Trur du meg?

Om dommedagen og Jesus som kommer tilbake, og ingen har fått det med seg, unntatt meg!

Skrevet i 10. klasse.

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.04.18

Eit kraftig lyn flerra over himmelen, kort etterfylgt av eit horribelt tore. Regnet pøsa ned frå skyene og lufta blei fylt av ei fuktig og elektrisk ladning. Jorda skalv. Buldra og braka. Folk var vettskremde, sprang rundt som gale maur. Mørkt var det også, mørkt som i ei gitarkasse. Mørkret var fult av hyl, folk var vettskremde. Viste ikkje kor dei skulle gjer av seg. Eg sto der stille, klissvåt i regnet. Løfta hovudet imot himmelen, eg gråt. Tårane mine blei skjulte i regnet. Heldigvis. Eg så bort på fjella og sa for meg sjølv:

’’Eg løftar mine auge opp imot fjella, kvar skal mi hjelp kome ifrå. Mi hjelp kommer ifrå Herren, himmelens og jordas skapar’’

Salme 23

 

I det augeblikket eg fekk sagt det ferdi opna himmelen seg, ein stor sprekk i skyene. Ei eldsky kom til syne, ei av den gode gamle sorten. Knistrande flaug og eldtunger kom oss i møte. Været rundt oss hadde roa seg, det var det ikkje mange som hadde merka. Dei hold fokusa på eldskya. Sakte, men sikkert kom den imot oss. Folk begynte å fatta meir interesse da dei så ein mann oppe på skya.

- Kva er dette for noko?, høyrde eg folk si.

- Kven er han for ein ? kviskra dei stille

 

Da skya var komet heilt ned til bakken steig mannen av og sate sine bein på jorda, for fyrste gong på 2000 år. Mannen var kledd i kvit, med eit gull belte om livet. I si høgre hand haldt han eit sverd av sølv. Heile mannen glinsa. Han glinsa og strålte så sterk at kleda mine tørka. Ansiktet var maskulint, men mykt. Håret var langt og brunt, men ordentlig. Skjegget oste det respekt av. I det han opna munnen for å tale til oss blei alt stille, tida, alle lydane, kviskringa vart borte. Bølgjene som slo mot land, kvilte stille i hans nærvær.

 

Orda begynte å flomme ut, han talte til oss med ord som ikkje var i mitt ordforråd, men eg skjønte kva han sa. På ein merkelig måte gikk det rett til hjarte. Stemmen var i ein frekvens som lamma musklane i kroppen, alle som stod i nærleiken av han falt om. Ikkje døde, bare i kvile.

 

Eg veit ikkje kor lenge eg hadde sove, men når eg vakna var eg utkvild. Himmelen var blå og sola strålte. Eg røyste meg og så meg rundt.

- Ein indianar, tenkte eg forundra.

- Ein eskimo.

- Ein kinesar

- Ein amerikanar, ein… alt.

 

Rundt meg gjekk det folk frå heile verden , alt frå eskimoar til negrar. Alle verdas samfunn, folkeslag, religionar, personar og farger var samla på ein plass, i eit rike. Korleis kan dette være muleg? Det er bare ein person som har sagt han skal gjere dette; Jesus. Eg kom på det som hadde skjedd tidligare Og plutselig skjønte eg heile opplegget:

I Johannes Openbaring forteljas det at Jesus skal danne et fredsrike som skal vare i 1000 år, der alle skal leve saman i fred og harmoni. Tenk at eg, Kjell, skulle få bli ein del av dette.

 

Eg vart litt glad, stod å hoppe litt opp og ned for meg sjølv.

Dette må være ein god drøm, eg vil aldri vakne.

 

Eg sprang opp bakken og ringde på dørklokka. Det var Tor Helge som opna, faren til Vibeke..

- Du har fått tørka deg ja, sa eg lystig til Tor Helge.

- Tørka meg?, han så spørjande på meg

- Ja, det pissregna jo iste, jorda skalv og Jesus kom, kvar har du vært da?

- Pissregn, skjelving, Jesus, ja du er meg ein god ein du, Kjell. Vent litt skal eg finne Vibeke for deg.

- Jammen…

 

Tor Helge snudde ryggen til å gjekk opp trappa. Kort tid etter kom Vibeke hoppande ned trappa.

- Hei Vibeke, musklane dine fungerar bra ser eg!

- Ja, kvifor skal dei ikkje det?, eg fekk det same spørjande ansiktet.

- Fri og bevare meg vel, kor har familien Valderhaug vært dei siste timane?

- Vi har vore heime og nå er vi akkurat ferdig med middagen, har eg gått glipp av noko?

