Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Det blå rommet

Det blå rommet

Fortelling om Brumle Bjørn.

Sjanger
Fortelling
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
08.01.2006


Langt oppe på natthimmelen kan du sjå riket Kassiopia, og i den djupaste skogen der budde Rubaldurfolket. For mange år tilbake i tid vart den magiske steinen stolen, av den onde og grufulle rotta Råtne Rolf. Han ville bli mørkets herskar over riket Kassiopia. Så han gjemte steinen i det blå rommet slik at sola ikkje viste seg, og mørket tok over. Ingen unntatt tenarane til Råtne Rolf likte han. Men han hadde fått tak i den magiske steinen, og den som hadde den magiske steinen styrte riket.

 

Den store rotta Råtne Rolf hadde gjømt den magiske steinen i eit rom, slik at den ikkje kunne spreie lys og glede i riket. Den gang då Lord Laralus var konge og herskar over Kassiopia, var riket ein lys og vakker stad, grøne heier og enger så langt auget kunne sjå. Ein riktig fryd for auget.

 

No råda mørket og tåka over riket, ingen var lenger trygge. Ein hadde natta sine tunge pust i nakken kvar enn ein gjekk. Sola hadde ingen sett på 100 år, og viss den magiske steinen ikkje kom i rette hender snart, ville sola ein gong for alle forsvinne og aldri vise seg att. Hadde ein ikkje handla før måtte ein gjere det no, og det litt fort!


 

Den magiske steinen var av den finaste blåkrystallen i verda, og skein som ein diamant og alle verdas stjerner på ein gong. Det var den magiske steinen som holdt dagen lys, for uten den klarte ikkje sola å halde mørket borte. Alle levande i Kassiopia trengte steinen, for alle blomster og trer visna vekk utan ei sol å strekke seg mot.

 

Mange modige og tapre riddarar hadde prøvd å finne steinen før, men ingen hadde lykkast, faktisk hadde ingen kome levande frå oppdraget. Alle riddarar i heile riket hadde prøvd, og mislykkast. Og no var det ingen riddarar att i heile riket, og Laralus vart tyngre til sinns for kvar dag som gjekk. Ikkje ein gong ablegøyer kunne få han til å smile. Men så ein dag meldte Brumle Bjørn seg til teneste. Då sa Laralus ” Viss du finn det blå rommet og får tak i steinen, skal du få gifte deg med prinsesse Snørose”.

 

”Her har du litt niste på vegen, det vil bli ein lang tur!” sa musemor Minnie. ” Vær forsiktig! Ingen har kome levande der i frå. Sjølv den sterkaste og modigaste i riket ville skjevle i beina der inne. Det er ingen spøk å gå inn der aleine! Lykke til!” sa elgen Mosedott. ”Takk, alle saman! Eg skal ikkje skuffe dykk! Eg skal finne steinen å ta den med tilbake, vær ikkje redd!” sa Brumle Bjørn tappert. Og så la han i vei mot det blå rommet, som låg langt, langt og atter så langt inne i skogen.

 

Ingen lauv pryda dei små, spinkle, pistrete trestammane. Ein kunne tru det hadde vore ein brann her, som hadde tatt meg seg alt, for var det ingen ting å sjå. Lufta var tung og klam og ei rå lukt låg i lufta.

 

Han tusla og rusla opp og ned, hit og dit, i all slags vær. Ingenting hadde stoppa han enda. Men dess lengre inn i skogen han kom, vart det dystrare og stillare, no kunne han ikkje gå eit steg utan å sjå seg om.

 

Ingenting var trygt. Han var sikker på at noko følgde etter han, men kvar gong han snudde seg var det vekke. Reddare hadde han aldri vore, men han ville ikkje gje opp! Steinen skulle tilbake der han tilhøyrde.

 

Det brakte i ein kvist bak han, og denne gongen var han sikker det ikkje var nokon innbilling. ”Kven er det? Eg veit det er nokon der! Så berre kom fram!” sa Brumle Bjørn med sin brumlete stemme.

Ut i frå ei busk trådte ein liten skapning fram. Skapningen var ikkje stort større enn ein pingvin. Heile kroppen var blå,  nokon slitte klesfiller hang laust på kroppen, og over hovudet var det trekt ei lita kvit hue. ”Ikkje gjer meg noko, eg skal ikkje skade deg,” sa den lille blå skapningen.

”Nei vel, men kven er så du?” sa Brumle Bjørn.

”Eg heiter Smurfe Sam. Eg har følgd etter deg heile tida sida eg fikk vite kva og kvar du skulle. Eg har noko som kan hjelpe deg,” sa Smurfe Sam.

”Å, har du det? Kvifor har eg ikkje fått det før da? Og korleis kan eg vite at du snakkar sant?” svarte Brumle Bjørn skeptisk.

”Du har ikkje noko val, viss du skal klare å finne det blå rommet! Du har ikkje ein sjanse utan eleksiren min. Trylledrikken min er ein sanningseleksir skjønner du, og utan den finn du ikkje ut kvar det blå rommet er,” sa Smurfe Sam som begynte å få ein illande raud farge i kinna og tuppen på øyra.

”Kvifor er du så snill mot meg?” spurte Brumle Bjørn.

”Vi må vel alle gjere det ein kan for at sola skal kome tilbake. Men eg kan ikkje snakke meir med deg no, for viss rotta Råtne Rolf får vite at eg hjelper fienden, så er det over og ut med heile Smurfe slekta. Her har du nokon bjørnebær og, dei ville gjere deg super sterk, men berre bruk dei viss du må!”

Smurfe Sam forsvann like fort som han hadde kome.

 

Igjen var Brumle Bjørn heilt aleine. Plutsleg kunne han skimte omrisset av ei stor borg langt borte i horisonten. Då visste han at han var på rett veg. Han putta sanningstrylledrikka og bjørnebæra oppi taska si og vandra mot borga. Han såg mot vest der sola skulle ha voren no. Såg for seg korleis sola seilte ned over trena, og ga riket eit siste lysglimt og eit løfte om ein ny og fin dag når den stod opp att. Det var lenge sidan no, med minnet om sola i hovudet satte han opp tempoet. For det skulle ikkje gå fleire dagar utan sol no når han var så nær.

 

No låg den store borga framfor han. Stor, mørk og dyster. Han trakk pusten djupt og banka på den store porten. Ingen opna, han venta ei lita stund til før han banka på igjen, denne gongen av full kraft. Etter ei lita stund begynte hengslane til porten å knirke og hyle, og vips stod døra på vidt gap. Like fort som døra fauk opp sto to vaktar i sin fulle rustning der. ”Kven er du? Kva du gjer her ved borga til heilage Råtne Rolf?” sa ein av vaktane.

”Eg er Brumle Bjørn, eg er kome for å tale med Råtne Rolf!” svarte Brumle Bjørn.

”Her kjem du ikkje forbi,” sa vaktane i kor, og satte spyda i kross.

Brumle Bjørn tok handa ned i veska si og tak fram bjørnebæra som skulle gjere han supersterk. Etter eit par slag hadde han slått fullstendig ”knockout” på dei. Han såg det lyste i eit rom heilt øverst i tårnet, gjekk ut i frå at det var der han haldt til.

 

”Kven er det som tramper i mine trapper?” sa ein morsk stemme bak døra. ” Det er Brumle Bjørn! Eg vil vite kor det blå rommet ligg!” sa Brumle Bjørn bryskt. ”Mohahaha. Det vil du aldri få vite!” sa Råtne Rolf og opna døra. Brumle Bjørn heiv sanningseliksiren over Råtne Rolf. ”Jo da, det skal du! Kor ligg det blå rommet?” sa Brumle Bjørn.

”Nei! eg vil ikkje. Nei! Nei! Kva som skjer? Eg klare ikkje å la vere å sei det. Nei skjerp deg! Rommet er i ei grotte to km vest for borga mi. NEI! ” sa Råtne Rolf heilt fortvila over att han ikkje hadde klart å lyge. ”Det var det eg visste, du ville sei det. Men no går eg,” sa Brumle Bjørn og sprang ned trappene og ut av borga.

 

Framfor han låg grotta stor og open. Han opna døra og kraup inn, når han løfta blikket haldt han på å falle baklengs ut att. Heile rommet lyste opp, og dei blå veggane skein som diamantar og juvelar. Aldri hadde han sett makan, det var eit slik syn som tok pusten frå ein. Når han endeleg fekk tatt seg inn att begynte han å sjå seg om kring etter den magiske steinen.

 

Det tok han ikkje lang tid å finne steinen, den låg heilt inst i rommet på den finaste silken han hadde sett. Han gjekk fram og løfta varsomt opp steinen og bar den forsiktig ut. Med ein gong den kom ut, lyste den riket opp, og sola titta fram bak dei mørke skyene.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil