Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Studere ved UiB

Studere ved UiB

Dette referatet omhandler studering ved Universitetet i Bergen.

Sjanger
Annet
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
23.11.2005


Ved Universitetet i Bergen finn du eit mangfald av menneske frå ulike miljø og kulturar. Du velje mellom eit stort utval profesjonsstudium og studieprogram ut i frå dei interessene og karrieremåla du måtte ha. Du blir undervist av forskarar som er høgt utdanna innanfor fagfelta sine, og lærarane bruker mykje tid på å halde seg på topp fagleg.

 

Universitetet i Bergen tilbyr profesjonsstudium i mellom anna jus, medisin, odontologi og psykologi, samt ei lang rekkje studieprogram innan fagområde som historie, språk, samfunnsfag, IKT, naturfag, matematikk og økonomi.

 

Universitetet i Bergen er eit byuniversitet med sterk internasjonal profil. Av 17 000 studentar er 1 300 av dei frå ulike land verda over. Dei norske studentane kan velje å ta delar av studia sine ved over 300 utanlandske universitet.

 

Studietilbod

Universitetet i Bergen tilbyr nærare 60 treårige studieprogram og ei rekkje årsstudium. Dei mange toårige masterprogramma byggjer på bachelorgraden. I tillegg kjem femårige integrerte masterprogram og andre profesjonsstudium.


 

Profesjonsstudium er faste utdanningar som tek frå tre til seks og eit halvt år, og dei rettar seg direkte mot spesielle yrke i samfunnet. Ved UiB kan du bli lege, tannlege, tannpleiar, farmasøyt, jurist, psykolog, lærar, fiskehelsebiolog og samfunnsøkonom.

 

Eit studieprogram er ein tilrettelagt studieveg som fører fram til ein bachelorgrad eller ein mastergrad. Du følgje studieprogram i til dømes Midtaustenkunnskap, meteorologi og oseanografi, visuell kultur, samanliknande politikk og biologi.

 

Studieprogramma vil gi hjelp til fornuftige fagsamansetjingar slik at du får større utbytte av utdanninga di. Dei fleste studieprogramma vil ha fastlagde krav om kva du skal ta dei første semestra. Deretter kan du velje mellom tilrådde studievegar vidare, eller setje saman emne sjølv.

 

Slik bli du student

Det er ikkje så vanskeleg å bli student sjølv om mange fristar og val kan verke forvirrande. Viss du berre har ein viss idé om kva du vil studere, kan vi gi deg svar på dei andre spørsmåla.

 

<bilde>
     Det første spørsmålet er: Har eg den kompetansen som blir kravd for å bli teken opp som student?

<bilde>
     Det andre spørsmålet er: Kva kan eg søkje på?

<bilde>
     Det tredje spørsmålet er: Når skal eg søkje opptak, og kvar skal eg sende søknaden?

<bilde>
     Det fjerde spørsmålet er: Kva gjer eg når svaret på søknaden kjem?

<bilde>
     Det siste spørsmålet er: Kva skjer når eg startar på studiet?

 

Opptakskrav

For å blir student ved Universitetet i Bergen må du anten ha generell studiekompetanse eller realkompetanse.

 

Generell studiekompetanse

Generell studiekompetanse inneber at du har:

 

ANTEN

<bilde>
     fullført og greidd treårig vidaregåande utdanning

ELLER

<bilde>
     fagbrev eller sveinebrev

ELLER

<bilde>
     fylt 23 år i opptaksåret og har minst fem år med kombinasjon av praksis utdanning

I TILLEGG

<bilde>
     må du ha fullført og greidd faga norsk (14 veketimar), engelsk (5 veketimar), matematikk (5 veketimar), naturfag (5 veketimar), samfunnsfag som omfattar nyare historie (4 veketimar), og samfunnslære (2 veketimar).

 

Realkompetanse

Viss du ikkje har generell studiekompetanse, men er over 25 år, kan du søkje opptak til studium på grunnlag av realkompetansen din. Realkompetansen er definert som kunnskaper du har fått gjennom yrkespraksis, uløna arbeid, organisasjonsarbeid, etterutdanning , eller kunnskaper du har fått på anna vis. Du finn meir informasjon i søknadsskjemaet eller på nettsidene til Samordna opptak.

 

Fristar i det samordna opptaket

 

1. mars
Frist for å søkje om plass ved Universitetet i Bergen viss du vil ha vurdert realkompetanse. Det er også fristen for søkjarar med utdanninga frå land utanfor Norden, for søkjarar med IB, men Seinerskole og søkjarar som ber om særskild vurdering i forhold til poenggrensene.


15. april

Siste frist for å søkje om plass ved Universitetet i Bergen.

 

1. juni

Du skal ha motteke eit ”omslagsark”  med prioriterte studieønske. Dette er mellom anna ei kvittering på at søknaden din er motteken. Følg instruksen som er motteke.

 

1. juli
Frist for ettersending av dokumentasjon for det som skal vere opptaksgrunnlaget, og frist for å omprioritere studieønske.

 

18. juli

Svarbreva blir sendt.

 

26. juli

Frist for å svar på tilbodet til studieplass. Gjeld også ventelisteplass.

 

15. august

Studiestart for nye studentar ved Universitetet i Bergen.


Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil