Søk i stiler
 

Heimelaga puppar og appelsinhud


Resonnerende stil om kroppsfiksering.

Karakter: 5 (10. klasse)

Sjanger:ResonnerendeLastet opp:24.04.2006
Språkform:NynorskForfatter:
Tema:Kropp
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook

Idag er det veldig vanleg å ta ein kosmetisk operasjon. Det er mest ingen som reagerer når du fortel at du har silikon i puppane. Omfanget av operasjonane veks, fleire og fleire ønskjer å gjere noko med kroppen sin. Det verste er kanskje at pasientane stadig blir yngre og yngre, og at me ønskjer å endre på meir og meir detaljerte område av kroppen, for eksempel så er det ikkje berre mage, rumpe og lår som skal fettsugast lengre, no skal også leggar, armar og halsen gjerast fri for fett. Har me ein føflekk på haka eller i panna skal han helst fjernast så fort som mogleg! Appelsinhud og og strekkmerke er tabu-ord og skal ikkje forekome.

 

Kva er så grunnen til at folk utsetjer kroppen sin for slikt? Jo, media, superstjerner og Hollywood sjølvsagt! Me er jo omgitt av perfekte kroppar uansett kor me går. I reklamen, i fjernsynet, på film, i blad og aviser. Det enorme fokuset på den perfekte kropp er tydeleg. I Hollywood sprøytar dei jo inn silikon og Botox som om det skulle vore insulin for ein med sukkersjuke! Leppene er så feite at eigaren nærmast lespar, puppane strevar med å få plass i behåar og bikiniar, og huda deira er rynkefri og mjuk som aprikos!

 

Dette er da ikkje normalt! Det er ikkje rart at me unge får eit forvrengt bilete av verda. Når me veks opp med denne galskapen trur me at det skal vere sånn, dette påverkar barndommen vår og gjer at me blir «vaksne» altfor tidleg. Allereie i byrjinga på ungdomsskulen veit eg av jenter som ønskjer større bryst! Dei er såvidt kome i puberteten, og er langt frå ferdig utvikla!

 

Konsekvensane av ei slik enorm kroppsfiksering blir etterkvart eit «perfekt» samfunn, eit samfunn der alle smiler «Colgate-kvite» smil og ingen brukar mindre enn 85B i behå-storleik. Det vil bli eit større antall sjølvmord, fordi me gir feil signal til omverda. Kva for signal gir me eigentleg til dei som er yngre? Det er som eg tidlegare nemnte, silikonpuppane blir berre yngre og yngre.

 

Ein anna ting som er ein utløysande faktor til sjølvmord er når dei som frå før har ein heilt normal utsjånad går rundt og seier: «Åh, eg er så feit, eg vil fettsugast, åh, eg har så stor og skeiv nase, den vil eg rette på». Det dei eigentleg seier, er jo at heilt normale menneske er stygge, og at dei mindre pene er enda styggare! Det gjer at sjølvtilliten søkk og dei som ikkje har mogleghet til å ta ein operasjon føler seg så mislykka at dei ikkje ser nokon anna utveg enn å ta sjølvmord.

 

La meg stille deg dette spørsmålet: Reagerer du dersom du ser ei heilt normal jente på stranda, med små puppar? Føler du deg støtt av ho? Dersom vennen din har hengemage og ei litt for brei rompe, sluttar du å vere vennen hans da? Eg trur dei fleste svarar nei på dette, eg trur vi rett og slett overdramatiserer det heile. Eg bryr meg iallefall ikkje om korleis dei kring meg ser ut, om dei har litt utståande øyro gjer meg ingenting!

 

Derimot, dersom det går utover helsa, viss nokon har for store puppar, slik at man får ryggproblem, er det sjølvsagt nødvendig med operasjon. Dette gjeld berre i situasjonar der det går ut over helsa. Det er nemleg mykkje du kan gjere for å få eit betre sjølvbilete utan å ta nokon operasjon. Du kan byrje å trene, skifte stil/frisyre, endre kosthald eller andre ting som gjer at du ser meir positivt på deg sjølv!

 

Eg vil ikkje anbefale nokon å gjere kosmetiske inngrep, så lenge det ikkje er heilt nødvendig, til dømes ved helsemessige årsaker. I 90% av alle brystoperasjonar går det nemleg gale før eller sidan, puppane sprekk eller implantatet flyt ut i andre delar av kroppen. Da får eg lyst til å seie: «Ja, sånn går det når du lagar puppane dine sjølv!» Nei, hald dykk unna!


Kommentarer fra brukere


Ingen har lagt igjen kommentar til denne artikkelen - bli den første!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.011 sec - 1 pageviews