Søk i stiler
 

Soga om Gunnlaug Ormstunge


Litt om soga og eit kort referat.
Sjanger:ReferatLastet opp:22.09.2006
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Gunnlaug Ormstunge
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook



Soger generelt:

  • forfattar: som oftast ukjend
  • frå landomstida på Island (870-930)
  • nedskrivne på 1200-talet
  • fiksjon med eit snev av sannheit
  • kronologisk hovudhandling
  • fokus på situasjonar
  • tema: konflikt, drama, drap og blodhevn
  • inneheld skaldekvad og detaljar for å dokumentere sannheita
  • personane er typar
  • komposisjon: innleiing (presentasjon av personar og ætt og motsetnadane mellom dei), konflikt, klimaks, hevn og forsoning.

Denne soga:

  • høyrer til «skaldesogene» og «kjærleikssogene»
  • hovudpersonar: to skalder, Gunnlaug og Ravn
  • stad: Borgarfjorden på Vest-Island
  • tre hovudtema: heltemot, elskhug og skaldskap. Særskilt elskhug skiljer seg ut frå andre soger
  • Gunnlaug er av den «ljose» heltetypen» og Ravn er av den «mørke» heltetypen
  • verkemedler: varsel om noke som skal skje, ordtak frå eddadikt, enderim i kvadene, bruker detaljer og kvad som dokumentasjon på sannheita.

Referat:

Torstein var ein rik mann som budde på Borg i Borgarfjorden. Han var likt av alle og var meget klok. Han var gift med Jorfrid. Ein dag Torstein var ute på eit arbete, sovna han etterpå. Han draumde om to ørner som sloss om ei vakker svane og døydde. Seinare flaug svanen bort med ein falk. Torstein fortalde draumen til ein annan, og han tydde den som at han kom til at får ei svært vakker dotter som menn kom til åy kjempe om, og dø i kampen. Dei to som sloss om ho ville døy, og ho ville gifte seg med ein tredje mann. Da Helga blei født sendte mor hennar ho bort til syster si for å vekse opp der, men Torstein fann ho igjen då ho var gamlare og tok ho med seg heim igjen til Borg.

 

Gunnlaug var son til Iluge Svarte, den nest største hovdingen i Borgarfjord etter Torstein. Gunnlaug var stor, sterk og frampå og vart kalla Ormstunge. Gunnlaug reid bort frå heimen sin og fekk bo hos Torstein på Borg. Der blei han kjend med Helga og dei blei forelska i einannan. Ravn var son til Ånund og var sterk, fager og ein god skald. Gunnlaug var og ein god skald og brukte det ofte i kvardagen. Ein gong han slo til smalamannen til ein bonde fordi han hadde teke hesten hans. Dette likte ikkje bonden og bad om bot, men då kved Gunnlag til han om hans umåtelege rikdom og slapp unna det heile.

 

Gunnlaug fekk eit skip av far sin, men han likte godt å vere heime der han kunne snakke med Helga. Ein dag bad han Torstein om had kunne gifte seg med Helga, men Torstein var litt tilbakeholdande. Han lova likevel Helga til Gunnlaug, men ikkje som festarmøy, og berre hvis han kunne reise ut og bli ein meir skikka mann, og ikkje så ustø. Hvis han kom tilbake til rett tid og Torstein var nøgd med han, fekk han Helga. Viss ikkje skulle han bli løyst frå alle avtalar. Gunnlaug drog så til Trondheimen.

 

Ute i verda kom Gunnlaug opp i fleire situasjonar, han vart svindla av ein viking, som blei drept i Holmgang med Gunnlaug, og han vart bannlyst av den norske jarlen for sitt overmodige språk. I England kvad han for ein konge og vart lønna med ein plass som kongens hirdmann og mange gåver, blant anna ei skarlakskappe. Gunnlaug fara bort for å kvede hos fleire kongar og jarlar og vart lønna rikeleg av dei alle. Gunnlaug feldte til og med dom i ein sak og oppretta frendskap mellom folk. Men hos svenskekongen kom han og Ravn til å ville kvede samtidig for kongen og vart usemde. Dei sa mykje stygt til einannan og drog frå kvarandre i uvenskap. Ravd sverga på å vise vanære for Gunnlaug.

 

Ravn kom tilbake til Island før Gunnlaug og bad Torstein og han kunne få gifte seg med Helga. Torstein sa at han skulle holde avtalen sin med Gunnlaug, men dersom han ikkje kom tilbake før sommaren, blei det brullaup mellom Ravn og Helga. Gunnlaug kom tilbake på brullaupsdagen men var så skada at han ikkje fekk til å møte. Ravn og Helga vart dermed gift, men Helga var lite nøgd med det. Ho og Gunnlaug var fortsatt forelska. Livet mellom ho og Ravn vart berre verre og verre, og Ravn var lite nøyd med det sjølv. Ein dag på Tinget bad Gunnlaug Ravn om Holmgang, og det takka han ja til. Under holmgangen fekk Ravn slå først sidan han hadde blitt utboden. Han slo med så stor kraft på skjoldet til Gunnlaug at sverdet knakk. Ein bit for i kinnet på Gunnlaug. Det vart då ueinigheit fordi Ravn var våpenlaus, mens Gunnlaug var skada. Dei måtte derfor ta holmgangen seinare. Men holmgangen mellom Gunnlaug og Ravn blei den siste på Island fordi det rett etter denne vart forboden med holmgang. Derfor måtte dei dra til Noreg, der det var lov.

 

Gunnlaug kappa foten av Ravn, men Ravn ville fortsetje viss han fekk vatn. Då Gunnlaug kom med vatn, stakk Ravn han i hovudet. Ravn døydde der. Gunnlaug døydde tre dagar seinare. Heime på Island fekk Illuge og Ånund varsel i draumene sine om kva som hadde skjedd. Dei begge meinte at den andre son var skuld i sin eigen sons død, og det blei strid mellom familiane. Dei blei til slutt forsona.

 

Helga gifte seg med Torkjell, men gløymde aldri Gunnlaug. Då sotten kom, vart ho teke med, og ho døydde med Gunnlaug si skarlagskappe framfor seg.


Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.016 sec - 1 pageviews