"Kurt koker hodet" av Erlend Loe

En nynorsk bokomtale av Erlend Loes bok "Kurt koker hodet".

Skrevet på allmennlærerutdanningen.

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.03.22

Kurt er verdas beste truckførar. Han jobbar på kaia til Gunnar. Ingen båt har vore på Gunnars kai på fleire veker. Men det er nokre på kaia. Nokre som ikkje skal vere der. I ”Kurt koker hodet” rettar Erlend Loe fokus på Noreg og nordmenns haldningar til det framande og utanlandske. Boka er illustrert ved Kim Hiorthøy.

 

Kurt elskar å køyre truck. Kvar morgon har han gleda seg til å sette seg på trucken, og kvar kveld har han gleda seg til å køyre truck att. Men ikkje no lenger. Alt er ikkje som tidlegare. Gunnar har nemleg nekta å selje kaia si til ein oppkjøpar, ein ”ugrei og ekkel type” som truleg er nettopp det gutane på kaia til Gunnar fryktar mest; ikkje norsk. Som hemn for ikkje å få kjøpe kaia, bygde karen ei topp moderne kai rett attmed Gunnars. Det er ikkje noko anna å gjere enn å trikse med trucken og å sitje på kaikanten og ete leverpostei. Norsk leverpostei. Det er kollegaen Kåre svært opptatt av. Det som ikkje er norsk er mindreverdig. Ein dag toppar det seg da Kurt og sonen Bud finn ein containar full av innvandrarar på kaia.

 

Kurt og familien

Kurt koker hodet er skrive i tredjeperson. Det er den fjerde boka som er skrive om truckføraren. Kurt er verdsmeistar, og om kvelden les han bøker om korleis han kan bli betre. Kurt vil vere best i det han gjer. Han er gift med Anne-Lise, og ho får og vete at det er ein containar full av innvandrarar nede på kaia. Ho oppsøker dei og lagar fest. Ho strikkar klede til leiaren blant dei, Rashid. Fleire av oss kjenner oss kanskje att i denne interessa for det nye og ukjende, me blir så begeistra at me gløymer dei som står oss aller nærast, noko som gjer at Kurt og Bud sjølv må flytte til ein containar.

 

Bud er yngst. Han er ein oppegåande gut, berre to år, men han les og skriv, og har ein plan om å rømme med innvandrarjenta Fatima og gifte seg. Er det noko Bud ikkje kan, grunngjev han det med at han berre er to - tre år og ikkje har lært det enno. Bud verkar meir moden og vidsynt enn sin noko enklare far.

 

Kurts fortviling

Kurt mislikar situasjonen sterkt. Boka er ein farse som spelar på frykt for innvandrarar og tap av jobbane våre. Kurt opplever noko nordmenn ser ut til å frykte. Utlendingane presser nordmenn ut av arbeid, og da hjelper det ikkje om man er verdas beste truckførar. Særleg ikkje når Rashid, som Kurt byrjar bli mektig lei av, har studert 10 år på DKTB (Det Kongelege Truckakademiet i Bangladesh)

 

Håp

Det finst ei løysing på problema. Om kort tid kjem nemleg Kongeskipet, og den som får kongen til å leggje til på si kai er berga. Det vil nemleg medføre så mykje god omtale at det ikkje vil bli noko problem å få gjestar på kaia i framtida. Kan hende kongen kan trekke i nokre snorer og ordne opphaldsløyve til dei i containaren, som alle etter ei stund har kome fram til at ikkje er så ille likevel? Så blir det om å gjere å lokke kongen, dei andre har nemleg alt sendt ut invitasjon til pølsefest.

 

Språk

Erlend Loe brukar moderne språk. Det er ikkje i særleg grad brukt sterke språklege verkemiddel, men eit heller enkelt språk. Teksten er full av barnsleg humor, tull og tøv, pølser og leverpostei. Ting vaksne ikkje er opptatt av. Dette er ei barnebok, men kan underhalde lesarar i alle aldersgrupper.

 

Illustrasjonar

Kim Hiorthøy har laga artige illustrasjonar. Enkle og utan fargar, men nødvendige. Dei forsterkar leseopplevinga og gjer det heile enda artigare. Kva ville vel vi som lesarar skjøne utan ein forklarande illustrasjon når det skrives om å gjere avanserte triks med truck?

 

Moro for alle

Dette er ei bok for litt eldre barn og voksne. Innhaldet og det barnslege språket kan alle barn ha glede av, ein må nok vere litt eldre før man kan byrje å tolke dei underliggande tema. Den kan brukast på litt større barn som eit humoristisk skråblikk på norsk utanrikspolitikk og framandfrykt. Eg vil understreke at den ikkje på nokon måte er for sterk eller upassande for nokon aldersgruppe, men gledelig lesing for store og små!

 

 

Tittel: Kurt koker hodet, 131 sider

Forfattar: Erlend Loe

Illustrert av: Kim Hiorthøy

Forlag, utgjevingsår: J.W. Cappelens Forlag AS, 2003

Målform: Bokmål

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst