje er så hyggeleg. Dei talar stygt og nedlatande om Edvard, og det kjem fram at dei berre han brukt han for å få mest ut av oppholdet. Eigentleg bryr dei seg ikkje om han i det hele tatt. Eg finn dei slue og barnslege.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil