Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Inger Hagerup

Inger Hagerup

Faktaoppgave om Inger Hagerup.

Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
01.09.2006

Inger Hagerup

 

Inger Hagerup (fødd Halsør) vart fødd i Bergen i 1905, men vaks opp i Sogn. Ho budde saman med mora og broren. Mens ho fortsatt var ganske ung, døydde faren hennar og dette gjekk sterkt innpå henne. Ho starta tidleg å interessere seg for bøker og skodespel. Seinare tok ho gymnaset, og flytte til Oslo. Planen var eigentleg å verta skodespelar, men då ho ikkje kom inn tok ho heller ein utdanning innan handel og filologi. Samtidig skreiv ho og for ein del ulike bladar og avisar.

 

I Oslo møtte ho Anders Hagerup som ho gifta seg med. Inger og Anders fekk to born, Helge og Klaus, som begge er ganske kjende forfattare. Men Inger var ikkje berre oppteken av dikt.

Etterkvart som ho vart eldre, engasjerte ho seg meir og meir i politikken – som kommunist. Ho var faktisk medlem av Norges kommunistiske parti heilt frå 20-års alderen.

 

Den fyrste diktsamlinga, ”Jeg gikk meg vill i skogene”, kom ut i 1939, men det vart ikkje noko skikkeleg gjennombrot. Aftenpostens anmelder skreiv i si tid dette: ”Det er en fengende debut, ikke svært betydelig, men med løfter om vekst og modning.” Under den andre verdskrigen var ho ein aktiv skribent i den illegale pressen, men ingen kunne vita kven som var forfattaren. Mange gjetta nok at det var Arnulf Øverland, for oppbygginga av dikta til Inger liknar på Øverland sine. Dikta hennar hadde alltid rim og rytme som fulgte strenge reglar. I 1941 gav ho ut samlinga ”Flukten til Amerika”, som heller ikkje vart det heilt store. Det var med diktsamlinga ”Videre”, i 1945 at Inger fekk sitt verkelege gjennombrot. Denne samlinga inneheldt blant anna det mest kjende krigsdiktet ”Aust Vågøy”.

 

I 1943 måtte ho, i likhet med mange andre norske forfattarar flykte. Ho og mannen flykta med borna til Sveriga og slo seg ned i Stockholm.

 

Sidan gav ho ut 6 nye diktsamlingar, ”Den syvende natt” i 1947, ”Sånn vil du ha meg” i 1949, ”Mitt skip seiler” i 1951, ”Drømmeboken” i 1955, ”strofe med vinden” i 1958 og ”Fra hjertets krater” i 1964. Dette vart den siste diktsamlinga for vaksne. Ho har også skrive tre erindringsbøker fra sin ungdom og barndom: ”Det kommer en pike gående”, frå 1965, ”Hva skal du her nede”, frå 1966, og ”Ut og søke tjeneste” frå 1968. Mange av dikta handlar om kjærleik, dei er prega av spenninga mellom lengsel og einsemd. Nokre dikt er av meir politisk karakter, då helst under krigen. Heller ikkje modernismens framandføling var framand for henne, men forma i dikta er alltid med enderim og regelmessig rytme, akkurat som i dikta til hennar kollega og førebilete Arnulf Øverland. I tillegg til det har ho skrive tre diktsamlingar for born, ho har skrive skodespel, jobba som oversetter, journalist og litteraturanmeldar og ho har vunne eit stort publikum gjennom sine høyrespel. Det er ikkje tvil om at Inger Hagerup høyrer til dei store norske diktarane.

Inger Hagerup døydde i 1985, 80 år gammal.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil