Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > "Berlinerpoplene" av Anne B. Ragde

"Berlinerpoplene" av Anne B. Ragde

Bokanmeldelse av "Berlinerpoplene".

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
18.05.2006

Boka ”Berlinerpoplene” er skrive av forfattaren Anne B. Ragde og gitt ut på Oktober forlag for fyrste gong i 2004. Det er vanskeleg å sette boka i ei spesiell sjanger, men eg ville synst at dette er ei humoristisk roman, framfor noko anna sjanger.

 

Boka handlar om dei tre brørne Tor, Margido og Erlend Neshov, som alle kjem heim til ei sjuk mor. Desse brørne har tre heilt forskjellige lagnader. Tor, den eldste broren, har vore buande heile sitt vaksne liv på heimgarden til saman med mor og far hans. Han er odelsgut og skal ta vare på garden. Margido har gjort karriere som gravleggingsagent, mens Erlend har flytta til København for å jobbe som vindaugesdekoratør. Mor deira kjem på sjukehus, og brørne møter kvarandre for fyrste gong på mange år. Vi møter også dottera til Tor, Torunn som kjem frå Oslo for å møte farmora hennar for fyrste gong der hun ligger på dødsleiet. Historia fortsetter vidare om deira intrikate familieforhold og korleis ein har vanskeleg for å bryte heilt ut frå dei kåra ein har vakse opp i. Tittelen ”Berlinerpoplene” gjenspeilar tre som tyskarane planta under Krigen. Dei kan vere veldig vanskelege om ikkje umogleg, å dra opp av bakken.

 

Forfattaren skifter ofte synsvinkel, og ein får heile tida sjå situasjonen ut frå dei forskjellige karakterane i boka. Ragde har lagt mykje førarbeit i boka, da ein får eit grundig innblikk i korleis yrkene til dei tre brørne er. Det er skrive så ein skulle tru at ho verkeleg hadde jobba i alle yrkene ho skildrar.

 

Dei tre brørne er veldig forskjellige. Tor er ein enkel grisebonde som ikkje har særlig mykje andre interesser enn garden og grisane sine. Han liker å passe grisane i fjøset, for så å komme inn til mor for lange samtaler på kjøkkenet. Margido, den nest eldste broren, er ein gravleggingsagent. Han har aldri hatt noko spesiell interesse for å finne seg ei kone, akkurat som Tor. Han er stille, profesjonell og prøver å opptre utan kjensler overfor dei pårørande han må handtere. Erlend skil seg radikalt frå brør sine. Han er ein homofil vindaugesdekoratør som har gjort alt han kan for å kvitte seg med opphavet sitt. Han lever i sus og dus til saman med hans danske partner ”Krumme” gjennom 12 år. Han er den definitivt lykkeligaste av dei tre brørne, med sine krystallfigurar og dekorative interesser. Torunn kjem inn i boka som ein ”outsider”. Ho er eit resultat av ei natt i Tromsø der Tor hadde militærtenesta si. Ho har nesten aldri sett far sin, berre nokre gangar i den seinare tida, men aldri som liten. Ho kjem til Trøndelag for å treffe farmora si, som ligger på dødsleiet. Ho har ingen aning om korleis ho kjem til å bli dratt inn i familien og bli ei del av den.

 

Miljøet i boka tar utgangspunkt på bondelandet utanfor Trondheim by. Noko av skildringa finner også stad i København og Oslo, men altså veldig lite. I store trekk skjer handlinga på garden Neshov kor Tor bur.

 

Boka er skrive med veksling i tida, med tilbakeblikk til femtitalet på byrja og slutten av boka. Den byggjer seg opp til høgdepunktet som er julekvelden, kor ein får vite alle løyndommar som har utspilt seg på garden gjennom fleire tiår. Ved det siste tilbakeblikket får ein vite kva som har skjedd i tilbakeblikket på byrja av boka.

 

Eg oppfatta denne boka som veldig lettlest og kan anbefale andre lesarar til å lese boka. Personleg må eg derimot seie at det ikkje var min type humor, og oppfatta den som dermed ganske kjedelig, men svak varierer som sagt. Boka har ein oppfølgjer som heiter ”Eremittkrepsene”, kor ein får vite kva som skjer vidare med hovudpersonane.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil