Søk i stiler
 

Kameraet mitt


Artige tanker om et kamera.
Sjanger:EssayLastet opp:04.02.2006
Språkform:NynorskForfatter:Anonym
Tema:Humor
Verktøy:Utskrift   Del på Facebook


Eg har eit kamera, det er svart. Eg likar kameraet mitt, eg likar faktisk kamera generelt. Gjer ikkje du? Kamera i alle fasongar og størrelsar, så kvifor ikkje like kamera? Dei gir oss minnar, dei lar oss gjenoppleva fine ting, og det liker eg. Kameraet mitt er svart, eg likar det. Likar du svart? Det er litt synd det der, svart er inga farge. Det er berre eit mørker langt kring ein ting. Mørkret skal ikkje det representera det onde? Eg finn ikkje noko ondt over mitt svarte kamera. Eg liker kameraet mitt, som er svart.

 

Kameraet mitt fins i fargar, oransje og blått for eksempel. Likar du det betre? Blått, som havet kanskje. Som eit glitrande hav på ein vakker sommardag. Men kven sa eigentleg at havet var blått? Kven vet, kanskje er det grønt? Som det lisle ordtaket sei, synet bedrar.

 

Bilete, kameraet mitt gir meg bilete. Eg likar bilete, gjer du? Kjendisar likar ikkje bilete. Paparatziar tar bilete av dei heile tida, inga privatliv! Kjendisar ser nok på kamera som eit monster, og monster assosierast med noko ondt, gjer det ikkje? Når ein høyrar ordet monster, tenkar ein på store, heslige og fæle skapningar som berre vil skade deg. Men kven sa at monster er så slemme? Har noen nokon gong blitt ete av eit monster? Eigentleg trur er at monster er harmlause, og for å sitere ei bok eg las ein gong. ”Du er eit nydeleg monster, kven kan vere redd for deg?”

 

Mitt kamera har teke mange bilete under mitt styre. Eg drivar eit diktatur meg kameraet mitt som statsborgar. Eg likar å ta bilete. Men kvifor gidder kameraet å gi meg bilete? Kvifor går det ikkje til revolusjon? Kanskje det ikkje er så revolusjonært av seg? Eg har eit kamera, det er svart. Eg likar det. Det har heile 4 megapixler, og det er digitalt. Det produserar bilete, av alt og ingenting. Eg likar kameraet mitt, det er svart.

 

Kameraet mitt har eit minnekort. Eit lite kort som er busett inne i det svarte kameraet mitt. Det er ein liten sak av plast og metall, det er der bileta er. Det er der dei bur. Bustaden deira. Tenk deg, å bu i ein liten brikke, eit lite kamerakort, så fælt? Eg trur eg hadde fått klaustrofobisk anfall eller slag av panikk. Er klaustrofobi ein sjukdom? Er fobiar sjukdommar? Viss det er, er eg sjuk.

 

Eg har eit kamera. Det er svart. Eg likar det, gjer du?


Kommentarer fra brukere


En gang i blant skrives det kommentarer som mangler seriøsitet eller som ikke har noe med oppgavens tema å gjøre. Hjelp oss å rydde! Klikk 'varsle' nederst til høyre på de meldinger du mener må bort. Så fjerner redaksjonen kommentarene etter hvert.

Linda
12.11.2007 18:26

Bra!
1
anbefalinger
Sinnsyk morsomt essay du har laget her...  Very Happy :-D
Ble nesten litt i bedre humør da jeg leste det!


Legg inn en melding!
Obs! Meldinger som ikke omhandler oppgavens innhold slettes. Det samme gjelder meldinger uten stor grad av saklighet.
Ditt navn      Din e-mail (valgfritt)
Din kommentar (HTML-tagger fjernes)





På forsiden nå!

Lyktes med Shakira-fleipen

Torsdag skal Shakira angivelig ha blitt mor til en liten gutt, hevdet kjæresten og toppfotballspilleren Gerard Pique - og lyktes med Twitter-spøken.

Les hele saken

   

Holmes tas av tidlig

Katie Holmes opplever nå at teaterforestillingen som er hennes første store oppdrag etter skilsmissen fra Tom Cruise, blir tatt av - svært tidlig.

Les hele saken







 
Req.time: 0.014 sec - 1 pageviews