Julestria

Kåseri om julens "stressende" kos.

Karakter: 4

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.01.17
Tema
Jul

Julegåver, julepynt, julekaker, juleditt og juledatt. Jula, nå er den her igjen. Med pinnekjøt, sju sorter kake, gløgg og nøtter tek den oss med storm. Jula, ei høgtid som står for fred og ta vare på kvarandre…… og litt stress.

 

Jula er ei tid då familie og vener samlast for å slappe av saman og mimre det gamle året. Mens ungane kvart femte minutt spør kor lenge er det til me skal opna pakkane.

 

Du kan jo bare sjå det for deg: Det fyrste ein må gjera er å få vaska heimen fin, den skal glinsa og lukte jul. Ein vaskar i alle krikar og krokar so sveitten rennar frå morgonen til seint på kveld. Men likevel seier me når nokon kjem på besøk ”nei eg skulle ha vaska litt meir”, sjølv om det ser heilt fint ut.

 

Det raraste er at ein lager peparkakar og anna julebakst midt i nedvasken av heimen eller rett etter at me har vaska ned og då er det mange som byrjar å vaske på nytt.

 

Den som orker å lage i stand til denne store ”julesuppa” ofte til ein heil bataljon fortener verkelig å få nyte litt godt av den. Bare tenk på innkjøpa; ca 100 liter brus, snopet, 4-8 kg pinnekjøtt, skinka eller ribba, og dette er bare ein liten del av innkjøpa.

 

So kjem matlaginga, ein startar frå morgonen med å laga risgraut med mandel, so går ein over til middagen. Her er det pølser, skinke med svor, surkål, poteter, saus og ikkje minst riskrem til dessert. Ein kan bruke ein heil dag på kjøkkenet på sjølve dagen med alt som skal etast. Når kokken endelig setter seg til matbordet og skal nyta julematen kommer uroa ” kanskje det ikkje er nok pote eller kjøtt??”. Då må far roe mor ned og seia ”her er mat i overflod, me kan sikkert eta i fleire dagar ”

 

Om mat innkjøpa er ille, kva då med gåve innkjøpa? Byen er full av gale folk som løpar rundt med ville blikk i augene. Alle springer dei rundt i landets butikkar med same mål: julegåver. Handlevogner som nesten knekker, de er so stappfulle at det tyter ut mellom sprinklane.. Folk som løpar maraton mellom butikkane i gatene, som er overpynta med nissar og lys allereie i slutten av Oktober. Ungane som peiker på alt dei vil ha. Me har folk med kredittkort, som allereie ligger nokon tusen etter i svingane, men det er ikkje so nøye i jula. Me har ikkje noko som heitar pengeproblem i jula, det gjeld berre resten av året. Hit og dit. Ein må jo være rask skal ein rekke alt.

 

Juletreet. Ja det er fars jobb. Far sitter i stova og koser seg i god -stolen, so kjem mor inn i stova og ber far om å henta juletreet. Far seier at det kan han vel gjere i morgon? So ringer telefonen og far blir sitjande og preike med naboen om når dei skal møtast for gåvebyttet med å dela ut pakkar til kvarandres born. Då kjem mor brasande inn i stova med kåpa på godt veg på og samstundes gir far eit blikk som kunne ha drepi. Han har fatta poenget, her er det berre å leggja på og henta inn juletreet viss ein vil bevare julefreden.

 

Når me først snakkar om jul so må me ikkje gløyme juleborda. Sesongen startar tidlig i november. Heile landet deltar og det er ein kamp om plassane. Vil ein ikkje vera med, blir  stadig spørja ut av kollegane. Kvifor ikkje, er du asosial kanskje ?. Er me ikkje bra nok ?. Dette er jo høgdepunkta gjennom heile året. Juleborda er den tida i året då firma og foreiningar over heile landet får sjansen til å samlast og preika om førre julebord og kven som vil være festens midtpunkt denne kvelden? Her får me servert julemiddag og gjerne gratis drikke. Kven vil vel gå glipp av gratis drikke? Eller underhaldninga: Kven hamner i seng med sjefens kone? Eller kven begynner å sloss?
Endelig er moroa i gang!

Endelig kan me slappe heilt av og ta heile jula med ro.

Jula er so ”stressende” koselig!

 

Glade jul, heilage jul
Englar dalar ned i skjul…

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst