Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Knut Hamsun (1859-1952)

Knut Hamsun (1859-1952)

Biografi om forfatteren Knut Hamsun.

Sjanger
Biografi
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
07.06.2006


Knut Hamsun vart født på Garmotrædet i Lom den 4. august 1859. Knut Hamsun heitte først Knud Pedersen før han tok namnet Knut Hamsun. Peder Skultbakken som var faren til Knut var frå Vågå og skreddar. Peder gifta seg med Tørøe Olsdatter Garmotrædet.

 

Knut levde under dårlege forhold, og då Hamsun var tre år gammal flytta familien til Nordland og budde på Hamarøy i Salten. Hamsun hadde det godt her med tre brødre. Men då Hamsun var ni år gammal tok gleda slutt, då han vart sendt til onkelen, som var veldig religiøs og streng. Dei åra han var med onkelen gjorde til at han vart bitter og trassig.

 

Hamsun gjekk på skule på Hamarøy, og var ferdig i 1873, då var han 14 år og skulle bli konfirmert. Når han skulle konfirmerast ville han ned til Onkelen i Lom. Onkelen sendte pengar til turen og Hamsun fekk gå for presten i Lom.

 

I Bø i Vesterålen var han ei stund lærar i grunnskulen. Det var då han oppdaga sin forteljar evne, barna vart betatt av eventyra hans, og vart skremt når han teikna skumle dyr på tavla. Han fekk innført det faget han likte aller best, nemleg botanikk.


 

Reiste mykje rundt som 15 åring, tok mange småjobbar underveis på reisa for ha råd til å brødfø seg. Prøvde lukka i Kristiania, men det var lita interesse for skrivinga hans. Sendte artiklar til aviser, men fekk ikkje noko svar. Reiste til Chicago i Amerika i 1886 for andre gong, der fekk han jobb som trikkonduktør medan han holdt foredrag. Men byen vart for kjedeleg for han så han sendte eit brev til ein millionær om å få låne 25$ til å komme seg vekk. Millionæren synst at brevet var vert pengane. Så Hamsun brukte pengane til å reise til Minneapolis, her likte han seg veldig godt, han fant seg ein vennekrets og vart kjent som festtaler og foredragshaldar innanfor eit immegrantmiljø. I Minneapolis fekk han mykje erfaring ved å vere journalist og foredragshaldar. Amerika gav Hamsun mykje stoff til noveller og romanar. Drog til Danmark i 1888 her baksnakka han Amerikas kultur, seinare tok han avstand til det han sa og sa at det var ein guttestrek.

 

Under krigen støtta han nazistane, men likte ikkje måten dei behandla nordmenn og bad Terboven fleire gongar om å sleppe dei norske fangane fri. Besøkte Hitler i 1943, men Hitler var ikkje interessert i å høyre korleis nordmenn vart behandla under krigen.

 

Suksessen

I 1890 gav han ut boka ”Sult” boka vart suksess og han fikk sitt gjennombrot som forfattar. Med hans nye psykologi, sin nye stil og sin nye virkelighets oppfatning ble ”Sult” et fantastisk verk i norsk litteraturhistorie. No hadde Hamsun utvikla seg så han meinte at han skulle endre namnet frå Knud Pedersen via Knut Pederson og til slutt Knut Hamsun.

 

Hamsun skreiv romanar, noveller, artiklar og dikt. Men han likte ikkje scenekunst mange meinar at det var fordi at han vart samanlikna med Henrik Ibsen og Hamsun likte ikkje å bli samanlikna med andre fordi han sjølv hadde ein eigen stil. Sjølv om han ikkje likte teater skreiv han 6 skodespel. Russland var det første landet utanom Norden der det kom mange publikummarar, der vart ”Livets spill” framført med stort oppmøte av menneske.

 

I åra 1927 – 1933 gav Hamsun ut bøkene om August; ”Landstrykere”, ”August” og ”Livet Lever Videre”. Bøkene Handla om eventyraren og moromannen August. Desse bøkene syne kor stor forteljar han var.

Han skreiv på ein eigen, levande og frisk måte, basert på hans eiga nordlandsdialekt. Ord, uttrykk og setningsoppbygnaden er tydeleg vis prega av dialekt, sjølv om han skreiv på riksmål. I 1920 fekk han Nobels litteraturpris for romanen ”Markens Grøde”.

 

Verka til Hamsun

 

Romaner
Den Gaadefulde 1877                                                    
Et Gjensyn 1878
Bjørger 1878
Fra Det Moderne Amerikas Aandsliv 1889
Sult 1890
Mysterier 1892
Redaktør Lynge 1893
Ny Jord 1893
Pan 1894
Victoria 1898
Sværmere 1904
Under Høststjerne 1906
Benoni 1908
Rosa 1908
En Vandrer Spiller med Sodin 1909
Den Siste Glæde 1912
Børn av Tiden 1913


Segelfoss By 1915
Markens Grøde 1917
Sproget I Fare 1918
Konerne Ved Vannposten 1920
Siste Kapitel 1923
Landstrykere 1927
August 1930
Men Livet Lever 1933
Ringen Sluttet 1936
Paa Gjengrodde Stier 1949

Noveller og Reiseskildringar
Siesta 1897
Kratskog 1903
I Æventyrland 1903
Stridende Liv 1905

Skodespel
Ved Rigets Port 1895
Livets Spill 1896
Aftenrøde 1897
Munken Vendt 1902
Dronning Tamara 1903
Livet i Vold 1910

Dikt
Det Vilde Kor 1904


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil