"Hjarteklapp" av Hilde K. Kvalvaag

Bokanmeldelse på nynorsk av tenåringsromanen "Hjarteklapp".

Skrevet i 10. klasse.

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.05.08

Kort om forfattaren: Hilde K. Kvalvaag er fødd i Oslo i 1968. Ho har studert barn og ungdom i Nord-Irland og er utdanna sosilantropolog. Ho gikk også på Skrivekunstakademiet i Hordaland, som er linja for barne og ungdomslitteratur. Ho arbeider som journalist.

 

Sjanger: Tenåringsroman.

 

Om boka: Boka handlar om Ingvild Halvorsen på 13 år. Ingvild er redd ho skal få hjertestans slik som søstera hennar gjorde for lenge sidan. Ho har ei bi-lyd på hjartet som ho meiner er eit sikkert bevis på at kommer til og døy. Ho kommer i alle fall til å døy om ho ikkje blir kjærast med Aksel, meiner ho.

 

I sommarferien er Ingvild i Danmark med familien. Ho tenker mykje på Aksel. I løpet av ferien bestemmer Ingvild seg for å bli ei ny og betre utgåve av seg sjølv. Ho gjer mykje for at Aksel skal like ho. Ingvild sender ei melding til Aksel som ho ventar spent på å få svar på.

 

Ingvild har endå ikkje komma over tapet av søstera, og det blir endå verre når bestevenninna, Maria, for ei ny søster som smeltar mange hjerter. Ingvild seier ikkje at ho ikkje er komen over søstera sin bortgang. Ho vil ikkje ha sympati frå nokon. Ho vil ikkje at folk skal vere lei seg for hennar del. Forholdet blir ikkje betre så lenge Siri trenger seg innpå. Siri er ei jente som går i klassen til Ingvild og Maria. Ingvild likar ikkje Siri. Ho meiner Siri er ei dårleg venninne.

 

På skolen får dei i oppgåve å filme familien sin. Ingvild strever med å forstå familien sin meiningar og holdning. Ho filmar ikkje berre familien sin. Ho filmar seg sjølv. Slik at resten av verden har eit minne om ho når ho døyr. Ho filmar seg sjølv når ho bare snakkar til kameraet.

 

Boka handlar stort sett om livet til ein tennårings jente og dei problema ho møter. Boka passar bra for ungdom mellom 10 og 14 år. For dei eldre kan ho kanskje virke kjedelig. Ho skildrar mange situasjonar som det er lett å kjenne seg igjen i. Det er mange tilbakeblikk i boka. Tilbakeblikka gir eit godt inntrykk av personane i noka. Språket er kanskje ikkje heilt på topp.

 

Terningkast: 4.

 

<bilde>

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst