Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > McDonalds-generasjonen

McDonalds-generasjonen

Artikkel om problemet med at mange er i så utrolig dårlig fysisk form og hva som kan gjøres med dette.

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
27.06.2006
Tema
Kropp

Tven, datamaskina, McDonald's og andre fast food-kjeder har blitt ein del av kvardagen vår. Både på jobb og i heim sitt mange stille heile dagen. Klaprar på tastaturet eller ser på Big Brother eller andre dumme realityshow. Dei sørgjer ikkje for at dei rører nok på seg, og ingen minner dei på det. Pizza, hamburgarar og annen feit mat blir gjengangarar i kosthaldet. Kroppsmassen veks og veks. Til slutt angrar dei bittert på at dei ikkje gjorde noko for å unngå det; dei gjekk ikkje den turen eit par gonger i veka, eller dei brukte ikkje medlemsskapet på Spenst, eit slik som «alle» har, men som for mange blir bortkasta pengar.

 

Dette er vel eit noko forteikna bilete, men om ein skal illustrere manges kvardag, så er mykje av dette sørgeleg nok riktig. Utruleg mange menneske er i dag overvektige, og det må jo vere på grunn av mangel på mosjon og for mykje feit og usunn mat. I USA ser ein tusenvis av kvinner og menn som er, skal me seie, godt polstra, betre enn kva som er bra for dei. Også her i Noreg blir stadig fleire større og større. Ikkje berre vaksne, men også små barn. Det er vondt å sjå på, og det må da også vere vondt å å ha så mykje å drasse rundt på. Men eg reiknar med at dei aldri meinte å bli slik; dei var vel berre upåpasselege med kva dei åt, eller foreldra deira var det. Og det er nok vanskeleg å gjere noko med det.

 

Men ein treng ikkje nødvendigvis vere overvektig for å vere i dårleg fysisk form, sjølv om det er lett å bli det. Mange ungdommar viser lita eller inga interesse for for å halde seg i form, dei sitt mykje heller føre ein TV- eller dataskjerm. Det er vel òg ein grunn til at folk ikkje gidd å trene eller bevege seg; det er så mykje anna å finne på som er meir underhaldande. Helsa speller inga rolle lenger. Dei er ikkje klar over konsekvensane, kvifor det er bra å vere i god form. Det kan dei derimot finne ut om dei ein dag får ein sjukdom, eller ikkje klarar ei oppgåve dei har fått. Trening kan nemleg avverje ei rekkje sjukdommar, pluss at ein blir meir uthaldande, både fysisk og psykisk. Dermed kan ein bli meir effektiv på jobben, på skulen og heime.

 

Difor er det bra at skulen legg vekt på å lære elevane viktigheita ved å trene og holde seg i form. Det kan nok påverke ein del til å byrje med dette, om dei ikkje gjorde det før. Men dette er mest på videregåande, i alle fall i mitt tilfelle. På ungdomsskulen var det inga teori, berre fotball og handball. Liten variasjon. Eg meiner det hadde vore eit godt tiltak å starte med gymteorien der, slik at ungdommane andå litt før fekk denne informasjonen.

 

Eit anna tiltak kan vere å halde føredrag eller liknande på arbeidsplassane til folk, kanskje særleg kontorjobbane, sidan mange kontorrotter ikkje får nok mosjon, korkje på jobb eller fritida. Men mange arbeidsplassar har eigne treningsrom for dei tilsette, og det er ein bra ting, så lengje dei brukar det. Dessutan har mange treningssenter bedriftsrabattar, slik at ein kan melde seg inn billigare via jobben.

 

Aviser, ukeblad og onternett har mange artiklar om trening, sunn livsstil og liknande. Men endå så mykje vekt det blir lagt på emnet, har vi mange som er i skremmande dårleg form. Kva kan gjerast for å motivere dei? Dei bør få informasjon om at det ikkje skal så mykje til kvar dag for å betre formen. Berre det å gå seg ein tur eller sykle litt er bra. Det kan kanskje ofte høyras ut som at ein må ut med masse pengar for å trene, men det er ikkje sant. Fysisk aktivitet er i utgangspunktet heilt gratis, og det kan vere morosamt å drive med ein aktivitet på fritida, kanskje saman med kameratar. For meg høyres dette ut som ein god motivering for å byrje å tenkje på at ein kanskje burde gjere noko anna enn å sitte rolig heile dagen.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil