"Bror" av Ted van Lieshout

En bokomtale skrevet på nynorsk. Omhandler boka "Bror" av Ted van Lieshout.
Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.07.03
Tema
Bror

Boka ble utgitt av Det Norske Samlaget i 2001.

 

Om forfattaren:

Ted van Lieshout vart fødd i 1955 i Amsterdam.  Han er utdanna grafisk designar og illustratør, og har illustrert ei rekkje bøker. Men han er mest kjend som forfattar av diktsamlingar og forteljingar for barn og unge, dessutan av teater-tekstar og filmmanuskript for vaksne. Ungdomsromanen Bror (skreve i 1996) er omsett til ei rekkje språk og har vunne fleire prestisjetunge prisar, bl.a. Deutscher Jugend-literaturpreis i 1999.

 

<bilde>

 

Om boka:

Tenk deg at du har mista din einaste bror. Han som du er avhengig ta. Han som var like spesiell som deg sjølv, tenk deg at mor di vil brenne opp alle minnane om han.

 

Slik føler Luuk det, søndag 4.mars 1973. For seks månader sia døde broren Maus, av ein uvanleg sjukdom, bære 14 år gammal. Han har skrive dagbok den siste perioden av livet. Luuk held fram med å skrive der Maus slutta, mest for å redde dagboka frå flammane på bålet i hagen. Utdrag frå boka:

 

”Hei, Maus.

Dette er ikkje byrjinga. Dette er slutten på di dagbok. Eg har snike meg inn på rommet ditt og lurt meg til å leite i skrivebordsskuffane dine til eg fann dagboka di. Den smugla eg inn til meg sjølv, opna ho og bladde fram til den første tomme sida, og så begynte eg å skrive. Nei, eg har ikkje lese det du har skrive. Absolutt ikkje. Kors på halsen.”

 

Luuk gjer alt han kan for å redde boka, og etter kvart klarer han ikkje la vere å lese i boka til bror sin, samstundes som han skriv. Han les kva Maus har tenkt i ulike situasjonar der dei var saman, og i ettertid skriv han sine eigne kommentarar, saman med hendingar i notida. Det er som om Maus lever, så lenge Luuk les og skriv i dagboka hans.

 

Bror, er inga enkel bok, men det er ei god og viktig bok. For korleis ville vi reagert dersom vi mista den som sto oss nærmast? Korleis ville vi kome oss ut av sorgen? Eit visdomsord seier at du må minnast for å gløyme. Og det er det Luuk gjer, han minnast og vi minnast saman med han.

 

Bror, er ei ungdommsroman, og det ungdommelege språket gjer boka ekstra kvalitet. Mi vurdering er at boka er ei bok for dei som vil lese ei realistisk og frisk bok, som handlar om det å vere ung, om sorg, om seksualitet og så mykje, mykje meir.

 

<bilde>
Bror, er ei bok du ikkje bære kan legge frå deg, for etter du har lese han, anar du at den har gjort noko med deg – noko positivt, noko godt, og du har vokst. Du ser ting litt annleis enn du gjorde før du las boka.

 

Eg vil gje boka terningkast :

9..............

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst