Søk i stiler
 

En odelsbonde


Analyse av novellen "En odelsbonde".
Sjanger:Analyse/tolkningLastet opp:17.06.2000
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:En odelsbonde
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook


I alle kulturar og land er det forskjell mellom ulike sosiale grupper. I novella "En oldelsbonde", tek Hans Aanrud opp denne forskjellen i ein norsk bondefamilie. Novella er skrive i 1892.

 

Mor og far på garden Evenstad dreg i gravferd , Ola og søstera Astrid blir aleine igjen heime på garden saman med nokre av husmennene, tenestegutar og jenter. Før dei vaksne dreg, spør mora om Ola vil ha noe å ete, men Ola seier han er mett. Astrid og dei andre får klar melding om å vere snill mot "gardguten hennes". Når dei vaksne har dratt, overtar Ola på seks år styringa. Han seier han vil ha lefse, men blir aldri fornøgd. Ein av husmennene, Lars Kampesveen, kommenterer oppførselen til Ola. Det liker ikkje Ola. Han bannar, kastar ting rundt seg og truar med å knuse klokka til Astrid. Han seier at mor og far kjem til å banke opp Lars. Når mora og faren kommer heim, får Astrid ris, og Lars får ikkje låne ploghestar på garden den våren.

 

Handlinga går føre seg på ein bondegard på 1800-tallet i Aust - Noreg. På denne tida var det ein rekkje store garder her i landet. Storbønder som faren til Ola eide mye jord, som han leide ut til husmenn som Lars Kampsveen.

 

Ola er berre seks år, men han har skjønt kva rettar han har som odelsgut. Ein treng ikkje lese langt, før ein skjønar kva slags gut Ola er. Allereie i fjerde linje, står det: "Ute på golvet stod Ola, den tykke, seksårige sønn, lat og sur og tverr".

 

Ikkje er han snill mot systera si heller, han seier til ho: "Du skal få juling, du, når mor kommer hjem, for jeg skal syne jer hvem som er gardgut, jeg! Kom med filleklokken din, Astrid, og det på timen også!" Det verste er at mora og faren ikkje gjer noe. Dei lar han gjere alt han vil.

 

Astrid er ikkje som broren sin. Mens tenestefolket foraktar Ola, liker dei Astrid: "Du er jenta vår, du skulle vært gardjente på Evenstad." Men ho tør ikkje motseie broren sin. Berre når han bannar seier ho i frå. Det er det einaste ho veit han ikkje får lov til å gjere. Sjølv da blir han sint.

 

Lars Kampsveen er den einaste av tenestefolka som tør seie noe. Namnet hans, Kampsveen, passar han godt. Han seier vel det alle tenestefolka meiner, men ikkje tør seie. Men han må også betale prisen: "…Og den våren fikk ikke Lars Kampsveen låne ploghester på Evenstad."

 

Korleis kan ein så liten gut ha så mykje makt over tenestefolka som ola i denne novella? Mykje av årsaka ligg nok i det sosiale miljøet. Husmannsfamiliane leigde hus av storboden, og ofte hadde dei arbeidsplikt på garden. Om dei ble uvenner med bonden ville dei kanskje miste huset. På 1800 – talet var det og mykje større forskjell på folk enn i våre dagar. Ola har tydeligvis lært seg at han er meir verd enn husmenn, sjølv om han er berre barnet: "Dersom du ikke holder husmannsflabben din, du, Lars Kampsveen, skal jeg se til at det fa`n hakke meg blir en annen dans!" Også jenter og gutar var det større forskjell på. Astrid i novella er eit år eldre enn Ola, og i våre dagar ville ho overtatt garden, men det er Ola som får den, fordi han er gut.

 

Eg trur temaet i denne novella er disse sosiale skiljelinjene som finnast mellom oss menneske. Med denne novella viser Aanrud kor håplaust og dumt det eigentlig blir når ein seksåring får uinnskrenka makt.

Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.011 sec - 1 pageviews