Forsiden

Emnekatalogen

Søk

Sjanger

Analyse/tolkning (753) Anmeldelse (bok, film...) (638) Artikkel (952) Biografi (264) Dikt (1040) Essay (571) Eventyr (115) Faktaoppgave (397) Fortelling (843) Kåseri (612) Leserinnlegg (123) Novelle (1334) Rapport (624) Referat (174) Resonnerende (212) Sammendrag av pensum (182) Særemne (161) Særoppgave (348) Temaoppgave (1266) Annet (528)

Språk

Bokmål (8210) Engelsk (1643) Fransk (26) Nynorsk (1150) Spansk (11) Tysk (38) Annet (59)
Meny

Du er her: Skole > Eg er temmeleg sikker på at vi aldri kjem til å døy

Eg er temmeleg sikker på at vi aldri kjem til å døy

Prosatekst om vil, ung kjærleik. Ikkje innlevert til nokon slags skule.

Sjanger
Annet
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
04.10.2005

Eitt namn i borken på eit gamalt tre. Steinalderdrift og markeringstrong. Primitiv, eg meislar inn namnet mitt med kniv i treet. Aldri gløym meg. Vit at eg var her. Eg lever mykje kortare enn eg har lyst til å tenkje over, men eg tenkjer over det likevel, og det er kort, det er kortare enn eg vil det skal vere. Eg vil leve evig, kjenner eg, evig, i mange millionar år, få kilometervis med skjegg og bli så rynkete at ansiktstrekka mine forsvinn, krympe til eg vert einfemten, eg vil leve evig, og eg veit eg aldri kjem til å gå lei, eg vil leve, eg vil leve, eg vil leve.

 

To namn i borken på eit gamalt tre. Eg rissar. Hardare. Eg rissar til treet blør, det blør sevje, det blør, om ikkje i strie, så i alle fall i straumar, sevja renn nedover stamma, du står ved sida mi og ser på, og eg rissar alt eg kan med kniven min. Det står to namn i borken, og dette er stunda for store ord, eg veit no kva vi lærte alle framandorda for, det er no eg opplever det som rettferdiggjer eksistensen til desse orda, det kan berre vere slike stunder som det er vits i å kunne slikt til. Det er i slike stunder ein kan nytte store ord til krampa tek ein, utan at nokon tykkjer ein er latterleg, ein kan bruke fire banneord i kvar setning eller snakke gebrokken latin og ingen set spørjeteikn ved det. Proporsjon, Adekvat? Preposisjon! Hehe, sinus et vocabularum. (Tu et me ad æternam.) Det er som ein storslagen symfoni utan alle dei fine folka i dress og dei som læst som dei har greie på det, det er som ein symfoni der alle sit, lamma av kor fin musikken er, men eg har stukke av med komponisten, og no står du her ved sida mi og smiler, og dersom du visste kor fin du var, hadde du lurt litt på kor frisk eg var i hovudet mitt(eg vil vere frisk inni hovudet ditt), og du anar det ikkje.

 

Det er dette som uler gjennom beina dine, når du er ute på fjelltur og har våte klede og nesten frys i hel om vinteren og vinden blæs. Det er dette som ligg under føtene dine over alt der du går, i graset og i asfalten. Det er dette som knekk i fingrane dine når du bøyer dei bakover(knekk). Det er dette som pumpar i årane dine og er raudt. Ein symfoni med lamma folk, dei sit med kjeften open, spytt rennande ned, ikkje ein symfoni, ein konsert med ein cello raud som blod til solist, blodet ditt sirkulerer i denne celloen, kapillær, arterie, vene, forkammer, dunk dunk, dunk dunk, dunk. dunk. dunk. dunk dunk, dunk dunk, dunk dunk, dunk dunk dunk dunk. dunk, og ingen klarer la vere å høyre på. Kan du høyre hjernen min knake? Kan du kjenne tankane mine brake? Ung mann. Ung kvinne. No slappar eg meir av.

Legg inn din oppgave!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp stil