- Det kan du trygt sei, Jesus har vore her, han talte til oss og no har han skapt eit fredsrike som skal vare i 1000år. Er ikkje det drygt eller?

- Kjell. Kjell. Kjell. Går du ikkje litt for langt no? Ken du har høyrt dette av no da?

- Jesus, sa eg bestemt.

- Ja da, men skal du komme inn eller?

- Trur meg ikkje?

- Nei, beklagar Kjell.

 

Eg snudde meg og begynte å springe.

- Kommer tilbake seinare, må bare ordne noe?, ropte eg.

Aldri i livet om eg skulle gi meg på denne, eg måtte finne noen som trudde meg.

- Mamma, tenke eg. Hun må vel tru meg.

 

Vel heime kjente eg den nydelige dufta av pannekaker, den var det ikkje å tå feil av. Eg kjende ’’SVOLTEN’’ stempelet impregnera seg i magesekken min. Men da eg kom inn var mamma i ein heilt anna dur, eller moll, for å være meir nøyaktig.

- Kvar i all verden har du vært? Er du klar over kor lenge eg har haldt desse pannekakene varme?

- Eg har blitt våt, tørka og sett Jesus, sa eg fornøgd. Har ikkje du ?

- Nei, det er sant eg ikkje har, ikkje kom å lyg til meg!

- Nei, ikkje du også. Det er ingen som trur meg. Eg så det jo, det burde dokke også ha gjort. Det var jo enormt!

- Kva var enormt?

- Lyn, tore, regn, skjelving, eldsky, Jesus, muskelsvikt? Ringer det ei klokke her kanskje, eg tappa mamma på hovudet.

 

Dette var min billett vekk frå pannekakene og eg blei sendt på rommet, med stempelet: ’’SJUK’’, i panna. Eg trudde eg skulle bli gal, eg kunne ikkje fatte kvifor ingen trudde på meg. Eg blei kraftig brydd og ein smule irritert. Ordtaket: Man skal ikkje tro alt man ser, er greitt nok. Men det må da være grenser. Rakk ikkje å tenke noko særlig over det, men plutselig hadde eg hoppa ut av vindauget med lomma full av busspengar. Og tok den fyrste bussen inn mot Moa.

 

På bussen var alle heilt normale, ingen var noko spesielt opphissa eller stressa. Var det bare eg som hadde opplevd naturkreftene og Jesus. Det kunne virke sånn. Men kva med dei andre folka som stod rundt meg og alle dei hysteriske menneska. Kor blei dei av? Kva kommer til å hende viss ingen får vite at Jesus har vore her? Er det mi oppgåve å fortelje det til folk? Har Gud valt ut meg til å være budbringaren? Kva om…?

- Nei, nå begynner du å bli gal Kjell, tenkte eg for meg sjølv.

- Bare finn noen som trur på deg, så skal det nok gå bra skal du sjå, sa eg beroligande til meg sjølv.

 

På Moa var det blitt litt overskya, men likevel var det godt og mildt ute. Eg hadde på meg den nye Foo Fighters t-skjorta mi, ei kul dongeribukse, svarte og kvite sko i sjakkmønster og eit armband av lær. Håret var brunt og nyklippet, frisyren var på plass.

 

Eg var ein heilt vanleg gut på 16 år, namnet var Kjell Lyngås, hadde mange vennar og hadde eit herlekkert liv. Det var bare no, i dag, for nokre timar sidan, at alt hadde blitt snudd opp ned. Eg hadde sett Jesus, blitt klissvåt og mista muskelkrafta, og eg var tydeligvis den einaste. Men eg viste råd, eg skulle spørje Kristoffer, ungdomsleiaren i kyrkja der eg gjekk. Han måtte vel tro meg

- Interessant, Kjell. Veldig interessant.

- Ja, trur du meg, sa eg håpefullt.

- Nei, eg trur deg ikkje.

- Kva?

 

Kristoffer blei sittande heilt stille, røyrte seg ikkje, sa ingenting.

- Gå! Du kan ikkje være her, du hører ikkje til blant oss.

- Kva er det som skjer her, kva har skjedd med deg?, sa eg forskrekka.

- Du må klare deg aleine no.

 

Eg røyste meg frå stolen og så forskrekka på Kristoffer, han så veldig rar ut. Auga hans var store og blanke, hele kroppen hans var stiv, der han satt i stolen.

- Du må gå med ein gang Kjell, fort deg! Før dei andre kommer!

- Dei andre?

- Spring Kjell!

Eg snudde meg og sprang, tårane pressa på. Eg kunne ikkje skjønne...

Hadde eg blitt gal? Kvifor skulle dette skje meg?

Dette må være eit mareritt, skulle ønskje eg kunne vakne!

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst