Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Ti bud til en ung mann som vil frem i verden" av Jens Bjørneboe

"Ti bud til en ung mann som vil frem i verden" av Jens Bjørneboe

Diktanalyse av Bjørneboes dikt "Ti bud til en ung mann som vil frem i verden".

Karakter: 6-

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
10.09.2006


Jens Bjørneboe levde frå 1902-1976. Han hadde ikkje ein særs god barndom, så det meste av det han skreiv handlar om vonde problem, som t.d. krig. Heile live sitt kjempa Bjørneboe mot autoritetane i det norske samfunn. Han meinte ting vart styrt heilt feil, og at dei som ikkje stod så ”sterkt” i samfunnet ikkje fekk den hjelpa dei burde fått, men vart istaden undertrykka. Han hadde forakt overfor mennesker som prøvde å bestemme over andre, og ta andre sine valg. Han meinte det var viktig at kvar og ein bestemte over seg sjølv, og gjorde det dei ville, utan å bli pressa på av verken religion eller andre mennesker. Når vi veit litt om kva Bjørneboe stod for, forstår vi at dette diktet er meint ironisk. Målet til Bjørneboe var å hjelpe alle til å stå opp mot det ein meinar er galt, tåre å ha eigne meiningar og ta eigne valg. Eg trur det er nettopp difor han blir sett på som ungdomens forfattar. Det er ikkje så lett for ein ”uvitande” ungdom å stå opp mot dei vaksne som ”veit alt” og alltid har rett.


 

Dette diktet er bygd opp av 14 strofer som kvar inneheld 2 eller 4 verselinjer. Diktet er litt strengt oppbygd med rytme og enderim i kvar strofe. I kvar verselinje går den same rytmiske melodien. Diktet inneheld enderim, med rimmønsteret parrim. Det siste ordet i kvar verselinje rimar alltid på det siste ordet i verselinja under, dette gjeld i heile diktet.

 

Sjølve tekstoppbyggjinga av diktet får meg til å tenke på ”Dei ti bud”. Det gjev i alle fall meg eit inntrykk av at det er ein viktig bodskap skrivaren vil fram til. Måten det er forma på, gjer det òg meir ryddig, og lettare å lese. Eg likar språket til Bjørneboe godt, han skriv på ein måte som gjer at diktet får meir betydning for meg. Han skriv med litt ”store ord”, men også forståeleg, slik at ein ikkje treng vere Dalai Lama for å forstå det. Nokre ord er utheva og det er nok fordi det er viktige ord, eller at dei skal lesast med ekstra trykk, for at rytmen skal stemme.

 

Bjørneboe har bruka ein del verkemiddel i dette diktet. Eg fann kontrastar som t.d. ”taus, applaus” i 3. strofe, og i 6. strofe der det står ”sannhet, løgn”. Bjørneboe har tatt i bruk personifikasjon der han t.d skriv ”ingen taktfull sjel forteller” i strofe 9, og ”sannhet bringer sorg og nød” i strofe 6. Han har bruka nokre asossiasjonsrike ord som alene, sjel, ryktet, livets strid osb. Og sist men ikkje minst inneheld diktet ironi. Med tanke på kva Bjørneboe stod for, er bodskapen hans stikk motsatt av det han eigentleg seier.

   

Det diktet konkret handlar om er korleis ein på best mogleg måte kan ta seg fram her i livet. Rettleiingar til korleis ein bør leve og korleis ein ikkje bør leve. Det dette diktet seier oss utan at vi vrir og vender på det, er at viss vi alltid følger strømmen blir vi ikkje sett utanfor, og når langt her i livet.

 

Men diktet er jo ironosk meint, så det det eigentleg handlar om er at vi må ta våre eigne valg, og stå for det vi sjølv meinar. Våge å tape, berre vi tapar med verdigheiten vår i behald. Eg følar òg at Bjørneboe gjer litt ”narr” av det norske folket i dette diktet. For viss ein tenkar over det, så har vi veldig lett for å henge oss med fleirtalet. Vi vil ikkje stå aleine. Eg trur dette òg er noko han prøver å seie oss. At vi har lett for å feige ut og alltid ta den enklaste utvegen, medan vi heller burde stå for vårt og ikkje alltid meine det same som alle andre. Det er mange som seier det viktigaste i livet er å vere seg sjølv og ha eigne meiningar, men lever folk opp til dette?

 

Eg lika dette diktet særs godt. Mitt førsteinntrykk då eg las dette diktet var at det var meint til å tolkast ironisk, men og meint til å få deg til å tenke at vi har lett for å velge dei lettaste utvegane der vi trur vi kan vinne, sjøl om det er mot vår eigne meiningar. Det er eit dikt som sett tankane i sving. Det utfordrar deg og gjer deg meir bevisst på koreis du sjølv er. Om du er ein som står for ditt, eller heng deg med på det alle andre meinar. Det er eit flott dikt.

 

Ti bud til en ung mann som vil frem i verden


I
Det første bud er ganske lett.
De som er flest har alltid rett.


II
Tenk alltid på hva folk vil si.
Og ta den sterkestes parti.


III
Og tviler du, så hold deg taus
til du ser hvem som får applaus.


IV
Tenk nøye ut hva du bør mene.
Det kan bli dyrt å stå alene.


V
Følg ingen altfor høye krav.
Men si, hva du har fordel av.


VI
Si alle hva de gjerne hører.
Gå stille gjennom alle dører.
(For sannhet bringer sorg og nød,
mens daglig løgn gir daglig brød.)


VII
Gå aldri oppreist. Snik deg frem.
Og gjør deg varm i alle hjem.


VIII
Husk: Ingen mann kan roses nok.
Slik bygger man en venneflokk.
(Og i et brødre-paradis
har du den beste livspolis.)


IX
Av sladder husker du hvert ord
til bruk i neste sjefskontor.
(Men ingen taktfull sjel forteller
et ord til han som ryktet gjelder.)


X
Hvis siste bud blir respektert,
da er din fremtid garantert!
Følg dristig med i kamp mot troll,
men vis fornuftig måtehold!
Skrid tappert frem i livets strid,
én time forut for din tid.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil